mandag, januar 30, 2006

Det løner seg ikkje her eingong. Korleis skal då vi i Noreg få det til ?


Kven skal få lov til å
produsere maten vår?

Eit betimeleg spørsmål i desse WTO-tider skulle ein tru.


Før eg går vidare, vil eg berre kome med ein tilstandsrapport frå den verkelege verda.

  • Oljealderen går mot slutten. Mykje tyder på at tilgangen allereie er er mindre enn etterspurnaden og sjølv usikre rykter om reduksjonar i leveransane sender prisane til himmels. Matvareproduksjonen i verda er heilt avhengig av ei stabil tilførsle av billig energi i form av olje og gass.
  • Klimaet på jorda er i endring. Ein kan krangle til ein vert blå om kor menneskeskapte endringane er, men endringane skjer. Det ser ut som om dei vert store og dei vil få konsekvensar for jordbruket og for kvar på jorda det vil vere mogleg å produsere mat i framtida.
I WTO-forhandlingane er der mange og harde frontar. Til dømes mellom dei som vil ha frihandel med matvarer og fjerning av alle subsidiar på den eine sida og dei som vil behalde både grensevern og subsidiar på den andre. Brasil og Frankrike er representantar for kvar si side i denne striden. Det rare er at begge nasjonane har naturgjevne tilhøve som skulle gjere dei svært konkurransedyktige i ein liberalisert marknad. Dei store interessemotsetnadene må då ha andre årsaker, mellom anna skilnader i kostnadsnivå og sosiale tilhøve.

Sjølv om det kan verke som om verda for tida fløymer over av mat, må ein være klar over at dette kan endre seg raskare enn ein skulle tru. Vi veit også at dei internasjonale matvaregigantane i ein marknad der matvarer er undrelagt same handelsreglar som baderingar og plastkattar vil produsere råvarene sine i dei landa der fortenesta er størst. Så er tusenkronersspørsmålet: Kven skal produsere maten på stader der det løner seg dårlegast dersom behovet skulle melde seg ? Skal vi dømme nokre utvalde til fattigdom eller skal vi først som sist innsjå at jorbruket må står i ei særstilling og må underleggast andre reglar enn dei fleste andre næringar? Kan hende kan denne artikkelen tene som utgangspunkt for litt tankeverksemd om dette.



Til slutt eit lite sitat:

So high-tech is not used to abet good husbandry, but to make bad practice possible.
COLIN TUDGE

onsdag, januar 25, 2006


Livsløpsbustad ?
Tenk deg at du bur i ein skyskrapar. Kjøkenet ditt har du i toppetasjen, kjøleromet i kjellaren, soveromet 20. etasje, badet i 5. og stova i 30. Galskap, men det går kanskje så lenge du har ein lynrask heis som aldri er i ustand.
Vi er i ferd med å innreie verda like håplaust som skyskraparen ovanfor. Det er det som vert kalla globalisering. Problemet vårt er at heisen med tida vil gå tregare og tregare og straumrekninga vil verte større og større. Det er på høg tid å tenke livsløpsbustad medan vi har handlingsrom. Men det vil vel kome på kollisjonskurs med marknadslover og handelsreglar er eg redd.

tirsdag, januar 24, 2006


For godt til å være sant

Tenk deg situasjonen:
  • Eit av resultata av forhandlingane i verda sin handelsorganisasjon vert redusert mjølkeproduksjon i Noreg og dermed mindre behov for kraftfor. Store kornareal vert liggande til inga nytte og eigarane av attlegene vert gåande å sparke småstein, ein aktivitet som korkje er helsesam for fotty eller omgjevnader.
  • Noreg inngår internasjonale avtalar der vi forpliktar oss til å ta i bruk ein viss prosentdel fornybart drivstoff.
Kan du tenkje deg noko meir logisk enn å ta i bruk dei ledige areala til produksjon av råstoff til biodiesel ? Noko betre eksempel på ein vinn-vinn situasjon skal ein leite lenge etter.

Men så kjem han sigande, skepsisen.

Er det så sikkert at vi som lever i eit land der vi produserer kun 50% av maten vår, skal nytte den beste matjorda vår til å produsere drivstoff som delvis skal nyttast til transport av av ein auka import av matvarer. Matvarer som ikkje er produsert meir energieffektivt enn det ein kan få til i Noreg.

Men det verkeleg store spørsmålet er vel om vi, når ein ser bort frå kortsiktige økonomiske vurderingar og ser dei fysiske realitetane i kvitauget, kan seie at vi har ledige kornareal i Noreg i det heile. Vi lever trass alt i ei verd der teikna vert tydelegare og tydelegare på at vi er på veg inn i ei framtid der tilgangen på rimeleg energi vert mindre enn etterspurnaden. Ein skulle tru det er rettare å nytte ut solenergien, som er drivkrafta i fotosyntesen og den einaste verkeleg fornybare energikjelda vi har, til å produsere mat direkte. Då samlar ein meir solenergi di større areal ein nyttar og ein kan redusere på innsatsfaktorar som t.d. kunstgjødsel. Å gå via biodiesel vert ein omveg.

mandag, januar 23, 2006


Globaliseringa og 1812

Napoleon i dei aude gatene i Moskva hausten 1812. Eg såg det på fjernsyn for svært mange år sidan. Så lenge sidan at sendinga gjekk i svart-kvitt. Det er i allefall lagra i svart-kvitt. Kvifor scena har brent seg så godt fast veit eg ikkje. Men ho dukkar ofte fram i minnet når ordet globalisering vert nemnt.

Som dei fleste kjenner til, hadde Napoleon sitt felttog i Russland eit katastrofalt utfall for franskmennene og vil vel for alltid stå som eit symbol på stormannsgalskap og manglande berekraft.

lørdag, januar 14, 2006

"Skal tru om det vert topptungt ? "

Her ser du to kjenningar frå barnelærdomen. Ein frå naturfaget og så gamle Maslow. Eg må vedgå at eg får visse assosiasjonar når eg ser dei saman.

Det verkar som det ligg i menneskenaturen at vi alltid vil streve mot toppen av pyramidene. Sannsynlegvis er det lite å gjere med det. Men ein må vere klar over at det vert ein risikosport dersom vi ikkje garderer oss mot at pyramidane smuldrar opp nedanfrå.