torsdag, mars 23, 2006

Straumkrise og bedriftsøkonomi

Vi er sannsynlegvis bortskjemde, men når vi først er vande med at der kjem lys i pæra når ein slår på brytaren, er det vanskeleg å forsone seg med tanken på at det ikkje skal være ei sjølvfølge lenger. Einkvan har ansvaret. Kven denne "einkvan" er, er ikkje så lett å få tak på. Tidlegare kunne ein rope på det offentlege, men etter at elforsyninga vart underlagt same reglar som anna næringsverksemd, er der ingen i andre enden lenger. Det vi før såg på som eit gode vi hadde rett på, til liks med helsevesen, skulegang, vatn i springen og post i postkassa, er no underlagt strenge bedriftsøkonomiske vurderingar. Dette utsnittet frå dagens leiar i Dagens Næringsliv skulle illustrere tankemåten:

"Vårt råd til staten er det samme når det gjelder overføringskabel som gasskraft uten CO2-utslipp: Vent til det er lønnsomt. Og hvis kabelen er lønnsom, er det ingen grunn til at staten heller skal legge pengene i Statoil/Shells gasskraftverk enn i den."

Tanken er altså at ein ikkje skal gjere noko med straumforsyninga før krisa har framprovosert så høge straumprisar at prosjektet isolert sett vert lønsomt. Basta. Dei fleste veit at det å bygge kraftliner eller gasskraftverk tek tid, men dei menneskelege og økonomiske konsekvensane dette vil ha, tel ikkje i denne rekneskapen. Kan hende vil enkelte sjå på det som eit skræmande scenario dersom same tenkemåten skal gjennomsyre all forvaltning og samfunnsplanlegging.

søndag, mars 12, 2006

Men størst av dei er.........handel?

For ein lekmann (med nokre få, sjølvoppnemnde unntak, er vi i den katagorien alle saman på dei fleste område i livet) kan det vere eit problem at ekspertane, dei ein burde kunne stole på, synest å arbeide med vasstette skott mellom seg. Det hadde t.d. vore interessant å sett ein økonom rekne ut verdien på lasta Noah hadde med seg i arka, men det er lite truleg eg får oppleve å sjå det reknestykket.
Det er nokre månader sidan no at WTO-tingingane var godt stoff i media. At det er stilt for tida, tyder ikkje at tingingane har stogga, men alle redaktørar med næringsvit har skjøna at vi har fått nok. Mange meiner likevel at det er naudsynt å få i stand ein avtale. Så kan ein spørje seg, kva er vitsen med all denne frie handelen? Heldigvis har vi ekspertar til å svare på slikt:
"Poenget med handel er at man produserer det man har et komparativt fortrinn i produksjonen av. For Norges del er det for eksempel fisk, energi og kunnskapsintensive produkter. Det er i hvert fall ikke jordbruksvarer."
forskar ved Samfunns- og næringslivsforsking ved NHH

OK. Men kan vi vere trygge på at ein i ei næringsnøytral verd der politikarar og styresmakter får mindre makt og overlet meir til det private og dei store internasjonale selskapa, får betre føresetnader til å møte dei verkelege store utfordringane som t.d fattigdom, klimaendringar, rovdrift på natur og livsgrunnlag og ei global energikrise? Evolusjonsteoretikarane har kome fram til at vi menneske til liks med andre dyr, ikkje har nokon innebygd "GPS" som sikrar at vi oppfører oss på ein måte som sikrar livsgrunnlaget for oss som art. Inga trøyst å få frå den kanten.
"Gjennombruddene (i evolusjonsteorien) omfattet også å slutte å tro at dyr oppførte seg til ”artens beste”. I stedet ble det snakk om individenes beste, og dypest sett fordeler for de genene individene bærer. Dyr er f.eks. ikke snille med hverandre eller lar være å angripe hverandre til artens beste, men fordi dyrene selv kan tjene på det i en rekke situasjoner."
cand.scient. i zoologi og doktorgradsstudent ved Biologisk institutt ved UIO.
Kan det tekjast at forbrukarmakta er redninga? Ikkje særleg sannsynleg om vi skal ta omsyn til kva Adam Smith har å seie.
"The real price of everything, what everything really costs to the man who wants to acquire it, is the toil and trouble of acquiring it."
Adam Smith,
grunnleggar av den moderne marknadsøkonomien
Dt gjer ikkje saka enklare for ein stakkar at informasjonen vi får, sjølv frå store og seriøse næringslivsaktørar, langt frå alltid er i samsvar med realitetane. Det må vere lov å prøve seg, men eg vonar at dei fleste er samde med meg i at det å gå ut slik oljeselskapet Exxon Mobil gjorde 2.mars i nettutgåva av New York Times er å gå litt for langt. Sjå permalinken i neste post.

tirsdag, mars 07, 2006

Kinder-egg, minst tre ting på ein gong



Ein skulle ikkje tru det gjekk an. I dag var Kenya Airlines vertskap for representantar frå The Boeing Company for å feire kjøp av 6 nye "786 Dreamliner". Snakk om perfekt timing:

  • Kenya svelt. 3,5 millionar er hjelpetrengande. Naturen har hoppa over to regntider og store område er så tørre at der ikkje gror mat, verken for folk eller dyr.
  • Det er etter kvart stor semje om at tørken er eit resultat av dei globale klimaendringane.
  • Trass i at enkelte vel å ikkje tru på det, er eg godt selskap når eg hevdar at utslepp av klimagassar i alle høve er ei medverkande årsak til klimaendringane.
  • Transportsektoren er kjelde til ein svært stor del av utsleppa og utsleppa frå luftfarten er særleg skadeleg i og med at drivhusgassane vert slepte ut i stor høgde.
  • Så er det dette med framtida for luftfarten i det heile. Det er ein bransje som er heilt avhengig av tilgang på rimeleg drivstoff. Differansen mellom produksjonsevne og etterspurnad minkar stadig, enkelte hevdar endåtil at vi allereie har passert "peak oil" med dei konsekvensane det kan få.

søndag, mars 05, 2006

Er ei god nyheit alltid godt nytt ?


Det går så det grin i det lokale næringslivet for tida. Bustadbygginga i Møre og Romsdal var rekordstor i fjor, og bransjen har fulle ordrebøker. I Kristiansund åleine er det planlagd 450 nye bustader. Ein skulle tru at dette var godt nytt og isolert sett er det vel det også.

Men så var det dette med å ha to tankar i hovudet på ein gong. Ei av dei sakene som er mest framme i lokale media for tida er den komande kraftkrisa i Midt-Norge. Vi har allereie underdekning av elektrisk kraft og når Ormen Lange vert sett i drift, vil underskotet verte så stort at vi kan risikere straumutfall og rasjonering. At straumprisen vil auke mykje, har vi allereie sett dei første teikna til.

Eit straumforbruk på 20000 kWh i året er ikkje uvanleg i ein einebustad. Kvar nybygd einebustad i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka vil altså bidra til å auke kraftunderskotet med 20000 kWh i året. Samanlikna med auken i kraftbehovet til industrien er kanskje ikkje dette noko å skrike opp om, men likevel........Dei 450 planlagde bustadene i Kristiansund representerer eit forbruk som tilsvarer det ei stor vindmølle produserer. (Ulempen med vindmøller på våre kantar er at dei produserer minst når behovet er størst. Kuldeperiodar og vindstille er trufaste fylgjesveinar hos oss. )