søndag, august 27, 2006

Framtidsvon. Von om kva ?

Kva ventar oss der framme?

Fire gongar i året offentleggjer bladet Økonomisk Rapport "Forventningsindikatoren". 1000 norske husstandar vert intervjua om korleis dei ser på framtida. Ikkje uventa er fokuset på forventningane vi har til eigen økonomi og forbruksvekst.

Framtidsvon er noko vi alle treng, men eg trur vi må vere svært medvitne kva verdiar vi knyter henne til. Evig ungdom har til dømes synt seg som eit svært deprimerande alternativ i lengda.

Vi som er oppvaksne siste 60 åra i Noreg har opplevd ein jamn velstandsvekst og har i stor knytt forventningane våre til auka forbruk. Og vi har fått som forventa. Hittil.

Ser vi derimot dei fysiske realitetane i augene, skal ein ikkje være meir enn normalt pessimistisk for å innsjå at dette ikkje kan halde fram i all framtid.

Skal vi behalde framtidsvona vår, utan å lure oss sjølve, må vi altså knyte henne til andre og meir varige verdiar enn dei som vert målte i Forventningsindikatoren.

Neste Forventningsindikator vert offentleggjord 12 september. Lenke finn du her: Trykk

mandag, august 21, 2006

Gamletaarupen og bakskåren


Det var det. No skal han pensjonerast, gamletaarupen. Eg trur ikkje på eit liv etter kontaineren for forhaustarar, eg veit alt for mykje om rust til det. Men hadde eg gjord det, hadde eg ynskt han eit lukkeleg liv på dei evige slåtteteigane der graset alltid er i byrjande skyting, og der blauthol, opne avskjeringsgrøfter og bakskårar ikkje finst.

Googlar du "bakskåre", får du ingen treff (inntil vidare). Kan hende er det eit ukjent omgrep for deg og, så lat meg forklare litt: Ein forhaustar heng på sida av traktoren og når ein haustar graset frå utkanten av jordet og innover mot sentrum, vil det stå att eit par meter med uslege og nedkøyrt gras langs ytterkantane når ein er ferdig. Då må ein snu og køyre andre vegen for å få med seg bakskåren. Dette er tidkrevande og kronglete, men heilt nødvendig dersom ikkje gråor, bjørk og lønn skal ta overhend. Eg fann i førre veke 40 cm høge ospeskot i enga, berre 6 veker etter førsteslåtten. Det skulle seie noko om tidsperspektivet.

Dersom ein gjorde ein økonomisk analyse, ville ein truleg kome fram til at det er heilt forkasteleg å bruke tid på å slå bakskåren. Tidsforbruket pr. lass kan verte 2-3 gonger det normale. Men når vårknipa kjem, er alle sauetugger like kjærkomne og ingen spør kvar graset kjem frå. Hovudsaka er at foret varer til beiteslepp.

Slik sett er nok jordbruket i Noreg ein bakskåre samanlikna med slettene i Brasil og Dakotabakkane, men konsekvensane av å forsøme bakskåren er dei same uansett.

mandag, august 07, 2006

På tide å få inn klesvasken



Skal seie dei var heldige med veret, arrangørane av "Saudehornet rett opp". Dette biletet er teke frå Nivane dagen etter....

Ser du nøye i framgrunnen, kan du sjå restane av rasførebyggingane som vart sett opp etter rasvinteren 1968. Slik har det lege i over 30 år. Det er vel kanskje på tide å rydde opp?