tirsdag, november 28, 2006

Er naturen ein seriøs leverandør ?


Det et stilt i skogen for tida. Hjorterautinga morgon og kveld har stilna. Det skulle tyde på at neste års kalvar stort sett er i boks og at bukkane, som har vore opptekne med allt anna enn eting siste to månadene, kan nytte tida til å legge på seg litt før kulden set inn og snøen legg seg for alvor.Ja,ja, korleis det vert denne vinteren er ikkje godt å seie. Eg høyrer at Meterologisk Institutt startar pollenmålingane allereie førstkomande mandag.

Ein kan saktens undre seg over kvifor det er slik, at hjorten er programmert slik at bukkane nærmast gjer seg til vrak rett før dei går inn i vintertida, medan mange andre dyr får nytte tida til å førebu seg på dei harde tidene. Svaret er sjølvsagt at neste generasjon skal få ein optimal start. Kalvinga skjer i månadskiftet mai-juni. Då har kolla allereie fått i seg dei første næringsrike spirane og kalven vert fødd i det naturen eksploderer. Om bukken overlever vinteren er mest utan betydning, han har fått overført genane sine. Så viseleg og så brutalt har naturen ordna det.

Landbruksnæringa i Noreg får kritikk for at ein ikkje kan levere ferske råvarer året rundt. Skal ein vere ein seriøs, framtidsretta aktør, er det eit minstekrav. Og dei prøver så godt dei kan. Eit av tiltaka er å satse på Dorset-sauen, ein rase med ein genfeil som gjer at han kan kome i brunst året rundt og og kan få lammekull med 8 månaders intervall. Ein vil då sjølvsagt kunne produsere slaktemogne lam året rundt med inneforing og kraftfor. Men ein har fjerna seg ganske mykje frå den naturlege syklusen til sauen, som liknar mykje på hjorten sin.Det er for meg eit paradoks dersom lønsemda i ei næring som profilerer seg med lam på grøne fjellbeite skal verte avhengig av driftsformer som utviklar seg i ei heilt anna retning.

For kva vil det seie å vere ein seriøs leverandør ? Det er ikkje godt å finne nokon ferdiglaga, generell definisjon på det, men eg prøver meg med ein heimespøta.

-Ein seriøs leverandør skal levere rett vare, i rett mengd, i rett kvalitet, til avtalt tid og til avtalt pris.

Mykje tyder på at næringar som baserer seg på å fylgje syklusane i naturen går harde tider i møte. Naturen let seg nemleg ikkje tvinge inn i snevre definisjonar. Dei som styrer med logistikk vil ikkje få nokon enklare jobb med tida. Ein kan sjølvsagt redusere skadeverknadene ved å nytte driftsformer som ikkje er så avhengige av den upålitelege naturen, men eg kan ikkje skjøne anna enn at dette må vere ein tankekross for Petter Stordalen & co. I det siste har dei anklaga næringa for ikkje å satse på økologiske varer, men samstundes krev dei ein høg grad av leveringstryggleik. Eg trur rett og slett ikkje at naturen stettar krava til å få tittelen "seriøs leverandør".

fredag, november 24, 2006

I´ve got mail











Skuddsalve til surkålen
Hva med en skuddsalve til surkålen? Nå kan du få en gratis filmfremvisning i julegave fra Telenor, og du velger selv om du vil kose deg med kruttrøyk, tårer eller latter.

Eg fekk E-post i dag. Frå Telenor. Emne var "Julegave til deg". Er det ein ting her i verda eg ikkje treng, så er det skotsalvar til julemiddagen.

Sjefen i Telenor heiter Jon Fredrik Baksaas. Han var i vinden for litt sidan i samband med at han hadde tent så usannsynleg mykje på å realisere nokre opsjonsavtalar han hadde inngått med arbeidsgjevvaren sin.

Det store ansvaret som ligg i det å vere toppsjef for eit slikt stort selskap vert nytta for å rettferdiggjere den enorme godtgjerdsla. Dessutan må ein ha ei gulrot for å gjere ein verkeleg god jobb, det ligg djupt i menneskenaturen. Nedanfor ser du kursutviklinga som ligg til grunn for utbyttefesten.

Men så er det eg tenkjer.:Er ikkje Telenor ei tenesteytande bedrift, som skal leve av å levere gode teletenester til privatfolk og bedrifter ? Og er ikkje Baksaas ansvarleg for desse også ? Han er vel ikkje sjef berre andsynes bedriftseigarane ?

I veka fekk eg høyre at eg er av dei som vert plassert bakerst i køen på Telenor sin kundeservice av di eg ringer for lite. Tenestene dei leverer kan eg skaffe meg rimelegare andre stader og så får eg ei slik julegåve. Nei, det er berre latskap som gjer at eg framleis er Telenorkunde. Burde ikkje kvaliteten på tenestene også vere retningsgivande for løna til Baksaas ?

Dessutan, eg et ikkje surkål til julemiddagen.

tirsdag, november 21, 2006

Jorda sett frå Løpogkjøp




Ho strevar litt, jorda, stakkar. Dei seier at temperaturen aukar, isen smeltar, havet stig, orkanane vert fleire og sterkare, grunnvassspegelen søkk, regnveret vert heftigare, regnskogen forsvinn, ørkenane veks, matjorda vert utarma....Nei, stopp, stopp.. Alt dette kan vi ikkje ta inn over oss. Og så sier dei attpåtil at vi har skulda. Men det er no heilt umogleg, jorda er då så langt borte. Nei, eg trur dei overdriv, sjå berre kor vakker ho er, Klinkekula.

Ein gammal klisje seier at strutsen stikk hovudet i sanden når verda vert for komplisert og utfordringane for store. Vi stikk ikkje hovudet i sanden, vi tek med oss pikkpakket vårt og reiser over til Løpogkjøp, planeten der lovene er enkle, pengane raske og overskotet vert skumma og dokumentert ved sanselaust sløseri på Stureplan sine mange nattklubbar.

Enkelte vel å halde seg på jorda og prøve å ta tak i problema. Ikkje alle gjer det like enkelt for seg sjølv. Her er eit døme, eit sitat frå ein artikkel som har vore publisert i fleire aviser og nettstader. Eg har henta han frå Dagbladet, herifrå: Til artikkel

-Man skulle tro det var en aprilspøk, men NASA sponser nå forskning på en stor solskjerm som i fremtiden kanskje kan berge Jorden fra klimakatastrofe.

Det høres utrolig ut, og bedre blir det ikke når man hører at den påtenkte solskjermen skal være 90.000 kilometer stor, og ligge halvannen million kilometer unna oss. Den skal bestå av flere milliarder mindre skjermer som må skytes ut over en tiårsperiode.


Ein av (dei mange ) tinga eg finn fantastisk ved artikkelen er at alle stader eg har funne han, har eg kunna lese at skjermen skal vere 90 000 km stor. Eg vonar verkeleg at dette er ein kombinasjon av trykkfeil, hastverk og dårleg korrekturlesing. Dersom dette derimot reflekterer kunnskapane i elementær matematikk, vert eg litt redd. Etter det eg skjønar er mediestudiet eit av dei vanskelagaste studia å kome inn på og krev meir enn 6 i gjennomsnitt frå vidaregåande, men dette vert då som å skrive "5 meter mjølk" på hugselappen sin.

Når nokon seier at "Det er ikkje akkurat rakettforskning vi driv med", så meiner ein at ein driv med noko enkelt som dei aller fleste kan greie. Men omgrepet seier oss også at rakettforskning er noko for dei få, eliten, dei mest talentfulle og kunskapsrike. Det er då litt skræmande at NASA, av alle, går inn for eit slikt umogleg prosjekt. Kan hende vil dei gjere like stor nytte for seg over på Løpogkjøp, men er problemet at dei allereie har flytta?

onsdag, november 15, 2006

Vi får vona at Godot snart dukkar opp

Teng deg at du fekk ripsbæret til å forsvinne sporlaust. Dette vesle bæret ville då etterlate seg 25 billionarJoule. Sagt på ein annan måte, nok til å dekke ein dags energibehov til 3,5 millionar menneske eller årsbehovet til om lag 350 gjennomsnitts einebustader. Ikkje akkurat slankekost med andre ord.

Berre tull ? Kanskje, men det er dette som er prinsippet for all kjernekraft. Ein får i stand ein kjernereaksjon der sluttproduktet er lettare enn råmaterialet. Vektdifferansen puttar ein så inn i Einstein sin formel og vips, så sit ein att med utrulege energimengder. På papiret. Men det verste er at det er samsvar mellom teori og praksis. Det er berre ein hake ved det heile. Vegen frå teori til praksis er så utruleg lang og kronglete. I enkelte tilfelle kanskje uframkomeleg.

På den tida då TV var synonymt med NRK og NRK forvalta sanninga, såg eg eit program om fusjonsenergi.Fusjonsreaktoren skulle skaffe oss nok energi i overskueleg framtid. Det var berre eit spørsmål om å overvinne nokre få praktiske problem, så var det heile i boks. No, vel 30 år seinare, ser vi korleis det gjekk. Det verkar som om lufta har gått fullstendig ut av ballongen.

I desse 30 åra som har gått, har vi oppført oss som om den endelege løysinga var rett rundt hjørnet. Ikkje akkurat noko sjakktrekk, ser vi no.

I gamle dagar var tysdagskveldane reservert for fjernsynsteater på NRK . Det var ikkje akkurat høgdepunktet i veka, for å seie det slik, men eg kan tydeleg hugse dei to ventande landstrykarane i oppsetninga av Samuel Beckett sitt stykke "Mens vi venter på Godot". Som kjent dukka denne Godot aldri opp.

No får vi høyre at thorium er det store, nye vidundermiddelet. Ein thoriumreaktor er mykje tryggare enn ein som nyttar uran som brennstoff, sluttproduktet er mykje lettare å handtere og thorium fins i uhorvelege mengder i høve til uran. Om no verkeleg Godot skulle dukke opp denne gongen, veit vi minst to ting: Han vil tidlegast kome om 20 år og om han kjem, vil han ikkje representere den endelege løysinga. Berre eit bidrag.

Så får vi sørge for å oppføre oss klokare enn Vladimir og Estragon medan vi ventar.

fredag, november 10, 2006

Pragmatikarar og glasgopler



Kva tenkjer du på når du les ordet "pragmatisk" ? Ser du føre deg ein person med ryggrad som ei glasgople ( eller glassmanet om du vil) ? Då er du truleg ikkje åleine. Eg har inntrykk av pragmatikarane mellom oss slit med eit dårleg rykte. Er så dette fortent eller ufortenet? Vi kan byrje med å sjekke kva ordboka seier.

pragma´tisk adj.
klok, innsiktsfull
allmennyttig
praktisk, formålstjenlig
som gjelder statssaker
som gjelder handlingers og begivenheters indre sammenheng
i uttr. pragmatisk historieskrivning historieskrivning som prøver å klarlegge historiske hendelsers årsaker og virkninger og av det trekker lærdommer for fremtiden

Kva er så det motsette av å vere pragmatisk ? Er det å være prinsipiell ? Vi kan sjekke ordboka ein gong til.

prinsipie´ll adj. lat.
som er i samsvar med prinsipper
som angår kjernen i en sak, som bygger på grunnsetninger, grunnvesentlig

Ser du nokon motsetnad her? Etter mitt vit er det ikkje eit enten eller her, men eit både og.

Eit lite praktisk eksempel:

Eg kjenner folk som meiner at når du tenner bål, skal det skje med kun ein fyrstikk og utan papir. Tennbrikettar, rødsprit og liknande kjem sjølvsagt ikkje på tale. Lat oss no tenke oss at du er ute på tur ein råkald vinterdag, langt frå folk. Du er gjennomblaut og kjenner at frosten er ferd med å få overtaket. Ei krasafaren steinbu, som Hellbillies syng om, vert redninga di og til di store glede ser du at der ligg ved i peisen. I vedkassen finn du ei nesten tom fyrstikkøskje, ein gammal Sunnmørspost og eit par tennbrikettar. Kva gjer du ?

Svaret skulle vel gi seg sjølv. Men gjer dette deg til ein dårlegare person ? Sjølvsagt ikkje. Du har rett nok vore pragmatikar, men du har også handla i samsvar med meir overordna prinsipp.

Som menneske er vi utstyrte med grov- og finmotorikk. Eg ser føre meg at grovmotorikken kan stå som bilete på prinsippryttaren og at pragmatikaren i oss står for finmotorikken.

På same måte ser eg føre meg at eit demokrati burde fungere (no må du ikkje gløyme definisjonane frå ordboka ). Det er derimot duka for store vanskar dersom ein på høgste hald t.d. ikkje kan skilje mellom prinsipp og forretningside.

Eit lite døme vil kanskje syne deg kvar eg vil:

Økologi er eit trendy ord og økologisering av landbruket er ein av strategiane styresmaktene vil nytte for å halde liv i næringa. Dette er vel og bra, men kva når ein som økologisk mjølkebonde må auke dieselforbruket sitt med 50% og kjøpe større, tyngre traktor og reiskap for å overleve ? Berre for å kompensere for avlingstapet han opplever ved omlegginga. (Han må auke arealet). Det er då det vert konflikt mellom prinsipp og pragmatisme. Men når no superkjendisane et økologisk og startar økologiske restaurantar opp og nedføre, er det sikkert ein brukande forretningside. På kort sikt altså. Men eg kan ikkje skjøne anna enn at det må vere vondt for ein ekte økolog å vere med på.

fredag, november 03, 2006

Oskeladden og dei gode hjelparane II


Det var ein gong,osb....


Du hugsar sikkert eventyret om Oskeladden og dei gode hjelparane. Dette er framhaldssoga.

Espen hadde det godt i kongsgarden, men kongen, som kongar flest, hadde det frykteleg travelt. Han fekk ikkje tid til å nytte den fine skuta han hadde fått. Det vart så som så med vedlikehaldet og etter eit par år la han likegodt skuta ut for sal på Finn dott no. Espen , som levde på apanasjen til prinsessa, hadde ikkje eigne midlar. Det hadde derimot bror hans, Per, som hadde slege seg stort opp på sal av hyttetomter og han bladde opp dei nødvendige 5 millionane. Delvis som eit slags takk for sist til veslebror sin.

Så var det slik at Per måtte utanlands eit par år og ikkje hadde høve til å passe på skuta si. Han vurderte å selje, men Espen baud seg å hjelpe bror sin mot at han fekk ta seg eit tur med båten av og til. Dette tykte Per var ein god avtale og slik vart det.

Etter ei tid vart Espen lei. Det å passe på ein stor trebåt er ikkje sytalaust. Dessutan såg han at det nok hadde vore meir framtidsrette å klinke skuta saman med koparsaum enn med jarnnaglar.Han burde nok ha halde seg vaken i byggeperioden. Rusta hadde sett sine spor (når ein berre visste kvar ein skulle sjå etter dei) . Så då Pål ein dag dukka opp og ville overta skuta for ein god pris, var Espen ikkje uvillig, sjølv om han drog litt på det og fekk pressa prisen opp i 6 millionar.

Ein dag Pål var ute på seglas, la han merke til at båten tok inn litt vatn. Etter nærare undersøking kunne han fastslå at han truleg hadde kjøpt katta i sekken . No var gode råd dyre. For å berge stumpane, reiste han ut på kongsgarden og spurde Espen om han kunne tenke seg å kjøpe attende båten. Dette passa bra for Espen, for Per var ventande heim ein av næraste dagane. Han gjorde seg rett nok litt vanskeleg og fekk pressa prisen ned i 4 millionar.

Så då Per kom heim, låg skuta i hamna som han hadde forlete henne, rett nok med skjulte merke etter tida si tann, Espen hadde 2 millionar på bok og Pål, ja han sat der med reva brok men tykte trass alt at han hadde kome seg heilskinna utav det.

Espen fekk sidan blod på tann og utvikla denne forretningsideen. Han vert i ettertid rekna som den verkelege oppfinnaren av såkalla "Hedge Fund", om nokon skulle hevde noko anna.

Om du tykte at dette var ein tiltalande måte å tene til livets opphald, kan du ta kontakt med karane du finn i enden av denne lenkja: Ta tak her.

Berre vit at inngangsbilletten er høg. T.d 300000 kroner. Fagterminologien er heller ikkje enkel for ein vanleg dødeleg.