mandag, april 24, 2006

BNP og oljefest

Øystein Stray Spetalen ventar seg 10 år med oljefest og gikk i Dagens Næringsliv den 22. april ut med fylgjande spådom.

Jeg tror vi kommer til å få ti år med et helt fantastisk marked innenfor olje. Du ser aldri igjen 30-tallet på oljeprisen, ever in your life, sier Spetalen til avisen.


Truleg har mannen rett i det med festen. Kven det derimot vert festleg for er meir usikkert. Eg for min del vert litt skeptisk når økonomane kjem dragande med "BNP". Stray Spetalen hevdar at ein dramatisk auke i energikostnadane ikkje får alvorlege fylgjer for økonomien. Årsak: BNP har auka så mykje at andelen som vert nytta til energi likevel ikkje vert urovekkande stor. Skal ein vurdere denne utsegna er det ein føresetnad at ein veit kva BNP står for. Svein Sjøberg, professor i realfagsutdanning ved UIO,skriv dette om BNP:

BNP per capita fanger bare én eneste dimensjon, nemlig den økonomiske. Denne endimensjonale målestokken trekker derved bort oppmerksomheten fra at andre faktorer kan være minst like viktige for at folk skal ha det bra. Konsentrasjonen om bare det økonomiske leder oss til å tro at alt det andre deretter kommer av seg selv.

Men i tillegg til bare å fange bare en dimensjon, altså den økonomiske, er BNP per capita dårlig også for dette formål. For et gjennomsnitt fanger ikke inn ulikheter og skjevheter i et samfunn! Hvis 9 av 10 tjener null, mens den tiende tjener en million, da blir gjennomsnittet 100 000. Men det samme gjennomsnittet blir det også i et land der alle tjener 100 000. På statistikken kommer disse to landene likt ut. Men i det ene landet lever alle bra, i det andre lever 90 % i den største nød, mens noen få kan velte seg i stor rikdom.

Like ille er det at BNP bare fanger inn den 'synlige' delen av økonomien, den del som finner veien til et 'marked'. Et stort antall bilulykker fører til at BNP øker, likedan at mange ligger på sykehus. Privat omsorg for syke og gamle gir for eksempel ingen uttelling på BNP, mens hvis de samme menneskene plasseres på sykehus eller institusjoner med lønnet personale, så øker BNP.

Bruk av mål som BNP per capita har altså minst tre åpenbare svakheter: Det antyder at det økonomiske er det viktigste av alt, den skjuler skjevhet og urettferdighet og den fanger bare inn det som omsettes på et marked.

Det kan altså være viktig å minne om noe helt grunnleggende: Økonomisk vekst er ikke noe mål i seg selv, men må være et middel for å nå noe langt viktigere: det viktige er hvordan mennesker har det, hva slags liv de lever, om de er sunne og friske, at de har tilgang til det de trenger, at deres liv kan preges av frie valg der de kan realisere seg selv, et liv der ikke hele livet er en skjebne, der alt er gitt eller forseglet fra fødselen.


Konklusjonen må være at utsegna til Stray Spetalen i alle fall ikkje er "fattigmanns trøyst"og det hadde heller ikkje skada om han hadde teke inn over seg at høg oljepris ikkje eine og åleine skuldast lave investeringar i t.d. oljeriggar dei siste 20 åra, men at også politiske og ikkje minst fysiske realitetar spelar inn.

torsdag, april 20, 2006

Vern

Biletet er lånt herifrå

Tenk deg at det vart utlyst ein konkurranse der ein skulle kåre den beste heimen i kongeriket. Dei fleste av dykk vil nok hevde at dette vil være eit håplaust prosjekt, men vær med på tankeeksperimentet likevel.

Konkurransen vert arrangert etter Idol-metoden. Kandidatatane vert vurderte av ein fagjury og TV-publikum og vert utstemt ein etter ein og til slutt sit ein att med ein vinnar. Etter at feiringa er over og alle kamera er avslegne, melder spørsmålet seg. Kva skal ein gjere med landets beste heim ? Sjølvsagt må han takast vare på, men korleis vernar vi ein heim ? Det gjer ein ved å stenge av straum, vatn og telefon og legg sterke føringar for bruken. Eller.... vil det være så lurt? Kan det tenkjast at resultatet etter kort tid vert som på biletet ovanfor? Og dessutan, ein heim omfattar meir enn skalet rundt.

Stadig nye område her i landet vert omfatta av ei eller anna form for vern og mange får kvardagen sin og livsgrunnlaget sitt endra på grunn av det. Kan hende vil det skape større forståing for vernetanken dersom forvaltninga legg meir vekt på å verne dei prosessane som har gjordt eit stykke natur verneverdig og mindre vekt på konserveringstenkinga.

mandag, april 10, 2006

Engasjementet sin vær varsom plakat

Engasjement er ein føresetnad for eit fungerande demokrati og skulle såleis vere ein positiv ting. Framvoksteren av internett har gjeve det folkelege engasjementet ein heilt ny arena å uttrykkje seg på og eg må vedgå at eg dei siste åra har sosa bort ein del timar framfor skjermen ved å fylgje med på ulike debattar. I og med at du les dette, sit vi truleg i same båten du og eg. Stundom vert eg skræmd av kva folk kan finne på å skrive til og om kvarandre og det verkar som om internett kan lokke fram misantropen i dei fleste av oss og skylappane har gode vokstervilkår i digitale drivhus.

Pressa har sin ver varsom plakat. Eg er ikkje alltid like overtydd om at han er pensum på journalistskulen. Dersom du ikkje har fått med deg innhaldet, finn du han her.

Kanskje burde vi vanlege dødelege ha vår plakat vi også, men kan hende held det dersom vi skriv ned fygjande på ein lapp og les han kvar gong før vi set oss til tastaturet.


Den som har stengt sig inne i sitt bur
fornærmet over menneskets natur,
og der begraver sig i visdomsbøker
og mener det er sannheten han søker,

og den som mener blomster å forstå
og aldri møtte barneøines blå,
men søker dalens dyp og bjergets tinde,
han søker intet og vil intet finne.

Men vil du dele dine likes kår,
da kan det skje dig, slik som tiden går
i felles håp og savn og ydmyk møie,
at kjærligheten åpner for ditt øie.

Meiner du at du har lese det før ? Ja, det vart skrive av Arnulf Øverland i 1929 og er tre første strofene i "Til en misantrop" Resten av diktet finn du her.

onsdag, april 05, 2006

Nitrogen, mat og oljepris


I naturfagtimane på skulen lærte vi om fotosyntesen. Den verka grei. Den andre "store" syklusen vi skulle lære oss, handla om nitrogen og var litt verre å få tak på. Likevel har det etterkvart gått opp for meg kor viktig han er for alle levande vesen på kloden.

Nitrogen er grunnstoffet det er mest av i atmosfæren, ca 79% av volumet. Alle levande skapningar er avhengige av nitrogen som er ein viktig byggestein i protein. Planter kan ikkje nytte seg av dette nitrogenet direkte. Det må omformast til t.d. ammoniakk først. Dette krev energi og i naturen er det bakteriar som tek seg av mesteparten av denne jobben.

Etterkvart som vi vart mange på jorda, synte det seg at tilgangen på fiksert nitrogen vart ein begrensande faktor for matproduksjonen. Dette problemet løyste dei to tyske vitskapsmennene Fritz Haber og Carl Bosch då dei fann opp det som i ettertid har vorte kalla Haber-Bosch metoden. Den går grovt sett ut på å produsere ammoniakk (NH3) av "luft" (nitrogenet) med hydrokarbonar som drivstoff.

Denne prosessen har hatt enorm effekt på nitrogenkrinslaupet. Medan ein meiner at innhaldet av CO2 i atmosfæren har auka med 30% sidan byrjinga av den industrielle revulusjonen, har mengda med fiksert nitrogen i biosfæren auka med 100% sidan 1. verdskrigen.

Ein kan i grunnen meine kva ein vil om bruken av kunstgjødsel, men slik vi har innretta jordbruket vårt her på jorda, er det heilt utenkjeleg å produsere nok mat til ei aukande befolkning utan.

Kunstgjødselen er ein av dei viktigaste innsatsfaktorane i jordbruket og utgjer ein stor del av utgiftene. I og med at hydrokarboner er ein vesentleg ingrediens, vil prisane variere med oljeprisen. Oljeprisen kjenner ingen nasjonale grenser, så det er klart at konsekvensane av stigande oljepris vert større i eit lavkostland enn i eit høgkostland. Det er verda sine millionar fattige, dei vi alle har slik omsorg for som taper mest. No igjen.

Prisen på olje er lik, same kva han vert nytta til. (Rett skal vere rett, luringen Chavez i Venezuele skaffar seg poeng ved å levere rimeleg fyringsolje til dei fattige i USA) Når ein tek omsyn til at den eine prosenten av forbruket som vert nytta i Haber-Bosch metoden er så viktig for matforsyninga på jorda, burde ein kanskje verte litt meir kritisk til kva ein nyttar resten av oljen til. Eg tykkjer uansett det verkar litt skummelt at matforsyninga skal vere avhengig av om kong Fahd Ibn Abdel-Aziz al Saud av Saudi Arabia har ein god dag eller ikkje.