søndag, desember 24, 2006

Også ei jule- og nyttårshelsing


Skulle eg oppsummere innlegga på denne bloggen hittil i år i ei jule- og nyttårshelsing, er eg redd resultatet ville verte temmeleg deprimerande. Tverrsummen av alle innlegga kan vel sammanfattast til ei samanhengande rekke av frustrasjonar over ting eg ikkje kan gjere noko som helst med, særleg med tanke på kor få som eigentleg les det eg skriv. Ikkje akkurat det perfekte utgangspunkt til ei julehelsing som skaper god julestemning og forventningar til det nye året. Kikar eg ut glaset, ser eg nokre klissvåte småfuglar som har navigert seg gjennom skodde og regn og et, ikkje akkurat entusiastisk, vasstrukken fuglefrøblanding ute på brettet. Med andre ord, ingen inspirasjon å hente der heller.

Konklusjonen vert at eg må nytte lånte ord , men så trur eg ikkje at nokon kan få sagt det betre enn Olav H. Hauge.

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Så får dei/den bibelsprengde av lesarane filosofere over ein eventuell samanheng mellom illustrasjonsbiletet, julehøgtida og diktet. ( Fasit er/vert ikkje tilgjengeleg)


God jul !

onsdag, desember 20, 2006

Om å møte seg sjølv i døra på jakt etter innhald til både pose og sekk


Mange store ord vert nytta i samband med fusjonen mellom Statoil og oljeverksemda til Hydro. På Stortinget er det brei semje om at dette var eit klokt trekk. Det einaste som kanskje kan skape litt brann i rosebedet, er usemje om kor stor eigardel staten skal ha i giganten. Men all erfaring frå det første året til dei raudgrøne tilseier at det vil avgrense seg til ein ulmebrann.

Samfunnsarkitektane til regjeringa ser føre seg at det nye selskapet vert ein viktig byggestein i det "Nye Framtidsnorge"som dei kallar det. Stoltenberg sjølv seier at fusjonen er naudsynt dersom selskapa skal hevde seg i den knallharde internasjonale konkurransen . Han innser at utbygginga på norsk sokkel går mot slutten og at ein må satse utanlands dersom oljeverksemd skal kunne være med på å finansiere den norske velferdstaten i framtida.

Det var når eg las dette at det tok til å murre litt i tenkeboksen. Vi lever i eit av dei rikaste landa i verda, vert gong på gong kåra av FN som det beste landet i verda å bu i og har over 1000 milliardar på bok. Ingen er vel i tvil om kvar denne rikdomen kjem frå. At rikdomen har kome "vanlege folk" til gode, er eit resultat av ein bevisst politikk som er eit førebilete for nye oljenasjonar.

Eit par sitat frå denne artikkelen skrive av Helge Ryggvik, forskar ved TIK-senteret på Universitetet i Oslo skulle illustrere kva eg meiner:

-I den radikale bevegelsen som nå griper tak i makten i Latin-Amerika har norsk oljepolitikk og Statoil stått som det ene vellykkede eksemplet på en nasjon hvor en har klart å sikre seg nasjonal styring og kontroll over oljevirksomheten og sørget for å kanalisere overskuddet til folk flest.

-Styrkeforholdet mellom oljeproduserende land og multinasjonale oljeselskaper har gått i bølger. Norge fant sin olje og forhandlet fram viktige avtaler på et tidspunkt da produsentlandene sto sterkt. Oljereserver ble nasjonalisert, uten at nasjonene ble straffet for det. Når Norge på 1970-tallet kunne stille harde krav om økte andeler og nasjonal deltakelse, var det på ryggen av en bevegelse hvor de viktigste slagene var utkjempet langt borte. Fra 80-tallet var det IMF og Verdensbankens nyliberalistiske murbrekkerstrategi for multinasjonale selskaper som har rådet, spesielt i mellomstore produsentland i en svak forhandlingssituasjon.

Les resten av artikkelen her:
Norge som forbilde

No skal altså den nye stats-oljegiganten ut i verda og tene pengar. Men no sit vi på motsett side av forhandlingsbordet og skal finansiere velstanden vår på den måten.

Det som kom fram i Dagsnytt i NRK i dag gjer ikkje saka mindre tankevekkane:

-Skal Statoil/Hydro bli en stor oljeaktør i verden, må de bruke smøring for å vinne kontrakter, mener ekspert på internasjonal olje og gass, Dag Harald Claes.

Du kan lese meir her:
De må smøre korrupte ledere

Nei, dette vert ikkje heilt uproblematisk. Den som vil ha både i pose og sekk må vere varsam dersom han ikkje skal møte seg sjølv i døra.

torsdag, desember 14, 2006

Ekstremistar på tur ?


Eg vart ekstremist i går. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd at det skulle ende slik, men no har det altså skjedd.
Eg høyrde ein radiodebatt mellom Sp-representanten Ola Borten Moe og Steinar Lem frå Fremtiden I Våre Hender. Dei diskuterte verninga av Trillemarka. Dette er ei stor sak med mange sider og i det perspektivet tilførte ikkje debatten lydarane noko nytt. Det som derimot fekk meg til å skrive dette innlegget, var ordbruken til Steinar Lem, ein mann eg stort sett høyrer på med interesse og eit ope sinn.
Ola Borten Moe hevda at Steinar Lem med ordbruken sin forsura samarbeidsklimaet mellom verne- og grunneigarinteressene meir enn naudsynt. Steinar Lem hevda på si side at dette var ei så viktig sak, at ordbruken ikkje kunne verte for sterk. Her er eg usamd med den gode FIVH-representanten.
Slik eg forstod Steinar Lem, meiner han at einkvar grunneigar, uansett korleis han forvaltar egendomen sin, med full rett kan kallast ekstremist dersom han har motførestellingar mot å gje frå seg retten til å hogge juletre i eigen skog.
Det burde vere skilnad på å barbere seg og å skjere hovudet av seg, også for Steinar Lem. Kan hende kan eg setje FIVH i betre julestemning dersom eg lovar å kjøpe dansk juletre i år?

torsdag, desember 07, 2006

Ein tenkepause

Slike opplevingar kan ein altså ha på fjellet i desember. Så kan ein stille seg det filosofiske spørsmålet: Har verdien til denne vesle biten av kloden auka no, etter at eg hadde denne opplevinga og de har sett biletet ? Eller har naturen ein eigenverdi, totalt uavhengig av våre opplevingar av han ?

For lokalkjende: Biletet er teke frå Hesteryggen med Vassdalstinden i bakgrunnen.