lørdag, desember 15, 2007

Kun til forvirring

Det er ei kjend sak at det å produsere mat er eit ressurskrevande føretak og i tillegg representerer denne produksjonen ei stor miljøbelastning. I Sverige t.d. står matproduksjon for omlag 25% av klimagassutsleppa. I seg sjølv er det vel ikkje så urimeleg at det å produsere det ein treng for å leve skulle stå for ein fjerdepart av utsleppa våre, det er berre det at 100%´en er så altfor stor.

Det å kunne produsere maten vår på ein meir miljøvenleg måte, vert ei stor utfordring. Heldigvis finst det løysingar. Det verkar i alle fall slik. Her kjem ei liste over forslag:



-Økologiser landbruket

-Et meir kvitt kjøt (eller var det raudt du eigentleg meinte, Aaslaug ?)

-Vert veganar

-Køyr meir bil (ja du las rett)

-Sats på kortreist mat


Og liste kan gjerast lenger, men du skjønar sikkert teikninga no
Som du ser, ein kan verte forvirra i hovudet av mindre og det einaste ein kan konkludere med, er vel at dette ikkje vert enkelt.

Så var det slik at fylgjande e-postmelding låg i innboksen min i dag:

EU in dilemma over GMO animal feed import

Industry sources warn that the EU might find its supermarket shelves without meat products due to slow approval of new genetically modified (GMO) crops.

Dette måtte sjølvsagt undersøkast litt. Det synte seg snart at dette var gamalt nytt og på heimesidene til ”Friends of the earth” hadde dei allereie for tre veker sidan lagt ut fylgjande kommentar :

"The animal feed and biotech industries are deliberately spreading panic that the EU's tough GMO standards are threatening Europe's ability to feed its livestock. But these arguments are fatally flawed. The real reasons that animal feeds are becoming scarce are that land is being used to grow agrofuels and countries such as China are increasing their consumption of meat. The EU should not sacrifice its hard-won safety standards on the basis of illogical, scaremongering arguments from industry."

Les meir her

Problemet er sjølvsagt at dette ikkje er eit "enten eller", men eit "både og". Resultatet vert uansett at europeisk husdyrnærig i nær framtid vil oppleve at tilgangen på kraftfor vert knappare. Og utan kraftfor vert det i alle fall ikkje lett å produsere kvitt kjøt. Same kor sunt det er.

torsdag, desember 13, 2007

Kanskje Jens burde ta seg ein prat med Kalle

Biletet av Kalle Moene er det Ola Sæther som har teke og ligg i biletbasen til Uio

I veska mi har eg eit ark som eg reiv ut av Dagens Næringsliv si laurdagsutgåve den 24. Mars i år. Side 3 inneheld ein kronikk av Kalle Moene med overskrifta ”Virkemiddelradikalerne”, skriven i høve SV sitt landsmøte.

Moene hevdar at kjenneteiknet på ein verkemiddelradikalar er at han har slutta å argumentere for kvifor tiltaka han kjempar for er best for målgruppa. Dette i motsetnad til ein verkeleg radikalar som argumenterer for kva verkemiddel som best tener interessene til den gruppa han sympatiserer med.

Kronikken tek utgangspunkt i økonomisk politikk og sosialpolitikk, men mykje av det det økonomiprofessoren skriv kan lett overførast til andre samfunnsområde og eg har teke vare på artikkelen mest for å minne meg sjølv på å stille meg fylgjande spørmål kvar gong eg meiner å ha sett lyset: ”Er det verkemiddelradikalaren i meg som talar no ?” Ikkje det at eg trur han nokon gong vil få vite det, men Kalle Moene, professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo , har faktisk gjeve meg ein ny hobby. Eg er nok langt frå den einaste som driv med dette, men eg meiner å ha sett mange døme på at det vert lenger mellom oss di høgare opp i det politiske systemet ein kjem.


Så når Jens Stoltenberg går på talarstolen på Bali og til stor jubel proklamerer at Noreg vil løyve 3 milliardar i året til vern av regnskogen med argumentet. ”Det å la være å hogge skog er kjent teknologi (imotsetning til fangst og deponering av CO2 ?),tenkjer eg med meg sjølv at no burde Jens ha teke seg ein alvorsprat med Kalle Moene. Det hadde kanskje vore best å ha gode prosjekt først og så løyve pengane. Men 3 milliardar har ein fantastisk symbolverdi då. Og no er det for seint. Skal ein tru på Rune Likvern i Energikrisa, og det fryktar eg at ein bør, er det dessutan mest det same kva vindauge vi kastar oljepengane våre ut av.

Elles så skulle eg meine at det å late vere å hogge skog er kjend teknologi. Det er berre å halle seg attpå sofaen i staden for å sele på seg vernebuksa og ta seg ein tur på vedaskogen det. Men eg får då ikkje betalt for det. I allefall ikkje endå. Men slik som det har regna i haust er det kanskje håp om det også. No.