søndag, mai 27, 2007

Kan det tenkjast at eventuelle resultat av dei pågåande landbruksforhandlingane i WTO vert fullstendig irrelevante?

Norsk landbruksnæring har, med rette, sett med otte fram mot ein ny WTO-avtale og eg har tidlegare hatt fleire innlegg her på bloggen som har hatt WTO som tema. Dei som har vore innom her i det siste har kanskje lagt merke til at det er ei heil stund sidan siste WTO-innlegg no. At engasjementet har minka, har ingenting med at eg har endra meining å gjere. Det er rett og slett verda som har endra seg.

Norsk bondefrykt for WTO baserer seg på fylgjande:

Norsk landbruk er ei politisk vilja næring. Ein har hatt i bakhovudet at det eigentleg vert produsert meir enn nok mat i verda, men ein har vurdert det slik at dei positive verknadene av eit eige landbruk har vore verde prisen. Ein ny WTO-avtale vil truleg setje ein stoppar for dei viktigaste politiske verkemidla for å oppretthalde eit allereie pressa norsk distriksjordbruk.

Mange utviklingstrekk tyder på at ting er i endring, eg kan nemne:

  • Den økonomiske utviklinga i Asia (særleg i dei folkerike landa Kina og India)
  • Folketalsutviklinga i verda.
  • Energiforsyning.
  • Erkjenning av klimautfordringar.
  • Auka bruk av mat som råvarer til drivstoff.

Når eg no kan lese fylgjande, gjer ein seg sine tankar.

US approaching critical point in the use of corn-based ethanol (lenke)

-At that crude oil price range, U.S. ethanol production could reach 30 billion gallons by 2012, consuming more than half of U.S. corn, wheat and coarse grains, and triggering higher meat and poultry prices for consumers, reduced meat and poultry production, and significant reductions in grain and meat exports.

Australian Water Crisis Could Be Worse Than Thought(lenke)

CANBERRA -- Water shortages facing Australia's drought-hit prime agricultural area might be worse than expected, the government was told on Wednesday, as river towns braced for unprecedented restrictions on water use.

USA og Australia er mellom landa som pressar hardast på for å få land som Norge til å endre politikk og opne grensene. Kan hende kan vi hamne i den utrulege situasjonen at rike land vert oppmoda til å støtte eige jorbruk for å gjere oss mest mogleg sjølvforsynte og på den måten halde marknadsprisane nede. På den måten kan kanskje dei fattigaste av dei fattige landa få råd til å kjøpe seg mat om dei har behov for det. Ikkje det at dette er nokon ynskjeleg situasjon, men at vi må tenke nytt om denne problemstillinga, bør ikkje kome som ei overrasking på nokon.


torsdag, mai 24, 2007

Danny, fasanjakta og billege poeng i valkampen


I boka si ”Danny og den store fasanjakten” skriv Roald Dahl om Danny og far hans som på finurleg vis bergar fasanane på eit britisk storgods frå den årlege massakren, iscenesett og utført av godseigaren og ein snobbete venekrins. All sympatien vår plasserer Roald Dahl sjølvsagt (og umerkande) hjå Danny, far hans og ikkje minst fasanane.

Kva har så dei halvtamme fasanane på eit britisk gods med norsk valkamp å gjere ? Ganske mykje skulle det vise seg.

For nokre dagar sidan kunne ein ein lese på e24.no:

85% skadelig skatt

I ei tid der det vert stilt spørmål ved leseforståinga til det norske folket, fell det meg lett å vedgå at eg hadde store problem med å skjøne kva overskrifta skulle tyde. Ut frå innhaldet i innlegga i kommentarfeltet til artikkelen er eg viss på at eg ikkje er åleine om det.

Etter å ha lese gjennom artikkelen ( og henta supplerande opplysningar andre stader), fann eg ut at bakgrunnen for den fantastiske overskrifta var at representanten Gjermund Hagesæter, finanspolitisk talsmann for frp, hadde fått finansminister Kristin Halvorsen til å vedgå at mesteparten av pengane vi betaler i skatt ikkje vert optimalt forvalta. Så mykje som 20% forvinn på vegen.

Dette er gammalt nytt. Det burde det i alle høve vere det for ein stortingsrepresentant. Emnet er grundig behandla i fleire offentlege dokument, og i NOU 2000:8 står det t.d.:


De fleste former for skatter som benyttes i praksis er vridende skatter. Slike vridende skatter skaper et effektivitetstap ved at skatten fører til at den privatøkonomisk tilpasningen etter skatt avviker fra hva som gir samfunnsøkonomisk effektivitet. De viktigste hovedformer for vridningseffekter knyttet til skattesystemet er:

Arbeidsbeslutningen: avveiningen mellom arbeid og fritid påvirkes
Sparebeslutningen: avveiningen mellom forbruk i dag og forbruk i morgen påvirkes
Porteføljevalget: fordelingen av sparing på ulike former for investering påvirkes
Forbrukssammensetningen: avveiningen mellom ulike forbruksgoder påvirkes


Fra et effektivitetsmessig perspektiv er det gunstigst å benytte effektivitetsfremmende og nøytrale skatter. I en stor velferdsstat som Norge er det i praksis vanskelig å tenke seg at slike skatter kan gi et tilstrekkelig skatteproveny til å finansiere det ønskede nivået på offentlig konsum, investeringer og overføringer. Bruk av vridende skatter med tilhørende effektivitetstap er dermed nødvendig.

Du finn meir her


System med 100% verknadsgrad er mangelvare i den verkelege verda og velferdspolitikk er ikkje noko unntak. Men skal ein setje ting litt på spissen, så vonar eg at vanlege folk vil vere samd med meg i at 800000 kroner til helsetenester eller utdanning kan vere eit godt byte mot å legge 1 million ekstra i ein Ferrari.

Den 17. mai feira vi grunnlov, fridom og demokrati og vi har nytta dei demokratiske rettane våre til å bestemme at alle skal ha rett til m.a. helsetenester, utdanning, alderspensjon og sosialt tryggingsnett. Utan budsjett er desse rettane ingenting verde. Eg skjønar ikkje kva alternativet til skattar og avgifter skulle vere. Oljepengane kanskje ?

Nei, her er nok representanten for vanlege folk på fasanjakt saman med fiffen og av alle former for jakt, meiner eg at jakt på husdyr for moro skuld er av det mest usympatiske slaget.

At media i det heile let seg nytte til dette iscenesette stemmefisket etter oppdrettsfisk i sjølvrørt vatn finn eg ganske utruleg. Nei, lat oss heie på Danny og på den måten tvinge politikarane ut på skikkeleg, ærleg stemmejakt i tida fram mot valet. Det skulle ikkje vere mangel på jaktterreng, men finskorne er kanhende lite høveleg fotty.

tirsdag, mai 15, 2007

Om å liste seg heimatt på økologiske pailabbar.


6 milliardar. Det er mange menneske. Dersom vi tok kvarandre i hendene, kunne vi lage ei kjede som rakk frå jorda til månen og attende. 15 gonger. Og kvar einaste av alla lekkjene i denne kjeda er omfatta av FN si menneskerettserklæring. Der står det mellom anna:

Artikkel 25, 1. punkt:
-Enhver har rett til en levestandard som er tilstrekkelig for hans og hans families helse og velvære, og som omfatter mat, klær, bolig og helseomsorg og nødvendige sosiale ytelser, og rett til trygghet i tilfelle av arbeidsløshet, sykdom, arbeidsuførhet, enkestand, alderdom eller annen mangel på eksistensmuligheter som skyldes forhold han ikke er herre over.

Kvar ein einaste dag får vi prov på at ein stor del av menneska på jorda lever under vilkår som ligg betydeleg under det dei har krav på i høve menneskerettserklæringa. Men er jorda stor nok til at det i det heile er mogleg at alle skal få retten sin?

Eg ser det i sauefjøsen, i naturen og i samfunnet elles. Den som ikkje står på for plassen sin i matfatet, går ei usikker framtid i møte. Det kan høyrest brutalt og kynisk ut, men slik er det. Vi menneske har vore flinkast i klassen i mange tusen år no, og vi har opparbeida oss stjernestatus i matfatet. Vi har derimot ikkje vore like flinke til å ”hegne oss”. Vi har forsynt oss meir enn det som er berekraftig. Vi kan rett og slett ikkje halde fram som vi har gjort til no.

Det store spørsmålet vert då : Er det mogleg å kome seg ”heim att” utan å mise nokon på vegen ? Og kva skal vere det overordna målet.? Radikale endringar må til, men eg er ikkje overtydd om at vekemiddelradikalarane bør få fritt spelerom. Eg vart t.d. litt skremd då eg las om Peter Singer, som eg fann lekkje til på Dyrebeskyttelsen sine nettsider.

Peter Singers 5. bud. Ikke diskriminer på grunnlag av art.

"Hvis vi sammenligner et svært funksjonshemmet menneske-spedbarn med et dyr, slik som en hund eller en gris, vil vi ofte finne at dyret har overlegne egenskaper, både potensielle og aktuelle, for rasjonalitet, bevissthet om egen eksistens, kommunikasjon."

På denne bloggen finn du nærmare presentasjon av etikaren. Trykk her

Eg må berre vedgå at eg har alvorlege problem med dette og at eg fryktar at vegen heim vert lang, vond og vanskeleg med dette tankegodset i bagasjen.





tirsdag, mai 08, 2007

Journalistar på Facebook, Fredric Hauge og Røkke


Generalsekretæren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold åtvarer journalistar mot å involvere seg i nettsamfunnet Facebook.

Facebook har 160000 norske brukarar og fylkesordføraren i Sør-Trøndelag er ein av dei. No har han lagt 10 journalistar til vennelista si. Dette er noko av bakgrunnen for at Kokkvold reagerer. Han seier m.a.:

– Disse journalistene bør ikke lage saker om fylkesordføreren. Vi driver ikke journalistikk på våre venner. Dette handler om pressens troverdighet. Vi kan ikke oppføre oss slik at vår troverdighet svekkes. Om vi får tilgang til en ny teknikk betyr ikke det at vi får en ny etikk.



Det er ei stund sidan vi såg Fredric Hauge i islendar og gummibukse no. Kvit skjorte og slips er arbeidsantrekket no for tida. Nybarbert er han også, rett som det er. I seg sjølv burde ikkje dette vere noko problem, han er langt over vanleg pensjonsalder for barrikadestormarar.
Den gode Hauge er leiar for miljøorganisasjonen Bellona, ein organisasjon dei fleste assosierer med miljøaktivisme. Samstundes framstår Hauge i dag som CO2-handteringsgeneralen her i landet og samarbeider tett med Aker. Bellona mottek samstundes store summar årleg i støtte frå det Røkke-eigde selskapet.. Kva er så problemet ? Kanskje kan eg svare med eit nytt spørsmål. Kor sannsynleg er det at Bellona vil grave opp eventuelle gifttønner i hagen til Røkke ?

Eg trur at Bellona faktisk har fått meir til felles med journalistane på Facebook enn dei bør vere konfortable med.

Eg vil ikkje stikke under ein stol at bakgrunnen for dette innlegget er at eg er provosert av Hauge. I samband med at FN sitt klimapanel nyleg la fram 3aren, uttaler han til VG under overskrifta - Bellona fikk rett:

-Rapporten dokumenterer det Bellona har stått alene om i 15 år. Vårt svar på klimaproblemene har i lang tid vært å satse på fornybar energi, energieffektivisering og CO2-håndtering.


Les meir

Smålåten har Fredric Hauge aldri vore, men det får no vere måte på. Ein kunne få inntrykk av at Bellona har site på fasiten heile denne tida. I så fall er det feil i fasiten. Eit eksempel ? Ein kan byrje med å undersøke kva syn Bellona har hatt på hydrogen som energi”kjelde”.