mandag, november 10, 2008

Fotballbaner og poteter

65 000 dekar matjord er teke ut av drift her i landet dei 4 siste åra. Eg har lagt merke til at jordbruksareal av pedagogiske årsaker ofte vert omrekna til fotballbaner. 65 000 dekar tilvarer knapt 10000 fotballbaner. Omrekna til potensiell potetavling derimot, tilsvarar dette meir enn 150000 tonn eller over 1,5 milliardar poteter, ein god munnfull til kvart einaste menneske på jorda.


Ein del av dette arealet vert omregulert til bustader, industri eller annan infrastruktur. Mesteparten vert lagt brakk og gror att. Dette er oftast den jorda som ikkje let seg drive med dei store tunge maskinene som dei store entreprenørane nyttar. Det er dette ein kallar effektivisering.


Mange har siste åra fått augene opp for at matvareforsyninga i verda er sårbar. Vi balanserer på ein knivsegg. Men samstundes har argumenta for å gje opp småbruket blitt fleire. Om ein vågar å stikke fingeren i jorda, trur eg likevel dei fleste vil innsjå at det å legge jorda brakk av di ein 10 tonns traktor ville vere fullstendig ueigna, vere å snu ting fullstendig på hovudet. Men finanskrisa har vel synt oss at slikt går heilt fint. Ei stund.

søndag, oktober 19, 2008

Lenge sidan sist rev.2

Ja, no er det lenge sidan sist post her på klinkekula. Det er nok finanskrisa som har slege inn med full styrke. Det har blitt så vanskeleg i vite kva ein skal meine. Unntakstilstanden som har oppstått har laga støy i verdsbilete og endra forteikn på nyhendebiletet. Ting som verka rimelege for kort tid sidan er brått heilt absurde......... og omvendt. Overskrifta på denne bloggen har blitt aktualisert i skræmande grad.

Lat meg nytte eit døme:

ESA, EFTA sitt overvåkingsorgan, har som som nokre av oppgåvene sine å sikre fri konkurranse og fri flyt av arbeidskraft, varer,tenester og kapital og har siste åra blitt involvert i mykje som vanlege folk stort sett ser på som indre norske saker. Differensiert arbeidsgivaravgift, klimakvotelov, barnehagestøtte, momsfritak for aviser og kommunalt sal av billeg konsesjonskraft til lokal industri er alle sakar som ESA har arbeidd med.

Akkurat no er det tenestedirektivet som skaper hovudbry for regjeringa og har potensiale til mykje arbeid for ESA.

Men så kom finanskrisa, eit resultat av dei siste åra sine økonomiske oppgangstider, finansiert av"auka gjeld og stigande bustadprisar", for å sitere ein økonom eg høyrde uttalte seg til NRK radio. Regjeringar rundt om i heile verda spyttar titusenvis av milliardar inn i finanssystemet for å hindre total kollaps.

Er det nokon som bryr seg det minste om kva ESA evt. måtte meine om konkurransevridning og hindring av fri flyt av kapital ? Nei, dei må nok fint finne seg i å ordne moms-fritak for Se og Hør og andre viktige ting.

Men dersom det no også syner seg at medisinen mot finanskrisa er dårleg nytt for miljø og naturgrunnlag (mykje tyder på det i med at resepten inneheld stimulans til auka materiellt forbruk), burde ikkje einkvan ta til vit og for alvor byrje å diskutere det systemet som t.d. ESA er eit verkty for ?

Eg ser at Erik Solheim hevdar at finanskrisa kan redde miljøet. Eg er ikkje så overtydd om det. Ei skute uten styrefart er umogleg å styre.

lørdag, september 06, 2008

18-3-15


Eg spreidde kustgjødsel her om dagen. Sauene kjem snart heim frå fjellbeite. Ja, ja, kjem og kjem.. det er i alle høve sankardag neste laurdag.

Men som sagt, sauene kjem snart til gards og då må dei ha mat. Difor spreier eg vanlegvis litt kunstgjødsel etter hoslåtten for å få opp litt beite og for at graset skal halde seg friskt ei stund utover hausten.På ein del av markane har eg spreidd pressaft og naturgjødsel, så der nyttar eg rein nitrogengjødsel, men elles spreier eg fullgjødsel. "18-3-15" står det på sekkene. Det tyder at dei små grå korna inneheld omlag 18%Nitrogen, 3% Fosfor og 18% Kalium.

Ein kan av og til få inntrykk av at kunstgjødsel er ei forferdeleg gift, men alt dette er stoff som plantene isolert sett treng for for å vekse, halde seg friske og verte næringsrike. Når det likevel vert sett spørsmålsteikn ved bruken av kunstgjødsel, har dette, om ein ser bort frå det ideologiske, hatt meir med dosering, opptak, avrenning og forureining å gjere. Men at overdriven bruk fører til forringing og utarming av matjorda er det få som nektar på.

Grunnlaget for all berekraft er krinslaup.Vi har vel alle høyrt om karbonkrinslaupet (fotosyntesen osb.). Litt mindre kjent er vel kanskje nitrogenkrinslaupet. Og har nokon nokongong høyrt om fosfor eller kaliumkrinslaupet? Slik eg ser det, er det her hovudproblemet meg kunstgjødselen ligg. Han er rett og slett ikkje berekraftig i seg sjølv. Det har vore litt fokus på fosfor siste tida. Kvar einaste ein av oss treng om lag 1g pr. dag av dette stoffet gjennom maten vi et. Fosfor er eit stoff ein utvinn i gruver, mesteparten vert nytta i kunstgjødsel, plantene tek det opp, dyr og menneske et plantene, og vi et plantene og dyra. Fosforet endar dermed i havet, og gruvene, dei tømest. Raskt.

Så når Erik Solheim og Kofi Annan snakkar om behovet for ein grøn revolusjon i Afrika og samstundes talar om betre infrastruktur "for å transportere inn kunstgjødsel". Når det vert tala om at auka handel med matvarer (og dermed meir transport av m.a.fosfor og kalium over lange avstandar)skal få dei fattigaste ut av fattigdomen. Det er då eg stiller spørsmålet: Korleis kan det ha seg at vi så lett gløymer at krinslaup er grunnaget for all berekraft ?

Likevel, i dag skal eg vaske og smørje opp kunsgjødselspreiaren min. Seinare i haust skal eg ta nye jordprøver som skal vere grunnlaget for ein ny gjødselplan. Så får vi vone at dei har kunstgjødsel på budene neste år også. Men om 50 år, kva då ?

onsdag, august 13, 2008

Ventar på billegare mat

Bilete: George Osodi/Associated Press

I Vårt Land kunne eg i førre veke lese at verda sine fattigaste no ser fram til billegare mat på grunn av fallande oljeprisar.
Det hadde vore berre bra om dei som slit for å skaffe seg det daglege brødet skulle få meir for pengane sine. Det som uroar meg er den nære koplinga mellom oljepris og matprisar som denne situasjonen så tydeleg dokumenterer.
Med utsiktene til framtidig oljeproduksjon i bakhovudet, var illustrasjonsfotoet som VL nytta til artikkelen svært tankevekkande. Biletet syner barn som leikar på eit nedstengt og forlete oljeanlegg i Nigeria. Om det er billegare mat borna ventar på, er det gode grunnar til å tru at dei ventar fånyttes dersom vi ikkje lukkast i å kople matforsyninga frå tilgang på billeg olje. Vi har med andre ord ei kjempeutfordring her. Kven tek henne ? WTO ?

fredag, august 08, 2008

Kjære Erna..

..du vil truleg aldri lese dette her, men eg har lese debattinlegget du hadde i Dagbladet onsdag denne veka. Der skriv du at du er provosert av dei som kallar brotet i WTO-forhandlingane ein siger for verda sine fattige. Det har du sjølvsagt full rett til å vere. Og det er ikkje det eg reagerer på heller. Det som får meg til å reagere er alle sleivsparka. Du skriv mellom anna:

-Man må nesten spørre seg hva som er motivet for slike utspill, for et ønske om utvikling er det ikke.

-Det er en rasjonell grunn til å være glad for å slippe ny avtale, og den handler om ren redsel for forandring, ikke bekymring for fattige bønder.

Det er då eg vil spørje deg: Korleis i all verda kan du vite det ?

Eg kan ikkje vite om det var med vilje du ikkje nemne at den direkte årsaka til brotet var at India nekta å gje etter for press frå USA om å ofre dei særskilte tryggleiksmekanismane i landbrukssektoren. ( Desse har som oppgåve å verne bønder i fattige land mot lave prisar og import av matvarer.) Men det er klart at det hadde svekka argumentasjonen din om du hadde teke deg bryet med å nemne det.

Magnar Norderhaug, norsk biolog f.1939 d.2006 , avslutta si yrkeskarriere som instituttleiar ved Worldwatch Institute Norden og vart i 2004 utnevnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin innan natur- og miljøvern. I 1996 gav han ut ei lita, viktig bok; Verdens mat, som eg stadig kjem attende til. Der skriv han mellom anna:

Dersom verden går inn i en epoke med knapphet og prisvekst på mat, er det behov for en ny jordbrukspolitikk som forener

-økologiske hensyn
-økonomisk lønnsomhet
-nasjonale egeninteresser
-global solidaritet


Eg har gode grunnar til å tru at dette er like gyldig i dag som for 12 år sidan og meiner at ein avtaletekst som t.d USA pressa på for å få gjennom ville vere eit steg i feil retning i høve Norderhaug si liste.

Utvikling kan vere både positiv og negativ og når valet står mellom å stå stille og å gå feil veg, meiner eg at det må vere legitimt å meine at det er greiast å halde seg i ro.

Det var berre det eg ville seie

lørdag, august 02, 2008

Frihandel, mål eller middel


Førre helg braut WTO-forhandlingane saman att. Fiskarlaget fortvilar, Bondelaget jublar og Sponheimen uttaler fylgjande i ein kommentar til Dagens Næringsliv: " Bondenorge på sitt verste".

Sjølv er eg ikkje heilt sikker lenger. Eg skal ikkje stikke under ein stol at stemninga steig eit par hakk under fjøslua mi sist gong brotet kom. Denne gongen er det meir eit lett resignert "ja ja, det var vel det minst galne som kunne skje"

For det er vel ikkje så mange som verkeleg meiner at ein ikkje treng reglar for verdshandelen ?Spørsmålet er heller korleis desse reglane skal utformast.

WTO har, etter eiga utsegn, auka velferd for innbyggarane i medlemslanda som hovudmålsetjing. Med 153 medlemsland burde ikkje dette vere særleg kontroversielt og dersom ein ser bort frå sterke grupper sin kamp om å behalde eigne privilegier, er hovudstridsspørsmålet av det meir ideologiske slaget.: Er verkeleg uavgrensa frihandel det beste verkemiddelet for å oppnå dette målet ?

For meg har WTO blitt sjølve symbolet på det Kalle Moene så treffande kallar vekemiddelradikalarar. Verkemiddelradikalar vert ein i den augnblinken ein misser målet av syne og verkemiddelet i seg sjølv vert hovudmålet.

Sidan G6 forhanlingane i Geneve kollapsa for 2 år sidan og desillusjonerte utsegner som "det er grenser for kor lenge ein kan piske ein daud hest" vart siterte i avisene verda rundt, kunne ein kanskje forvente at ein denne gongen hadde teke inn over seg at mykje vatn har runne i havet sidan juli 2006. Men der vart eg skuffa.

Dersom ein neste gong (for eg reknar trass alt med at det vert ein neste gong) erkjenner og tek utgangspunkt i dei verkelege utfordringane vi som verdssamfunn står framfor, kan det tenkjast at eg vil fylgje forhandlingane frå heimelagsupporterane sin del av tribunen. Men akkurat det er kanskje ikkje så sannsynleg; WTO presenterer seg trass alt slik på heimesidene sine:

Its main function is to ensure that trade flows as smoothly, predictably and freely as possible.

OK for så vidt, men for meg er og blir frihandel eit tveegga sverd, eit verkemiddel og ikkje eit mål i seg sjølv

torsdag, juli 24, 2008

Kva overskrift ville du velje ?

Eksempel på 15 år gamal bil

I nettutgåva til Dagens Næringsliv i dag slår fylgjande overskrift mot deg.:

- Enorme mengder olje og gass

Det syner seg at at amerikanske geologar har vurdert oljeforekomstane i nordområda og U.S. Geological Survey (USGS) reknar med at det kan utvinnast 90 milliarder fat olje i nordområda, i tillegg til enorme mengder naturgass og flytande naturgass.. I artikkelen kjem det vidare fram at dette representerer omlag 22% av verda sine uoppdaga, men teknisk utvinnbare ressursar.
OK, dette er verkeleg emorme mengder olje og gass, men lat oss sjå litt nærare på tala:
Dersom det stemmer at 90 milliardar fat representerer 22% av totalen, vil enkel prosentrekning vere alt som skal til for å underbygge fylgjande overskrift:

-Uoppdagede oljeressurser representerere mindre enn 15 års forbruk.

15 år er også omlag gjennomsnittleg levetid til ein personbil her i landet.

Artikkelen i DN finn du her: klikk

søndag, juni 01, 2008

Eit velmeint råd til Liv Signe

Liv Signe Navarsete har vore ute og reist siste dagane. Ho har vore i Leipzig på det første møtet i International Transport Forum, ei vidareføring av European Conference of Ministers of Transport. Meir enn 50 transportministrar frå OECD-landa, i tillegg til India, Kina og Brasil, tok del.

Samferdselsministeren vår sat i hovudpanelet som vart leia av den nederlandske transportministeren Camiel Eurlings. Panelet hadde i tillegg representantar frå olje- og energisektoren, luftfarten og bilindustrien.

På Senterpartiet si heimeside finn vi desse Navarsete-sitata frå møtet:

  • - Det er viktig at vi politikarar set tydelege mål og arbeider saman med industrien og forskingsmiljøa slik at vi saman kan redusere utsleppa av klimagassar. Eg trur det er viktig å bruke både pisk og gulrot. Vi må vise politisk leiarskap og gjennomføre tiltak som vil gje resultat både på kort og på lang sikt.
  • - Transportsektoren står for 23 prosent av dei globale klimautsleppa. Konklusjonane frå det internasjonale transportforumet vil difor bli ein viktig del av grunnlaget for klimatoppmøtet i København i 2009, seier samferdselsministeren.

Dette skulle vel vere heilt greitt. Ingenting å hisse seg opp over her, vel ? Men problemet kan verte at på slike møte er der også andre deltakarar, nokre av dei nyttar øyrene sine til å høyre med og nokre av dei skriv til og med brev heim, der dei refererer det dei har høyrt.

Kjell Aleklett, prof. i fysikk, Universitetet i Uppsala, president, ASPO (Association for the Study of Peak Oil & Gas) er ein slik ein. Han skriv fylgjande:

-The panel debate that followed between politicians and representatives of industry could be described with many words but I will choose the declaration from Norway’s transport minister Liv Signe Navarsete that were the most sensational. She asserted that we possibly must adapt to a future where we do not have growth but, rather, economic decline. Indirectly this is a recognition that Peak Oil is just around the corner.

Slikt må du ikkje finne på å seie høgt her heime, Liv Signe. Hugs det er val til neste år.

fredag, mai 23, 2008

Kva meiner dei eigentleg med "effektivt landbruk" ?

"Effektivt landbruk"..... Kva ser du føre deg ? Endelause sletter. med ein einsleg diger traktor med 1000 hestekrefter og ein 20 meter brei plog som du kun ser som ein liten prikk i ei diger støvsky i horisonten. Eller kanskje ein konvoi med 10 skurtreskarar i breidda, kvar med slåttebjelkar på 12-13 meter og ein fart på 15 km/t over dei same slettene.

Ja eg trur det er slik vi ser det føre oss. Det effektive landbruket. Og eg trur ikkje Øysten Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets, er noko unntak når har no kjem med fylgjande utsegn til Finansavisen:

- Nå er tidspunktet kommet for å slippe bonden fri. Hvis vi mener at vi skal bidra mest mulig til en global matproduksjon, så skal vi selvsagt sørge for en mest mulig effektiv produksjon i Norge. Det riktige tidspunktet kommer av matkrisen.

Les meir her.

Det er mange ting i denne uttalen det kan vere grunn til å diskutere, men denne gongen vil eg konsentrere meg om "effektivitet".

Skal ein tru landbrukets klimapanel som la fram IAASTD -rapporten midt i april i år og som eg skreiv litt om i eit tidlegare innlegg ( Du finn det her), er vi faktisk fullstendig på bærtur når det gjeld synet på kva som er eit effektivt, framtidsretta og berekraftig landbruk.

Og når ein tenkjer på det: Vi vert stadig fleire menneske på jorda, vi har for mykje CO2 i atmosfæren, knapt med drivstoff og stigande prisar på kunsgjødsel og andre innsatsfaktorar. Kvar er då logikken i at effektivitet utelukkande skal reknast i kor mykje ein mann kan produsere og ikkje reknar med alle remediene han treng ?

Nei, ta med deg nokre poteter, grav dei ned ute i hagen din og ta dei opp att utpå hausten. Matproduksjon basert på lokale råvarer som sollys, regnvatn og matjord. Då kan vi snakke effektivitet.

fredag, mai 09, 2008

Og vinnaren er...


Kandidat 1


Kandidat 2


KANDIDAT 2 !

Ein kan vel seie at fornuften sigra i striden om sjukehotellet på Radiumhospitalet, men å hevde at saka kan nyttast som eksempel på at det løner seg å vere lovlydig er vel å overdrive.

onsdag, mai 07, 2008

Kven sin hovudverk er dette ?

Japan er eit rikt land.
I Japan et folk mykje ris.
I Japan bur det mykje folk
Japan er netto matvareimportør.
Japan har 500% toll på importert ris.
Japan er ein versting.

Så kom matvarekrisa (uventa ?)

Fleire store riseksportørar innfører restriksjonar på eksport.

Eg trur den jamne japanesar er glad for at dei trass alt har halde liv i nokre risbønder.
Men det bør altså ikkje vere lov, seier dei i WTO.

Argentina og Brasil er medlemer av CAIRNS-gruppa, dei mest aggressive forkjemparane for liberaliseringa av verdshandelen med mat. Argentina og Brasil har innført eksportrestriksjonar.

Er dette uproblematisk ?

tirsdag, april 22, 2008

Sjølv ei klokke som står stilt er rett to gonger i døgnet

Og dersom du får vite at "no er ho rett", kan du stille inn di eiga klokke etter henne.

Mykje er sagt om etterpåklokskap. Eg har i grunnen ikkje så mykje å legge til, men når eg i ei tilfeldig vald avis (Dagbladet denne gongen)les fylgjande,

-Kan måtte kutte produksjon av biodrivstoff

- Dersom prisene på matvarer fortsetter å stige som de gjør i dag, vil konsekvensene være fryktelige, sier direktøren for det internasjonale pengemarkedsfondet (IMT), Dominique Strauss-Kahn

Han mener hundretusener av mennesker kommer til å sulte, og at all den positive utviklingen de siste fem eller ti årene kan bli reversert. IMF-direktøren frykter også at den sosiale uroen i kjølvannet av de stigende matvareprisene kan føre til krig.

Ja, då får eg litt lyst til å leite fram eit snart årgamalt innlegg her på bloggen:

Kan det tenkjast at eit eventuelt resultat av dei pågåande WTO-forhandlingane vert fullstendig irrelevant for norsk landbruk ?

Det er ikkje alltid like gjevt å finne ut at ein har hatt rett.

torsdag, april 17, 2008

Lesestoff: Agriculture and Development, ny IAASTD-rapport

Kvifor kjenner vi ikkje denne logoen skal tru ?


Det er litt merkeleg at eg ikkje får eit einaste treff på norsk når eg googlar"IAASTD" (International Assessment on Agricultural Science and Technology for Development). Eg vonar at dette ikkje er teikn på at vi ikkje bryr oss. Rapporten som nyleg er lagd fram er eit resultat av 3 års arbeid og det at både Verdsbanken, WHO og UNESCO er bidragsytarar skulle vel vere ein slags garanti for breidde i framstillinga.

"The IAASTD encourages us to take up what can be called a paradigm change. The status quo today is no longer an option,We must develop agriculture that is less dependent on fossil fuels, favors the use of locally available resources and base research efforts ... on intensification of natural processes, such as using natural fertilizers and protecting soil and water supply." said Guilhem Calvo, an adviser with UNESCO's ecological and earth sciences division.

Du finn eit samandrag av rapporten her: KLIKK

søndag, mars 30, 2008

Ute av syne, ute av sinn....men forsvinn det ?



Kven bryr seg etter at kamera er slått av og journalistane i samla flokk har sett kursen mot nye jaktmarker ?

Ingen, trur eg. Og når eg ser kor mykje emballasje Canon har funne det lønsamt å spandere på 5 milliliter blekk, vert eg styrkt i denne trua.

For ikkje lenge sidan var det mediefokus på dette med unødvendig emballasje. Men det er lenge sidan no. Då er sikkert problemet borte også, tenker vi.

Kan hende er det berre å få media til å slutte å skrive om klimaendring, energimangel og botnskrapte kornlager.

Kor lenge er det til dømes sidan du høyrde om straumkrisa i Midt-Norge ? Trur du dermed at ho er over ? Sanninga er at ingenting har skjedd, bortsett frå at det regna grassat i fjor haust.

tirsdag, mars 11, 2008

Ikkje akkurat småljåslått, men..

Eg er redd at svolten må verte svært nærgåande før småljåslåtten i utmarka får nokon renessanse som reiskap for matauk. Ein skal ikkje sjå bort frå at stuttorvet, som denne reiskapen vart kalla på våre kantar, vil finne sin plass som hjelpemiddel for å halde kulturlanskap i hevd eller som rekvisitt i meir museale aktivitetar. Likevel ynskjer nok få seg attende til ei tid der ein velfylt ljåkasse og løypestreng var ein føresetnad for å overleve komande vinter.

Redsle for verknadene av klimaendringar,endra kosthald i dei nyrike landa,auka bruk av mat til drivstoff og rekordhøge olje- og kornprisar har fått mange til å uroe seg for matforsyninga i framtida. Dette har også fått mange til å innsjå at vi er avhengige av innanlands jordbruksproduksjon.

Spørsmålet vert då: Kva slags jordbruk er det eigentleg vi treng ? Det politisk korrekte svaret på spørsmålet er for tida ”økologisk”, som om det i seg sjølv skulle vere løysinga på alt. Dei meir nostalgisk anlagde av oss har i tillegg sett utviklinga som eit argument for å halde liv i det norske småskalajordbruket. Det er trass alt ein viss logikk i at stigande matvare- og drivstoffprisar skulle føre til auka lønsemd i småskala ”low-tec” landbruk.

Dette er ikkje ei særnorsk problemstilling. Ute i verda er emnet livleg debattert og mellom andre den amerikanske forskaren Stuart Stanisford har slege kaldt vatn i blodet på dei som ser utviklinga siste tida som eit argument for å reversere utviklinga. Kron-argumentet hans er enkelt og genialt: Dersom ”reversialismen” skulle ha noko føre seg, skulle dei stigande prisane på energi og matvarer ha ført til ein stagnasjon i industrialiseringa. Han viser at det motsette er tilfelle. Kanskje litt trist for nokre, men likevel sant.

Det er kan hende på tide å stikke fingeren i jorda, heilt bokstavleg.

Eg må gjere merksam på at eg nedanfor ser bort frå viktige rammefaktorar knytte til støtteordningar, eventuelle WTO-avtalar, EU-direktiv og kostnader knytte til bygningar, maskiner og arbeidskraft.

Også for ein bonde er inntekta skilnaden mellom inntekter og utgifter. Siste tida har prisane på bonden sine produkt auka, så inntektssida skulle for så vidt vere på rett veg. Den største usikkerheita knyter seg til utgiftssida. Utgiftssida består mellom anna av kostnader knytte til innkjøp av drivstoff, kraftfor, kunstgjødsel, sprøytemiddel, såvarer, landbruksplast og ensileringsmiddel. Dei fleste av desse kostnadene er nært knytte til oljeprisen som i skrivande stund er over 107$/fat og på tur opp. For kraftforkostnadene sin del, er dei sjølvsagt knytte til kornprisen som er knytt til……ja du skjøner.

I denne situasjonen er sola og regnet (som vi sjølvsagt har lite kontroll med) og eit jordsmonn i god hevd og god utnytting av ressursane på garden stadig meir avgjerande. Det å halde driftsutgiftene nede og produktiviteten i jorda oppe, også på lang sikt, vert nøkkelen til berekraft. Eit jordbruk der matjorda kun tener som substrat for innkjøpte innsatsfaktorar har smått med framtidsvoner. Kva merkelapp ein vil setje på eit slikt jorbruk er for meg revnande likegyldig, men det økologiske landbruket har nok eit forsprang. Men eg er langt frå sikker på om ei Debio-godkjenning i seg sjølv er nokon garanti for berekraft.

Vil du lese meir om dette, kan kanskje fylgjande lenker vere interessant.

Stuart Staniford: “The fallacy of reversibility”
Sharon Astyk: ”Is Localisation doomed?”
John Michael Greer: “The archdruid report” (Denne må du lese uansett)

lørdag, mars 01, 2008

Follow the money, følg med på kva Sir Richard Branson gjer

Sir Richard Branson er ein luring. Men han er ein luring som mellom anna eig 51% i eit flyselskap. Virgin Atlantic er det nest største flyselskapet i Storbritannia med internasjonale ruter.

Selskapet hans, Virgin, har også oppretta insvesteringsfondet Virgin Green Fund med motto ”Cooling global warming” som mellom anna har investert stort i fornybar energi.
Branson har denne månaden i eit intervju med Global Public Media sagt at vi truleg vil oppleve Peak Oil innan 2014 og at det globale behovet for drivstoff vil overstige produksjonen innan 3-4 år. Kanskje inga oppsiktsvekkande utsegn i seg sjølv, men når ho kjem frå ein mann som multimilliardæren Branson, er ho verd å merke seg.

Kva gjer så ein mann i hans situasjon med denne innsikta ? For to år sidan var han ein ihuga talsmann for bioetanol. Men som sagt, Branson er ein luring og han har allereie gått ut og vedgått at det å produsere bioetanol av mat er eit stort feilgrep. Så det som skjer er at han skranglar i hop biodrivstoff produsert av nøtter frå viltveksane babassu- og cokospalmer, tankar opp ein jumbojet med 5% av dette (D.v.s. at den eine av fire motorar gjekk på ei 20% blanding) og i førre veke flaug dei så frå London til Amsterdam. Snakk om PR-stunt. Alle er nøgde. Sir Richard vedgår glatt at det er svært lite truleg at ein i framtida kan basere seg på akkurat denne typen biodrivstoff, men algar er løysinga. Med ein algedam på storleik med Belgia skal det visst late seg gjere å produsere drivstoff til heile luftfarten.

Det skal vere spanande å fylgje med på kva som skjer i dei komande åra. Sidan Virginsjefen tente sine fyrste millionar på suksessen til Mike Oldfield midt på syttitalet, har det gått både opp og ned for Virgin, men han har alltid landa på beina. Korleis han skal kome seg ut av dette er ikkje godt å seie. Særleg ikkje når ein har i bakhovudet at Virgin Atlantic har bestilt seks Airbus A380, det største passasjerflyet i verda for levering i 2013.

torsdag, februar 21, 2008

Fram og attende

Eg skal vere den fyrste til å vedgå det: ”Den blå klinkekula” var nok på god veg til å verte ein skikkeleg ”sureblogg”.

Men det var før. Det var før Per Sandberg kom på banen og ein gong for alle fekk avkrefta dei dystre spådommane til FN sitt klimapanel og samstundes fjerna helteglorien rundt det forstokka hovudet til Al Gore. Det var før Åslaug Haga hadde vore på tur i Saudi Arabia og fått stadfesta at Peak Oil er ein myte og før riggen Transocean på oppdrag for StatoilHydro og ENI gjorde eit gigantisk gassfunn på Afrodite utanfor Sognefjorden.

Det var skummelt så lenge det varte, men no kan vi altså roe oss. Vi har på ny fått innført det inverse ”Føre var-prinsippet”. Alt er ved det same gamle. Takk og pris.

Men det var då forferdeleg så det regna ute då. Og no kan eg lese at engelskmennene er gått tome for spaghetti og pasta. Skal tru……, jaja, han Adam var ikkje så lenge i paradis han heller.

torsdag, februar 14, 2008

"Verdens mat"

Eg har ei lita grøn bok i bokhylla mi. Der har ho hatt plassen sin i snart 12 år no. Eg leitar henne fram ofte. Litt for ofte er eg redd.

Eg vil her sitere litt frå slutten av boka:


-En verdensbefolkning på 5,7 milliarder lever nå fra hånd til munn. (Boka vart skriven i 1996, etter at kornprisane på verdsmarknaden hadde dobla seg på få månader) Med de raske endringene som vi ser i verdens matvaresituasjon, kan vi si at tidspunktet for FN´s store matvarekonferanse i november 1996 er velvalgt.
Men verden kan raskt få erfare at det skal mer til enn politiske taler og FAO-rsolusjoner for å komme ut av uføret. Verden kan bli stilt overfor problemer vi ikke har erfaring med å håndtere. Dersom vi skal møte de utfordringene som nok mat i det 21. hundreåret innebærer, er det nødvendig med jordbrukspolitisk nytenking. Og klarer vi ikke å løse matforsyningsproblemene, kan selv grunnvollen for verdensøkonomien og den sivilisasjon som har vokst fram etter den industrielle revolusjon, slå sprekker.
Dersom verden går inn i en epoke med knapphet og prisvekst på mat, er det behov for en jordbrukspolitikk som forener

  • økologiske hensyn
  • økonomisk lønnsomhet
  • nasjonale egeninteresser
  • global solidaritet


  • Dette er forhold som politikerne i dag helst ikke blander sammen. En slik jorbrukspolitikk vil bli temmelig forskjellig fra dagens. Med dagens globale befolkningsvekst synes det klart at vi ikke har allverdens tid til å utforme en forutseende jordbrukspolitikk for det 21. hundreåret.


    Boka heiter ”Verdens mat” og vart skriven av Magnar Norderhaug i 1996. Når vi no ser at verda sine kornlager på nytt er botnskrapte, er det lett å gje "naturvernets ridder"rett.

    I ein kommentar til situasjonen seier Jørn Rolfsen i Statens landbruksforvaltning til NRK:

    - Løsningen kan være å øke produksjonen, sette i gang ny teknologi og nydyrking for å møte økt etterspørsel.

    Ja, hadde det berre vore så enkelt. No for tida vert det utgjeve 100 kokebøker for kvar bok som handlar om korleis ein skal dyrke maten.

    torsdag, februar 07, 2008

    Her må det byggast, Åslaug

    Energiminister Odd Roger Enoksen sette i si tid i gang ein prosess som kan få avgjerende betydning for norsk energiforskning i tiår framover. Prosessen heiter Energi21 og skal etablere ein brei og samlande FoU-strategi for energisektoren. Denne strategien vart overlevert til ministeren i går,5. februar, med mykje pomp og prakt.

    Fem dansarar, ein for kvart av områda i Energi21-strategien, sende rapporten frå leiaren i strategiutvalget over til olje- og energiministeren.

    – Det er den mest fantastiske overrekkelsen av en rapport jeg noen gang har fått, sa Åslaug Haga.

    I samband med overrekkinga kom ministeren med fylgjande uttale:

    – Vindmøller til havs har potensial til å bli den nye oljen. Vi har en stor sokkel, der det blåser mye og konstant. Men det fordrer at vi greier å utvikle teknologi vi ikke har i dag, at vi klarer å koble vindkraft og vannkraft slik at vi kan levere på sikker basis, og at vi løser miljøutfordringene.

    I dag, 6 februar, la Oljedirektoratet fram produksjonstala for desember, og dei endelege tala for 2007 er dermed klare. Samla petroleumsproduksjon gjekk ned med 10,8 millionar standard kubikkneter. Dette er tal som seier dei fleste av oss lite, så eg tenkte eg kunne prøve å rekne dette om til digre vindmøller. Som tenkt, så gjort.

    Ein har von om å utvikle flytande havvindmøller med ein effekt på 5 millionar Watt. Dersom denne mølla yter merkeeffekt kvart einaste sekund gjennom eit heilt år, vil ho produsere 3780 milliardar kJ, om lag nok til å forsyne 2000 husstandar med straum.

    1 Sm3 olje inneheld 360 millionar kJ. 10,8 millionar Sm3 skulle då innehalde utrulege 3880000000000000 kJ (3,88 EJ). Dette tilsvarar produksjonen frå over 1000 digre vindmøller. Og det er berre for å erstatte produksjonsnedgangen frå i fjor.

    Det er mest så eg vonar at eg har rekna feil.

    torsdag, januar 03, 2008

    Ribbe eller pinnekjøt, ei relevant problemstilling ?

    Kva åt du du julaftan, var det ribbe eller var det pinnekjøt ? Kanskje var det ingen av delene, men uansett, i vår tid har det vore tradisjonar, smak og behag som har avgjort dette spørsmålet. Verken lommebok eller tilgang har vore avgjerande faktorar i menyvalet.

    Språkforskarar vil kanskje ein gong i framtida hugse 2007, året då ingenting skjedde, som året då ”CO2 –ekvivalent ” vart ein del av ordforrådet til Ola Nordmann. CO2-rekneskap vart gjennomført over ein lav sko over alt frå storfekjøt til påhengsmotorar. Pinnekjøtet kjem dårleg ut i desse reknestykka. Storfekjøt er rettnok verstingen med tal som 22,6 kg CO2 –utslepp pr. kg kjøt, men sauen kjem på ein god andreplass. Grisen kjem mykje betre ut. Ikkje berre utnyttar grisen foret betre, men grisen er som kjent ikkje drøvtyggar og dermed vert metanutsleppet naturlegvis mykje lavare. Med andre ord: 1-0 til ribba.

    I enkelte land er det blitt stovereint å uroe seg for framtidig matforsyning. Tidlegare vart slikt stort sett avvist som vikarierande argumentasjon for ein hårreisande landbrukspolitikk, men stigande matprisar og frykt for verknader av klimaendringar har ført til ei endring.

    E24 melde i går om fest på råvarebørsane rundt om i verda. Oljen har brote 100$-grensa, gullprisen når nye høgder og prisen på kveite og soyabønner stig med 3% på berre ein dag. Kvifor dette skjer, forklarer E24 på denne måten:

    Økt velstand over hele verden fører til bedre kosthold og gjør at etterspørselen etter korn øker samtidig som rekordhøye enegripriser øker salget for biodiesel.
    Samtidig har klimaendringer og svikt i avlinger bidratt til prisoppgangen.
    Dette førte til at prisene på hvete og soyabønner steg med nesten 80 prosent i fjor. Kornprisene steg forrige måned til det høyeste nivået på 11 år.


    Med andre ord, inga djuptloddande analyse, men det er eit godt døme på at problemstillinga er i ferd med å verte alment akseptert.

    Om vegvalet ut av dette uføret er det stor usemje. James Lovelock hevdar at den einaste løysinga er å overlate dyrkajorda til agrobusiness og industrielt jordbruk, la villmarka styre seg sjølv og stue folk flest saman på restarealet. Det verkar som UMB-professoren Hildegunn Opsahl Sorteberg tenkjer i same baner. Richard Heinberg står for den motsette løysinga, nemleg relokalisering, overgang til organisk, tilnærma vegetarisk kosthald og drastisk auke i talet på bønder.

    Men uansett kva veg ein vel, bør ein ha Magnar Norderhaug sine ord i bakhovudet:

    Dersom vi i dag ser hva naturvernet har oppnådd de siste 100 årene, kan det være grunn til å spørre: Er de naturvernområdene som vi har opprettet tilstrekkelig store?Dette spørsmålet ble reist i magasinet Times i 1997: ”Kan vi redde regnskogen, pandaen, elefanten og det biologiske mangfoldet ved å verne noen få områder som vi kaller nasjonalparker og reservater?Sannheten er at det kan vi ikke. Det er ikke tilstrekkelig. Til det er naturen for komplisert…”Når vi stykker opp naturen i små biter, har det hele en tendens til å vakle.I denne forbindelse understreket utredningen om ”Naturvern i Norge” i 1980 at naturvernede områder neppe ville utgjøre mer enn ca. 10 % av landets areal. Derfor er det en viktig oppgave å forvalte de resterende 90 % på en økologisk forsvarlig måte, slik at vi kan beholde den biologiske produktiviteten og artsmangfoldet i naturen.Dette stiller krav til dagens samfunnsplanlegging. Blant annet innebærer det at vi stiller helt nye krav til langsiktig tenkning og allsidig naturdisponering. Vi kan rett og slett ikke fortsette med å forvalte vårt livsmiljø utfra dagens snevre egeninteresse. Det er rett og slett ikke nok.I dag betyr naturvern en klok, langsiktig forvaltning om vårt livsmiljø.

    Les meir


    Då er det kanskje ikkje sikkert at pinnekjøtet kjem så dårleg ut likevel.

    onsdag, januar 02, 2008

    Medan vi ventar

    Du bør ta deg tid til å lese dette blogginnlegget (med kommentarar.) Absolutt noko å verte klokare av, sjølv om det gjeld Storbritania.

    Can Britain feed itself ?