søndag, mars 30, 2008

Ute av syne, ute av sinn....men forsvinn det ?



Kven bryr seg etter at kamera er slått av og journalistane i samla flokk har sett kursen mot nye jaktmarker ?

Ingen, trur eg. Og når eg ser kor mykje emballasje Canon har funne det lønsamt å spandere på 5 milliliter blekk, vert eg styrkt i denne trua.

For ikkje lenge sidan var det mediefokus på dette med unødvendig emballasje. Men det er lenge sidan no. Då er sikkert problemet borte også, tenker vi.

Kan hende er det berre å få media til å slutte å skrive om klimaendring, energimangel og botnskrapte kornlager.

Kor lenge er det til dømes sidan du høyrde om straumkrisa i Midt-Norge ? Trur du dermed at ho er over ? Sanninga er at ingenting har skjedd, bortsett frå at det regna grassat i fjor haust.

tirsdag, mars 11, 2008

Ikkje akkurat småljåslått, men..

Eg er redd at svolten må verte svært nærgåande før småljåslåtten i utmarka får nokon renessanse som reiskap for matauk. Ein skal ikkje sjå bort frå at stuttorvet, som denne reiskapen vart kalla på våre kantar, vil finne sin plass som hjelpemiddel for å halde kulturlanskap i hevd eller som rekvisitt i meir museale aktivitetar. Likevel ynskjer nok få seg attende til ei tid der ein velfylt ljåkasse og løypestreng var ein føresetnad for å overleve komande vinter.

Redsle for verknadene av klimaendringar,endra kosthald i dei nyrike landa,auka bruk av mat til drivstoff og rekordhøge olje- og kornprisar har fått mange til å uroe seg for matforsyninga i framtida. Dette har også fått mange til å innsjå at vi er avhengige av innanlands jordbruksproduksjon.

Spørsmålet vert då: Kva slags jordbruk er det eigentleg vi treng ? Det politisk korrekte svaret på spørsmålet er for tida ”økologisk”, som om det i seg sjølv skulle vere løysinga på alt. Dei meir nostalgisk anlagde av oss har i tillegg sett utviklinga som eit argument for å halde liv i det norske småskalajordbruket. Det er trass alt ein viss logikk i at stigande matvare- og drivstoffprisar skulle føre til auka lønsemd i småskala ”low-tec” landbruk.

Dette er ikkje ei særnorsk problemstilling. Ute i verda er emnet livleg debattert og mellom andre den amerikanske forskaren Stuart Stanisford har slege kaldt vatn i blodet på dei som ser utviklinga siste tida som eit argument for å reversere utviklinga. Kron-argumentet hans er enkelt og genialt: Dersom ”reversialismen” skulle ha noko føre seg, skulle dei stigande prisane på energi og matvarer ha ført til ein stagnasjon i industrialiseringa. Han viser at det motsette er tilfelle. Kanskje litt trist for nokre, men likevel sant.

Det er kan hende på tide å stikke fingeren i jorda, heilt bokstavleg.

Eg må gjere merksam på at eg nedanfor ser bort frå viktige rammefaktorar knytte til støtteordningar, eventuelle WTO-avtalar, EU-direktiv og kostnader knytte til bygningar, maskiner og arbeidskraft.

Også for ein bonde er inntekta skilnaden mellom inntekter og utgifter. Siste tida har prisane på bonden sine produkt auka, så inntektssida skulle for så vidt vere på rett veg. Den største usikkerheita knyter seg til utgiftssida. Utgiftssida består mellom anna av kostnader knytte til innkjøp av drivstoff, kraftfor, kunstgjødsel, sprøytemiddel, såvarer, landbruksplast og ensileringsmiddel. Dei fleste av desse kostnadene er nært knytte til oljeprisen som i skrivande stund er over 107$/fat og på tur opp. For kraftforkostnadene sin del, er dei sjølvsagt knytte til kornprisen som er knytt til……ja du skjøner.

I denne situasjonen er sola og regnet (som vi sjølvsagt har lite kontroll med) og eit jordsmonn i god hevd og god utnytting av ressursane på garden stadig meir avgjerande. Det å halde driftsutgiftene nede og produktiviteten i jorda oppe, også på lang sikt, vert nøkkelen til berekraft. Eit jordbruk der matjorda kun tener som substrat for innkjøpte innsatsfaktorar har smått med framtidsvoner. Kva merkelapp ein vil setje på eit slikt jorbruk er for meg revnande likegyldig, men det økologiske landbruket har nok eit forsprang. Men eg er langt frå sikker på om ei Debio-godkjenning i seg sjølv er nokon garanti for berekraft.

Vil du lese meir om dette, kan kanskje fylgjande lenker vere interessant.

Stuart Staniford: “The fallacy of reversibility”
Sharon Astyk: ”Is Localisation doomed?”
John Michael Greer: “The archdruid report” (Denne må du lese uansett)

lørdag, mars 01, 2008

Follow the money, følg med på kva Sir Richard Branson gjer

Sir Richard Branson er ein luring. Men han er ein luring som mellom anna eig 51% i eit flyselskap. Virgin Atlantic er det nest største flyselskapet i Storbritannia med internasjonale ruter.

Selskapet hans, Virgin, har også oppretta insvesteringsfondet Virgin Green Fund med motto ”Cooling global warming” som mellom anna har investert stort i fornybar energi.
Branson har denne månaden i eit intervju med Global Public Media sagt at vi truleg vil oppleve Peak Oil innan 2014 og at det globale behovet for drivstoff vil overstige produksjonen innan 3-4 år. Kanskje inga oppsiktsvekkande utsegn i seg sjølv, men når ho kjem frå ein mann som multimilliardæren Branson, er ho verd å merke seg.

Kva gjer så ein mann i hans situasjon med denne innsikta ? For to år sidan var han ein ihuga talsmann for bioetanol. Men som sagt, Branson er ein luring og han har allereie gått ut og vedgått at det å produsere bioetanol av mat er eit stort feilgrep. Så det som skjer er at han skranglar i hop biodrivstoff produsert av nøtter frå viltveksane babassu- og cokospalmer, tankar opp ein jumbojet med 5% av dette (D.v.s. at den eine av fire motorar gjekk på ei 20% blanding) og i førre veke flaug dei så frå London til Amsterdam. Snakk om PR-stunt. Alle er nøgde. Sir Richard vedgår glatt at det er svært lite truleg at ein i framtida kan basere seg på akkurat denne typen biodrivstoff, men algar er løysinga. Med ein algedam på storleik med Belgia skal det visst late seg gjere å produsere drivstoff til heile luftfarten.

Det skal vere spanande å fylgje med på kva som skjer i dei komande åra. Sidan Virginsjefen tente sine fyrste millionar på suksessen til Mike Oldfield midt på syttitalet, har det gått både opp og ned for Virgin, men han har alltid landa på beina. Korleis han skal kome seg ut av dette er ikkje godt å seie. Særleg ikkje når ein har i bakhovudet at Virgin Atlantic har bestilt seks Airbus A380, det største passasjerflyet i verda for levering i 2013.