tirsdag, mars 24, 2009

Varsel om fusjon


Generalforsmlinga i "Den blå klinkekula" har samrøystes gått inn for å fusjonere med "Bandandersmuseum". Samstundes har Elgisolnedgang overdrege råderetten over alle innlegg publiserte på "Den blå klinkekula" til Bandanders og alle postane frå "Den blå klinkekula" er kopierte over til "Bandandersmuseum". Dette fører til at all aktivitet i framtida vert konsentrert om "Bandandersmuseum" og at denne bloggen i framtida ikkje vil verte oppdatert. I statuttane til det fusjonerte "Bandandersmuseum" går det tydeleg fram at den redaksjonelle lina frå "Den blå klinkekula" skal vidareførast i Elgisolnedgang sine hjartesaker.


Her finn du Bandandersmuseum

lørdag, mars 14, 2009

Skogstankar




I dag har eg vore på skogen. Rydda sauebeite. Ein aldeles strålande dag har det vore.

Det fins nok dei som seier at eg er for glad i tre, at eg set att for mykje. Men eg har trass alt ein ide med det.

Den mest innlysande er sjølvsagt den, at eg høgg veden min der og må ha alet, som ein seier. Eg prøver å gje gode veksttilhøve til dei store trea, men samstundes må eg setje att tre som kan erstatte gamletrea når dei er hogstmogne.

Det å setje att tre er også eit middel mot attgroinga. Når ein driv med sau som går i fjellet om sommaren, er det om våren ein har størst behov for beite. Graset spirer og kjem i vekst før blada på trea gjer trekrunene så tette at lyset ikkje slepp ned i skogbotnen. Når så sauene vert slepte på fjellet rundt 10. juni, er bladverket på trea i ferd med å verte på sitt tettaste og skuggen vil bremse framvoksteren av or og bjørnebær og liknande. Eg har sett nok døme på kva som skjer dersom ein snøyder ned alt på ein gong. (Du kan sjå det sjølv på det eine biletet)

Når ein går rundt med ryddesaga, med høyrselvern og heil i si eiga verd, er det ikkje til å unngå at tankane flyg både hit og dit. Mellom anna til noko eg las ein stad for ein månads tid sidan: I EU er dei i ferd med å lage nye reglar for kva som vert klassifisert som beitemark. I forslaget til dei nye reglane heiter det at ein skal ha maksimum 6 tre pr. dekar dersom det skal kallast beitemark. Dersom du har meir er det pr. definisjon skog, same kor mange dyr som beiter der. I Sverige kjempar bønder og styresmakter mot det nye forslaget, men ingen veit kvar det endar.


Vert reglane vedtekne i EU, varer det vel ikkje lenge før vi har dei her heller, om eg ikkje tek mykje feil. Men når eg tenkjer på den viktige funksjonen trea har som buffer mellom meg og ei lang, bratt fjellside, kjem eg nok ikkje til å endre på noko. Eg vil helst ikkje oppleve at eg ei regntung haustnatt får heile fjellsida inn på tunet. Så får eg heller greie meg utan hudrelappane eg får i støtte.