tirsdag, mars 24, 2009

Varsel om fusjon


Generalforsmlinga i "Den blå klinkekula" har samrøystes gått inn for å fusjonere med "Bandandersmuseum". Samstundes har Elgisolnedgang overdrege råderetten over alle innlegg publiserte på "Den blå klinkekula" til Bandanders og alle postane frå "Den blå klinkekula" er kopierte over til "Bandandersmuseum". Dette fører til at all aktivitet i framtida vert konsentrert om "Bandandersmuseum" og at denne bloggen i framtida ikkje vil verte oppdatert. I statuttane til det fusjonerte "Bandandersmuseum" går det tydeleg fram at den redaksjonelle lina frå "Den blå klinkekula" skal vidareførast i Elgisolnedgang sine hjartesaker.


Her finn du Bandandersmuseum

lørdag, mars 14, 2009

Skogstankar




I dag har eg vore på skogen. Rydda sauebeite. Ein aldeles strålande dag har det vore.

Det fins nok dei som seier at eg er for glad i tre, at eg set att for mykje. Men eg har trass alt ein ide med det.

Den mest innlysande er sjølvsagt den, at eg høgg veden min der og må ha alet, som ein seier. Eg prøver å gje gode veksttilhøve til dei store trea, men samstundes må eg setje att tre som kan erstatte gamletrea når dei er hogstmogne.

Det å setje att tre er også eit middel mot attgroinga. Når ein driv med sau som går i fjellet om sommaren, er det om våren ein har størst behov for beite. Graset spirer og kjem i vekst før blada på trea gjer trekrunene så tette at lyset ikkje slepp ned i skogbotnen. Når så sauene vert slepte på fjellet rundt 10. juni, er bladverket på trea i ferd med å verte på sitt tettaste og skuggen vil bremse framvoksteren av or og bjørnebær og liknande. Eg har sett nok døme på kva som skjer dersom ein snøyder ned alt på ein gong. (Du kan sjå det sjølv på det eine biletet)

Når ein går rundt med ryddesaga, med høyrselvern og heil i si eiga verd, er det ikkje til å unngå at tankane flyg både hit og dit. Mellom anna til noko eg las ein stad for ein månads tid sidan: I EU er dei i ferd med å lage nye reglar for kva som vert klassifisert som beitemark. I forslaget til dei nye reglane heiter det at ein skal ha maksimum 6 tre pr. dekar dersom det skal kallast beitemark. Dersom du har meir er det pr. definisjon skog, same kor mange dyr som beiter der. I Sverige kjempar bønder og styresmakter mot det nye forslaget, men ingen veit kvar det endar.


Vert reglane vedtekne i EU, varer det vel ikkje lenge før vi har dei her heller, om eg ikkje tek mykje feil. Men når eg tenkjer på den viktige funksjonen trea har som buffer mellom meg og ei lang, bratt fjellside, kjem eg nok ikkje til å endre på noko. Eg vil helst ikkje oppleve at eg ei regntung haustnatt får heile fjellsida inn på tunet. Så får eg heller greie meg utan hudrelappane eg får i støtte.

tirsdag, februar 10, 2009

Tenk om det er sant, at alt heng saman med alt ?

Utsagnet "Alt henger sammen med alt" er av ein eller annan grunn blitt kalla "Gro Harlem Brundtlands lov". Dersom du søkjer på nettet etter Karl Marx-sitat, kan du ikkje unngå å støyte på "-everything is dynamically connected to everything else". Når ein tenkjer på kor mange det er i kongeriket som har lese sin Marx, er det som sagt litt merkeleg at Gro har fått behalde æra for utsagnet.

Dei av dykk som har vore lesarar av denne bloggen sit truleg med inntrykk av at det har vore ein typisk "Ulv-ulv-blogg" der eg har fråtsa i miljøkrise, oljekrise,energikrise, matvarekrise, nedtapping av natturressursar, urettvis verdsordning og anna elende. Når eg ser attende innser eg at det er noko i dette. No derimot, etter at Storeulv kom, ubeden og mest umeld, er det ikkje like moro lenger. Fleire "Kva var det eg sa ?" har vi liksom ikkje bruk for.

Men lat oss gå ut frå at Gro hadde rett. Og at Karl Marx hadde rett. Når no verda er inne i den djupaste økonomiske krisa i manns minne, er det så sikkert at dette kun er ein resultat av uansvarleg finanspoikk og grådige enkeltmenneske ? Korleis kan ein ha slik klokketru på at det er mogleg å bevilge seg ut av denne suppa med lånte pengar?

Sjølv om bensinen kosta under 10 kroner literen i går og det snøar på Kanariøyane.

mandag, november 10, 2008

Fotballbaner og poteter

65 000 dekar matjord er teke ut av drift her i landet dei 4 siste åra. Eg har lagt merke til at jordbruksareal av pedagogiske årsaker ofte vert omrekna til fotballbaner. 65 000 dekar tilvarer knapt 10000 fotballbaner. Omrekna til potensiell potetavling derimot, tilsvarar dette meir enn 150000 tonn eller over 1,5 milliardar poteter, ein god munnfull til kvart einaste menneske på jorda.


Ein del av dette arealet vert omregulert til bustader, industri eller annan infrastruktur. Mesteparten vert lagt brakk og gror att. Dette er oftast den jorda som ikkje let seg drive med dei store tunge maskinene som dei store entreprenørane nyttar. Det er dette ein kallar effektivisering.


Mange har siste åra fått augene opp for at matvareforsyninga i verda er sårbar. Vi balanserer på ein knivsegg. Men samstundes har argumenta for å gje opp småbruket blitt fleire. Om ein vågar å stikke fingeren i jorda, trur eg likevel dei fleste vil innsjå at det å legge jorda brakk av di ein 10 tonns traktor ville vere fullstendig ueigna, vere å snu ting fullstendig på hovudet. Men finanskrisa har vel synt oss at slikt går heilt fint. Ei stund.

søndag, oktober 19, 2008

Lenge sidan sist rev.2

Ja, no er det lenge sidan sist post her på klinkekula. Det er nok finanskrisa som har slege inn med full styrke. Det har blitt så vanskeleg i vite kva ein skal meine. Unntakstilstanden som har oppstått har laga støy i verdsbilete og endra forteikn på nyhendebiletet. Ting som verka rimelege for kort tid sidan er brått heilt absurde......... og omvendt. Overskrifta på denne bloggen har blitt aktualisert i skræmande grad.

Lat meg nytte eit døme:

ESA, EFTA sitt overvåkingsorgan, har som som nokre av oppgåvene sine å sikre fri konkurranse og fri flyt av arbeidskraft, varer,tenester og kapital og har siste åra blitt involvert i mykje som vanlege folk stort sett ser på som indre norske saker. Differensiert arbeidsgivaravgift, klimakvotelov, barnehagestøtte, momsfritak for aviser og kommunalt sal av billeg konsesjonskraft til lokal industri er alle sakar som ESA har arbeidd med.

Akkurat no er det tenestedirektivet som skaper hovudbry for regjeringa og har potensiale til mykje arbeid for ESA.

Men så kom finanskrisa, eit resultat av dei siste åra sine økonomiske oppgangstider, finansiert av"auka gjeld og stigande bustadprisar", for å sitere ein økonom eg høyrde uttalte seg til NRK radio. Regjeringar rundt om i heile verda spyttar titusenvis av milliardar inn i finanssystemet for å hindre total kollaps.

Er det nokon som bryr seg det minste om kva ESA evt. måtte meine om konkurransevridning og hindring av fri flyt av kapital ? Nei, dei må nok fint finne seg i å ordne moms-fritak for Se og Hør og andre viktige ting.

Men dersom det no også syner seg at medisinen mot finanskrisa er dårleg nytt for miljø og naturgrunnlag (mykje tyder på det i med at resepten inneheld stimulans til auka materiellt forbruk), burde ikkje einkvan ta til vit og for alvor byrje å diskutere det systemet som t.d. ESA er eit verkty for ?

Eg ser at Erik Solheim hevdar at finanskrisa kan redde miljøet. Eg er ikkje så overtydd om det. Ei skute uten styrefart er umogleg å styre.

lørdag, september 06, 2008

18-3-15


Eg spreidde kustgjødsel her om dagen. Sauene kjem snart heim frå fjellbeite. Ja, ja, kjem og kjem.. det er i alle høve sankardag neste laurdag.

Men som sagt, sauene kjem snart til gards og då må dei ha mat. Difor spreier eg vanlegvis litt kunstgjødsel etter hoslåtten for å få opp litt beite og for at graset skal halde seg friskt ei stund utover hausten.På ein del av markane har eg spreidd pressaft og naturgjødsel, så der nyttar eg rein nitrogengjødsel, men elles spreier eg fullgjødsel. "18-3-15" står det på sekkene. Det tyder at dei små grå korna inneheld omlag 18%Nitrogen, 3% Fosfor og 18% Kalium.

Ein kan av og til få inntrykk av at kunstgjødsel er ei forferdeleg gift, men alt dette er stoff som plantene isolert sett treng for for å vekse, halde seg friske og verte næringsrike. Når det likevel vert sett spørsmålsteikn ved bruken av kunstgjødsel, har dette, om ein ser bort frå det ideologiske, hatt meir med dosering, opptak, avrenning og forureining å gjere. Men at overdriven bruk fører til forringing og utarming av matjorda er det få som nektar på.

Grunnlaget for all berekraft er krinslaup.Vi har vel alle høyrt om karbonkrinslaupet (fotosyntesen osb.). Litt mindre kjent er vel kanskje nitrogenkrinslaupet. Og har nokon nokongong høyrt om fosfor eller kaliumkrinslaupet? Slik eg ser det, er det her hovudproblemet meg kunstgjødselen ligg. Han er rett og slett ikkje berekraftig i seg sjølv. Det har vore litt fokus på fosfor siste tida. Kvar einaste ein av oss treng om lag 1g pr. dag av dette stoffet gjennom maten vi et. Fosfor er eit stoff ein utvinn i gruver, mesteparten vert nytta i kunstgjødsel, plantene tek det opp, dyr og menneske et plantene, og vi et plantene og dyra. Fosforet endar dermed i havet, og gruvene, dei tømest. Raskt.

Så når Erik Solheim og Kofi Annan snakkar om behovet for ein grøn revolusjon i Afrika og samstundes talar om betre infrastruktur "for å transportere inn kunstgjødsel". Når det vert tala om at auka handel med matvarer (og dermed meir transport av m.a.fosfor og kalium over lange avstandar)skal få dei fattigaste ut av fattigdomen. Det er då eg stiller spørsmålet: Korleis kan det ha seg at vi så lett gløymer at krinslaup er grunnaget for all berekraft ?

Likevel, i dag skal eg vaske og smørje opp kunsgjødselspreiaren min. Seinare i haust skal eg ta nye jordprøver som skal vere grunnlaget for ein ny gjødselplan. Så får vi vone at dei har kunstgjødsel på budene neste år også. Men om 50 år, kva då ?

onsdag, august 13, 2008

Ventar på billegare mat

Bilete: George Osodi/Associated Press

I Vårt Land kunne eg i førre veke lese at verda sine fattigaste no ser fram til billegare mat på grunn av fallande oljeprisar.
Det hadde vore berre bra om dei som slit for å skaffe seg det daglege brødet skulle få meir for pengane sine. Det som uroar meg er den nære koplinga mellom oljepris og matprisar som denne situasjonen så tydeleg dokumenterer.
Med utsiktene til framtidig oljeproduksjon i bakhovudet, var illustrasjonsfotoet som VL nytta til artikkelen svært tankevekkande. Biletet syner barn som leikar på eit nedstengt og forlete oljeanlegg i Nigeria. Om det er billegare mat borna ventar på, er det gode grunnar til å tru at dei ventar fånyttes dersom vi ikkje lukkast i å kople matforsyninga frå tilgang på billeg olje. Vi har med andre ord ei kjempeutfordring her. Kven tek henne ? WTO ?