tirsdag, mars 20, 2007

Tid for eple


-Set ein fram kaker, så et statsråden kaker.Set ein fram frukt, så et statsråden frukt, seier stabssjef og Jens Stoltenberg si høgre hand, Karl Erik Schjøtt-Pedersen til Dagens Næringsliv. Eit rådande politisk prinsipp ?

torsdag, mars 15, 2007

"The beauty of math" og dei fire rekneartene


Ein kan få til mykje med matematikk, men "å låne med nullen", som bestefar min kalla det, har ingen greidd enno. Dette skuldast ikkje at ingen har prøvd.

Neste kandidat ut som risikerer å gå i fella er Krf som har lagt fram "Klimapolitisk handlingsplan". Etter mi meining skal dei ha ros for ambisjonsnivået, men ein skal ha tunga beint i munnen for å kome heilskinna gjennom denne paddemarka*. Eg tillet meg å plukke ut nokre enkeltpunkt frå planen:

Krf vil
at CO2-nøytral oppvarming av bygninger skal brukes og at oljebasert oppvarming utfases innen 2015.

ha økt satsing på biobrensel til oppvarming.

at satsingen på biodrivstoff må trappes opp og det må innføres krav om tilgang
på biodrivstoff på bensinstasjoner.

stimulere anskaffelse og bruk av miljøvennlige biler gjennom avgiftssystemet.

gå inn for arealplanlegging som sikrer matjord for å legge til rette for ”kort-reist” mat og framtidig matvaresikkerhet.

Heile planen får du om du trykker Her
Kvar for seg kan nok desse forslaga ha mykje for seg, men når ein summerer alle punkta, vil ein sjå at ein kjem ut med raude tal. Årsaka til at dette ikkje går heilt i hop, er rett og slett at dei, til liks med dei fleste av oss, har overdrivne forventningar både til naturen si evne til å produsere biomasse og til vår evne til å utnytte biomassen. Vi innbiller oss at berre vi set forstavinga "bio" framfor eit eller anna, vil det automatisk løyse ut botnlause energikjelder.

Eit lite døme:

Ein reknar det som realistisk at ein kan ta ut så mykje som 40 TWh frå biomasse i Noreg. Dette representerer det totale energiinnhaldet i det fossile brennstoffet som i dag vert nytta til opp-varmingsformål. Men denne biomassen kan ikkje nyttast to gongar og dermed vert det ingenting att til å lage biodrivstoff av. Likevel, eg meiner at Krf bergar seg i land med denne setninga:

-En fremtidsrettet politikk forutsetter holdnings- og livsstilsendringer i vår del av verden.

De er berre så synd at dei gjennomgripande haldnings- og livsstilsendringane som må til er så fryktelig dårleg butikk på kort sikt.

I dag kunne ein lese fylgjande i avisene:

-NHO-direktør Finn Bergesen ble møtt med krav om økt kjøpekraft for alle fra LO-leder Roar Flåthen, da de møttes til det første forhandlingsmøtet torsdag formiddag.
Vi har med andre ord ein lang veg å gå.
*Ureint farvatn
Andre kjelder:

tirsdag, mars 06, 2007

Framleis på same planet ?




Tenker eg denne gongen byrjar med eit lite sitat frå New York Times

WASHINGTON, 2.Mars 2007-I fylgje offisielle tenestemenn er president George W. Bush og Brasil i ferd med å sluttforhandle ein avtale som har som mål å fremje produksjon og bruk av etanol i Sør- og Mellom-Amerika.

Det er venta at avtalen vil føre til stor vekst i etanolindustrien i Brasil sidan dei der har utvikla teknologi og utstyr som kan eksporterast til andre land i regionen.

Avtalen er allereie utsett for skarp kritikk frå politikarar frå mais-produserande statar. Dei fryktar at auka import av billeg utanlandsk etanol vil slå beina under eigne produsentar.

~
Vel vitande om proteststormen som ville ha kome, er det ikkje venta at Bush-administrasjonen ein gong vil hinte om reduksjonar i tollen på importert etanol.

Sitat slutt. Les meir her: Trykk


Så reiser vi 12132 km, frå Washington til Nairobi i Kenya. Der har styret i FN sitt miljøprogram hatt møte. Eit lite sitat derifrå:


Den danske miljøvernministeren Connie Hedegaard er redd for at storskala-produksjon av biodrivstoff, som palmeolje-plantasjar i Papua New Guinea, vil skape alvolege miljøutfordringar for heile planeten. Desse viser seg først ved avskoging som fylgje av rydding av areal til plantasjar.

Eit auka fokus på produksjon av biodrivstoff i Asia og Latin Amerika har sett i gang ein "tropisk landbruksrevolusjon" med intens konkurranse om jord mellom dei som vil produsere mat og dei som vil produsere råvarer til biodrivstoff. Avskoginga har mellom anna ført til tap av biologisk mangfald og helseproblem grunna røyken frå alle skogbrannane.


Sitat slutt.Les meir her: Trykk

Når ein samstundes tek omsyn til at produksjon av etanol frå åkervekster er mellom dei minst effektive måtane å produsere biodrivstoff på og at "Riksrevisjonen" i USA, GAO, no erkjenner at toppen i verda sin oljeproduksjon truleg er nådd, får det heile eit uverkeleg preg.

Så har eg ei lita utfordring til deg. På nettet ligg det mange kart. Du kan finne kart som viser kvar verda sine fattige bur og du kan finne kart som viser kvar dei bur dei som svelt. Du kan t.d. prøve å Google "poverty map" og "hunger map". Om du har retteleg god tid, kan du prøve å finne kart som viser kvar på kloden klimaendringane vil gjere det vanskelegast å dyrke mat.

I denne situasjonen vert det hevda at marknadskreftene og total frihandel er mest eigna til å fjerne fattigdomen og svolten i verda. Eg for min del skjønar rett og slett ikkje at retten til å produsere mat til eiga befolkning er eit urimeleg ynskje. Eg kan nemleg ikkje sjå ein einaste grunn til at t.d. Cargill og dei tre andre store skulle velje å produsere mat til fattigfolk når dei heller kan produsere drivstoff til oss kjøpesterke.