mandag, august 21, 2006

Gamletaarupen og bakskåren


Det var det. No skal han pensjonerast, gamletaarupen. Eg trur ikkje på eit liv etter kontaineren for forhaustarar, eg veit alt for mykje om rust til det. Men hadde eg gjord det, hadde eg ynskt han eit lukkeleg liv på dei evige slåtteteigane der graset alltid er i byrjande skyting, og der blauthol, opne avskjeringsgrøfter og bakskårar ikkje finst.

Googlar du "bakskåre", får du ingen treff (inntil vidare). Kan hende er det eit ukjent omgrep for deg og, så lat meg forklare litt: Ein forhaustar heng på sida av traktoren og når ein haustar graset frå utkanten av jordet og innover mot sentrum, vil det stå att eit par meter med uslege og nedkøyrt gras langs ytterkantane når ein er ferdig. Då må ein snu og køyre andre vegen for å få med seg bakskåren. Dette er tidkrevande og kronglete, men heilt nødvendig dersom ikkje gråor, bjørk og lønn skal ta overhend. Eg fann i førre veke 40 cm høge ospeskot i enga, berre 6 veker etter førsteslåtten. Det skulle seie noko om tidsperspektivet.

Dersom ein gjorde ein økonomisk analyse, ville ein truleg kome fram til at det er heilt forkasteleg å bruke tid på å slå bakskåren. Tidsforbruket pr. lass kan verte 2-3 gonger det normale. Men når vårknipa kjem, er alle sauetugger like kjærkomne og ingen spør kvar graset kjem frå. Hovudsaka er at foret varer til beiteslepp.

Slik sett er nok jordbruket i Noreg ein bakskåre samanlikna med slettene i Brasil og Dakotabakkane, men konsekvensane av å forsøme bakskåren er dei same uansett.

3 kommentarer:

Per Kristian sa...

No føler eg meg vaksen. Eg hugsar godt at eg var med då me kjøpte den rusthaugen der.

Eg burde etterkvart ha vorte van med at eg kan ein del ord som få andre kan, men bakskårar er då ein så sjølvsagd del av tilveret, at eg ikkje hadde tenkt over at det kunne vere framandt for nokon.

Bakskåre tyder framfor alt lange og velforente pausar mellom lassa for slitne siloarbeidarar. Det er slik sett eit fint ord.

Erfaren Silojamnar sa...

Mitt beste sommarminne må vere å sitte i skyggen, nett ferdig med eit lass, og vite at ein har ein halvtime der ein ikkje har noko anna å gjere enn å lese i ei bok og la sveitten tørke inn. Verre er det når ein ikkje rekk å klatre ut av siloen før neste lass er på låvebrua, og hendene er fulle av blemmer. Då er det berre ein ting å gjere, nemlig å mobilisere dei siste reservane av arbeidsmoral og blodsukker, og prøve å tenke på at snart er forhaustaren flytta til ein teig som ligg litt lenger vekke frå tunet.

Red.anm sa...

Ja, ein eller annan burde snarast gjere ei seriøs undersøking av rundballinga si negative innverknad på folkeopplysninga