fredag, november 03, 2006

Oskeladden og dei gode hjelparane II


Det var ein gong,osb....


Du hugsar sikkert eventyret om Oskeladden og dei gode hjelparane. Dette er framhaldssoga.

Espen hadde det godt i kongsgarden, men kongen, som kongar flest, hadde det frykteleg travelt. Han fekk ikkje tid til å nytte den fine skuta han hadde fått. Det vart så som så med vedlikehaldet og etter eit par år la han likegodt skuta ut for sal på Finn dott no. Espen , som levde på apanasjen til prinsessa, hadde ikkje eigne midlar. Det hadde derimot bror hans, Per, som hadde slege seg stort opp på sal av hyttetomter og han bladde opp dei nødvendige 5 millionane. Delvis som eit slags takk for sist til veslebror sin.

Så var det slik at Per måtte utanlands eit par år og ikkje hadde høve til å passe på skuta si. Han vurderte å selje, men Espen baud seg å hjelpe bror sin mot at han fekk ta seg eit tur med båten av og til. Dette tykte Per var ein god avtale og slik vart det.

Etter ei tid vart Espen lei. Det å passe på ein stor trebåt er ikkje sytalaust. Dessutan såg han at det nok hadde vore meir framtidsrette å klinke skuta saman med koparsaum enn med jarnnaglar.Han burde nok ha halde seg vaken i byggeperioden. Rusta hadde sett sine spor (når ein berre visste kvar ein skulle sjå etter dei) . Så då Pål ein dag dukka opp og ville overta skuta for ein god pris, var Espen ikkje uvillig, sjølv om han drog litt på det og fekk pressa prisen opp i 6 millionar.

Ein dag Pål var ute på seglas, la han merke til at båten tok inn litt vatn. Etter nærare undersøking kunne han fastslå at han truleg hadde kjøpt katta i sekken . No var gode råd dyre. For å berge stumpane, reiste han ut på kongsgarden og spurde Espen om han kunne tenke seg å kjøpe attende båten. Dette passa bra for Espen, for Per var ventande heim ein av næraste dagane. Han gjorde seg rett nok litt vanskeleg og fekk pressa prisen ned i 4 millionar.

Så då Per kom heim, låg skuta i hamna som han hadde forlete henne, rett nok med skjulte merke etter tida si tann, Espen hadde 2 millionar på bok og Pål, ja han sat der med reva brok men tykte trass alt at han hadde kome seg heilskinna utav det.

Espen fekk sidan blod på tann og utvikla denne forretningsideen. Han vert i ettertid rekna som den verkelege oppfinnaren av såkalla "Hedge Fund", om nokon skulle hevde noko anna.

Om du tykte at dette var ein tiltalande måte å tene til livets opphald, kan du ta kontakt med karane du finn i enden av denne lenkja: Ta tak her.

Berre vit at inngangsbilletten er høg. T.d 300000 kroner. Fagterminologien er heller ikkje enkel for ein vanleg dødeleg.

Ingen kommentarer: