lørdag, juni 30, 2007

Dagens Petter Sprett 1


Dei fleste av oss føler vel eit behov for å ha eit verdsbilete utan for mange kvite flekkar. Det seier seg sjølv at det er umogleg å ha eit detaljert bilete av alle område, men dette ordnar vi greitt med å forenkle. Det vi ikkje har peiling på i det heile, fargelegg vi med "Malingsspannet i Paint"-metoden. På dette grunnlaget uttalar vi oss, meg sjølv inkludert, i hytt og pine og det kan synast som om skråsikkerheita ofte er omvendt proporsjonal med oversikta.


Dette er ei av årsakene til at http://www.dn.no/ er ein av favorittnettstadene mine. Eg føler at eg er fluge på veggen medan finansguruar, -geni og -akrobatar kommneterer aktuelle saker på stammespråket, utan filter. Det gjev meg stort frimod når ein ser kor bastant intelligente menneske kan uttale seg om allt mellom himmel og jord ut frå ein rein fagøkonomisk ståstad.


Difor vil eg her på bloggen lage ein ny kategori, nemleg "Dagens Petter Sprett". Kriteriet for å verte nominert er å kome med ytringar som gjev meg assosiasjonar til fylgjande Ole Brumm-sitat:


"Sprett er lur," sa Brumm tankefullt"
Ja," sa Nøff "Sprett er lur"
"Og han har et godt hode," sa Brumm
"Ja," sa Nøff, "Sprett har et godt hode."
Så var det stille en lang stund
"Det er kanskje derfor," sa Brumm,"at han aldri forstår noe som helst"


Svært subjektivt med andre ord, men agurktid er agurktid.


Den første "Dagens Petter Sprett" er sjeføkonom Øystein Dørum i DnB Nor Markets. Han uttalar seg til Dagens Næringsliv i denne saka:


Klimapress på matpriser


Prisen stiger: Klimaendringer gjør at norske forbrukere må belage seg på å betale mer for matvarene. Produkter som inneholder korn, sukker, mais og olje er blant varene som kommer til å øke i pris.

Dørum sin reaksjon er altså:
Vi bruker en relativt liten andel av inntekt på mat, og dessuten blir utslagene dempet gjennom avgifter, sier han.
Også håp om en mer liberal verdenshandel gjør at sjeføkonomen vanskelig ser for seg noen betydelig økning i matvareprisene her til lands.
- Internasjonalt kan faktorene som driver prisene opp fortsette, men for Norge kan friere handel og mer matimport faktisk gi realprisfall på matvarer, sier Dørum.

Ja, slik kan det vel også seiast.







lørdag, juni 23, 2007

Økologi som forretningsidé

Høyrt på distriktradioen her i Møre og Romsdal i dag:

Tine har mål om å tredoble produksjonen av økologiske meierivarer i løpet av eit par år, men utvikling av nye produkt vert hemma når ikkje fleire bønder legg om drifta. Dette har endra seg kraftig dei siste par åra. Tidlegare hadde vi til dels for mykje økologisk mjølk, men no har vi knapt nok det vi treng til dei produkta vi allereie har.
-Organisasjonssjef i Tine Vest, Odd Fauske.

Bøndene er difor ikkje heilt i takt med forbrukarane sin etterspurnad. Verda over er det aukande interesse for økologiske varer. Mangelen på råstoff kan vere starten på ei skummel utvikling for norske bønder. Vert forbrukarane sitt krav stort nok kan det true importvernet som gjeld for landbruksvarer. Dette signalet bør bøndene ta.
-Leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Arne Magnus Aasen.

Greitt nok, det hadde vore berre bra om ein større del av jorda vart driven etter økologiske prinsipp. Likevel får denne saka meg til å stille meg sjølv nokre spørsmål.
Det vert hevda at bøndene ikkje er i takt med forbrukarane sin etterspurnad. Men er det så sikkert at forbrukarane er i takt med økologien ?

Motivet for å handle økologisk har vore grundig undersøkt ved fleire høve. Her ser du litt av konklusjonen frå ei undersøking utført av ECO-commerce:

Det ser ut til at vi i Norge kjøper økologisk mat fordi vi mener at den naturlige måte den produseres på, resulterer i mat som er sunnere for oss. Mens de lærde strides over forskning om dette kan bevises, er stadig flere av oss føre var. Vi tenker mest på oss selv: Det er veldig kjekt at det er bra for miljø, men jeg graver i lommeboka fordi jeg tror det er bra for meg og mine.


I ei verd med overflod av mat, der utfordringa ligg i skaffe seg marknadstilgang,vil nok det å kaste seg på den økologiske bylgja vere ein OK overlevinsstrategi på lik line med gardsturisme, Grøn Omsorg, Bondens Marknad.og mange liknande tiltak. Men no er det slik at teikna vert tydelegare og tydelegare på at verda er i endring.

Magnar Norderhaug, dåverande instituttleiar ved World Watch Institute Norden, gav i 1996 ut boka "Verdens Mat". Denne vesle boka vekte interessa mi for dette emnet for alvor. Eg tillet meg å sitere:

Dersom verden går inn i en epoke med knapphet og prisvekst på mat, er det behov for en ny jordbrukspolitikk som forener:

  • økologiske hensyn
  • økonomisk lønnsomhet
  • nasjonale egeninteresser
  • global solidaritet

Dette er forhold som politikerne idag helst ikke blander sammen. En slik jorbrukspolitikk vil bli temmelig forskjellig fra dagens.

Dette er ord som er meir aktuelle i dag enn då dei vart nedskrivne. Og eg stiller meg litt tvilande til om forbrukarane sin etterspurnad er det einaste rette verkemiddelet til å utforme ein berekraftig og dermed framtisdretta jordbrukspolitikk.

Eit lite tillegg i ettertid:

I denne samanhengen kan det vere verdt å merke seg kva som skjedde på Cuba etter at Sovjetunionen gjekk opp i liminga. Den vesle nasjonen vart isolert og venelaus. Forsyningar av olje og andre viktige importvarer stoppa opp mest over natta. Dersom ein studerer korleis dei unngjekk massehunger der, vil ein sjå at der er ei grense for kor langt strukturrasjonaliseringa og økologien kan vandre saman. Særleg dersom tilgangen på rimeleg energi skulle verte dårlegare. Etter det eg skjønar, er ikkje det ei usannsynleg utvikling.

Les meir om Cuba her

lørdag, juni 02, 2007

Nabooppslag på www.dn.no i dag


Tidenes beste

Ingenting i norsk økonomi kan stoppe oppturen på børsen. Aksjestrateg Terje Nyborg om fremtiden over 500 poeng.

Varsler kjempesmell

Fred. Olsen (78) varsler en kraftig smell i verdensøkonomien.

En av norsk næringslivs mest erfarne menn tror ikke verdensøkonomien klarer å holde koken.

Det er vel i slike høve eit Ole Brumm-sitat er på sin plass:

"Sprett er lur," sa Brumm tankefullt
"Ja," sa Nøff "Sprett er lur"
"Og han har et godt hode," sa Brumm
"Ja," sa Nøff, "Sprett har et godt hode."
Så var det stille en lang stund
"Det er kanskje derfor," sa Brumm,
"at han aldri forstår noe som helst"