fredag, oktober 27, 2006

Vermelding for samferdleministeren





Truleg er eg meir enn normalt oppteken av veret og vermeldinga. Dette kan sjølvsagt skuldast at eg er ein bekymra person, men det har også samanheng med at ei dårleg vermeldinga ofte får praktiske konsekvensar. Når metereologen melder sørvest full storm ved Stadt som skal dreie til nordvest i løpet av natta, veit eg at vinden på eit tidspunkt vil kome durande over Eidemsbakkane.Då gjeld det at låvedøra og anna lausøyre er sikra. Når han melder lokalt store nedbørsmengder veit eg av erfaring at eg bør sjekke at bekken ikkje er oppdemd av lauv og greiner og at overvatnet vil renne der det gjer minst skade.

Siste åra har metereologien gjort enorme framsteg. Dette har kosta pengar, men ein vurderer det slik at det å satse på vermeldingstenesta er viktig. Det å handle i samsvar med vermeldinga vert rekna for å vere fornuftig sjølv om varselet stundom slår feil. Skuleturar vert avlyste utan grunn og slåtten vert utsett sjølv om sola skin frå skyfri himmel, men vermeldinga sjekkar eg kvar einaste dag likevel.

Også innanfor mange andre fagfelt skjer det store framskritt. T.d. når det gjeld alternative energikjelder. Mange har innsett at oljen ein dag i nær framtid vert mangelvare. Sverige har laga ein ambisiøs plan om å gjere landet uavhengig av olje innan år 2020. Urealistisk vil nokon hevde, beundringsverdig vil andre seie. Uansett, eit gjennomgåande trekk ved dei alternative energiberarane er at dei i motsetnad til olje er lite eigna til bruk i forbrenningsmotorer i "rå " tilstand. Dei må alle gjennom energikrevjande prosessar for å kunne brukast som drivstoff.

Trass alle framsteg, er det svært lite som tyder på at ein i framtida vil ha same tilgang på rimeleg energi som vi har i dei rike , vestlege landa i dag. Det å prioritere kva vi skal bruke energi på og korleis vi skal bruke han, vert ei stor utfordring og ei politisk belastning for dei som sit med ansvaret.

Eg kan ikkje skjøne anna enn at dette burde få konsekvensar for korleis ein samferdsleminister tenkte. Det å stelle med infrastruktur er langsiktige saker og om ein er ein klok og framsynt minister, vil det kanskje ikkje syne seg før om 15-20 år. Det er då ein burde høyre på vermeldinga og ikkje stole på ønsketenkning. Det er berre så synd at det berre er eit knapt år til kommunevalet.

torsdag, oktober 19, 2006

Men..... kven skal halde spikaren ?

Lat meg byrje med eit lite sitat frå ei bok eg held høgt: ... så lat ikkje den venstre handa di vete kva den høgre gjer. Slik kan det altså lyde når ein dreg ei setning ut av samanhengen sin. Vi har i Noreg ein miljøvernminister som er teolog. Ikkje ein konservativ fundamentalist, men det vi trygt kan kalle liberal. Etter det eg skjønar likar ikkje dei at folk dreg ord ut av samanhengen sin og slettes ikkje at ein tek orda bokstavleg. Men no byrjar eg jammen å lure.

Dei fleste er samde i at NOx er ein uting. Dette er skadelege nitrogensambindingar som vert danna når hydrokarbonar brenn ved høg temperatur, t.d. i ein dieselmotor. I det nyleg framlagde forslaget til statsbudsjett vert det varsla ei drastisk omlegging av bilavgiftene og heretter skal avgifta vere avhengig av CO2 utsleppet. I utgangspunktet er dette ein god tanke, tykkjer eg. Men eg såg at den bilmodellen som kjem best ut av det avgiftsmesseg i Noreg samstundes kjem heilt på botn i ei amerikansk undersøking grunna stort utslepp av NOx. Ja, ja, ein kunne vel sjå på det som ein liten glipp, eller kanskje at det var CO2 utsleppet som skulle prioriterast denne gongen.

Men så var det at ramaskriket kom frå fiskebåtreiarane. Og ikkje utan grunn. Dei er nemleg pålagde ei ny avgift som dei hevdar vil knekke store deler av flåten. Kva er det så som skal avgiftsbeleggast ? Jau, det er NOx....... Det er då eg ikkje skjønar nokon ting lenger.

Førstkomande søndag er det innsamling til "Leger uten grenser". Truleg får du bøsseberarar på døra di og i høve den vil eg fullføra sitatet eg kom med i byrjinga og den rette meininga kjem fram.

Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje den venstre handa di vete kva den høgre gjer.

søndag, oktober 15, 2006

Vakkert kanskje, men varslar ikkje godver



Biletet ovanfor var teke samstundes med at barometeret var på topp for så å snu nedover. Det endar nok med at vi får smake litt av vinteren før det tek til vetet, tenkjer eg.

Er kiloprisen på poteter interessant for deg ? Truleg ikkje, eg har nemleg lese at moderne menneske ikkje et poteter. Dessutan er det usunt. Det har Fedon Lindberg og Dr. Robert C. Atkins, og fleire med dei, fortalt oss no i fleire år. For meg derimot, ein inngrodd potetgubbe som meiner at middag utan poteter heiter lunsj, stiller det seg litt annleis. Ikkje det at det er så nøye om kiloprisen er 3, 4 eller 8 kroner, men variasjonane i prisen kan fortelje oss ein heil del.

I Noreg har vi eit (etter mange si meining håplaust) system med noko ein kallar målpris. Denne vert framforhandla i dei årlege jordbruksforhandlingane. Dersom prisen på norske varer overstig denne, har vi i prinsippet fri import frå utlandet. Så lenge prisen er under, har vi vernetoll på importen. Differansen mellom internasjonal marknadpris og målpris vert rekna som subsidiar og representerer ein stor del av alle milliardane i overføringar til jordbruket.

I normalår får ein inntrykk av at kypriotar, danskar og mellomeuropearar står på trappa vår, klar til å rykke inn så snart den norske potetbonden tek seg så godt betalt at importen vert frislept. Ikkje slik i år. I år har tørken i Mellom- og Søreuropa redusert potetavlingane så mykje at der mest ikkje finst poteter å få tak i.

Når eg no likevel kan gå i butikken og kjøpe norske poteter til middagen, er det fordi vi har hatt eit system som har sikra at det har vore mogleg med lønsam produksjon av poteter på dei mest eigna stadene her i landet. Det er dette ein kallar mattryggleik.

I eit system med full frihandel på jordbruksvarer, vil ein ikkje ha høve til å ta slike omsyn. Så kan ein sjølvsagt innvende at "er det så nøye med desse potetene då ?" Nei, det er det eigentleg ikkje, men i år er det potetene, kven veit kva det vert neste år ? Og når eg nyttar poteter som døme, så er det avdi det vert rekna som noko av det sikraste og mest årvisse ein kan dyrke.

Kan hende er det ikkje berre barometeret som bør ta til vetet før vinteren?

PS I dag tidleg var det rim på alle markar og barometert har ikkje snudd.

torsdag, oktober 12, 2006

Symbolpolitikk, trendar og kjepphestar

Som de ser av biletet eg tok i dag tidleg, går det mot haust også på mine kantar av landet. Biletet viser området der sauene mine gjekk på sommarbeite.Toppen er på ca1000 moh. Saudehornet som ligg i same området og som eg har skrive om i eit tidlegare innlegg, strekkjer seg til 1303 moh.Dei fleste lamma lever, lukkeleg uvitande om kva dei har i vente, dei siste 90 av sine tilmålte 150 dagar i desse fjella. Offisielt sett er dei ikkje økologiske.

Dei raudgrøne har eit ambisiøst mål om at 15% av all jordbruksproduksjon skal vere økologisk innan 2015. Dette ser vanskeleg ut å gjennomføre, men så har dei funne ut at ved å gjennomøkologisere sauenæringa (Representerer 7-8% av kjøtproduksjonen i Noreg) er dei som ved eit trylleslag godt på veg.

Dersom no regjeringa når målsetjinga si, er det eit spørsmål som vil dukke opp her hjå meg:
Kva har vi oppnådd ? I realiteten.

Nei, kjepphestar kan vere så fine dei vil. Felles for dei alle er at dei manglar kjøt på beina.

Dersom du vart litt provosert no, kan du lese Debioreglane (etter mi meining, eit flott ideal å strekke seg etter) og gjere deg opp di eiga meining om kva ende ein burde byrje i.

Du finn dei her

fredag, oktober 06, 2006

Konsekvens og konsekvens, fru Blom



Nyhende nr.1:
VG nett 20/04-2005

Bonde dømt for å ha skutt bjørn i grisebingen

En bonde ble onsdag dømt til 21 dagers betinget fengsel av Hålogaland lagmannsrett for å ha skutt en bjørn i grisebingen i Øvre Pasvik i Finnmark i 2003. Bonden skjøt bjørnen i august 2003 etter at bjørnen hadde tatt seg inn i grisebingen. Mannen sa i tingretten at han skjøt i nødverge. Han ble frifunnet både i tingretten og lagmannsretten. Saken ble anket til Høyesterett, der dommen ble satt til side. Nå har saken blitt behandlet i Hålogaland lagmannsrett igjen, og enden på visa er at bonden er funnet skyldig i drap på et fredet rovdyr, melder NRK. I tillegg til 21 dagers betinget fengsel, er bonden ilagt 10.000 kroner i bot. Riflen hans er inndratt.


Bellona er bekymret: Ni havørn drept av vindmøller på Smøla siden august (-05)

Bellona støttet i sin tid utbyggingen av vindparken på Smøla. Vi var da forberedt på at havørnbestanden lokalt ville få et visst tilbakeslag, og vi er fortsatt villige til å akseptere dette. Bellona vil imidlertid aldri godta lokal eller regional utryddelse av arter noen steder.

Eg er fullt klar over at eg her set ting på spissen, men det kan ikkje skade om ein tenkjer gjennom problemstillinga ein gong til.

onsdag, oktober 04, 2006

Det daglege brød og kremmarane på Ponte Castel Sant Angelo


Ein kjøper ikkje sitt daglege brød på Ponte Castel Sant Angelo. På Ponte Castel Sant Angelo får ein kjøpt heilt andre ting. T.d. papirdokker som dansar til musikken frå CD-spelaren til seljaren (og ingenting anna viser det seg), Prada- og Guccivesker til 25 euro og ein heil del andre unyttige ting. Dei som likar å prute, prutar litt, handlar og ser det som svært sannsynleg å verte lurt. Det heile er ein del av sjarmen. Det er ikkje store summane det dreiar seg om og dessutan appelerer vareutvalet til kremmarane på brua kun til behov frå dei høgare etasjane i Maslows behovspyramide.

Nøkkelen til at vi er så overberande ligg truleg her. Det hadde stilt seg heilt annleis om lurendreiarane hadde gjeve seg ut for å stette meir primære behov.

Avisa Dagens Næringsliv køyrer for tida ein artikkelserie om den norske framtidsbonden. Dei etterlyser meir kremmarånd innanfor landbruket og eit fellestrekk ved dei aller fleste som representerer framtida er at dei ikkje produserer det ein kan kalle vårt daglege brød. Knaskegulrøter, granskotgelé og eksotisk reiseliv er framtida og då gjer det liksom ingenting om prisen vert høg.

Eit eksempel som skulle belyse fenomenet frå motsett side er straumprisane og halvfulle magasin i vasskraftverka. Ei stabil tilførsle av rimeleg elektrisk energi har etterkvart vorte eit primærbehov på linje med mat, klede opg drikkevatn. Vi vert temmeleg rabiate når det viser seg at det offentlege ikkje kan styre marknadskreftene og sørge for at vi vert sikra eit gode vi alle ser på som ein menneskerett til ein rimeleg penge.

Las forresten i avisa i dag at britiske forskarar har funne ut at ein tredel av jordoverlata truleg er ørken innan århundreskiftet. Vi får vone dei ikkje har rett. Men totalt sett er teikna tydlegare og tydelegare på at framtida kan by på overraskingar for nokon og einkvar. Det kan endåtil gå så gale at den eigentlege framtidsbonden må produsere vårt daglege brød.....