onsdag, mai 31, 2006

CAD/JPY


Tykte du overskrifta var kryptisk ? Om det er noka trøyst, så gjorde eg og det. Vil du ha løysinga på gåta, kan du t.d. prøve å få eigaren av ein Kønigsegg, Ferrari Enzo, Porche Cayenne, Audi Q7 eller liknande dyrt leikety i tale. Statistisk sett vil dei kjenne tydinga, men du må risikere at prisen du betaler for svaret er å verte møtt med eit kroppsspråk som tydelegare enn ord uttrykker " Veit du ikkje det ein gong din stakkar, ikkje rart du må lurre rundt i ein snart 10 år gammal Opel".

Du skal heller få løysinga her hjå meg heilt gratis.

CAD: Kanadiske Dollar
JPY: Japanske Yen

Du vil kanskje vite kvifor eigarane av dyrt leikety er så familære med forkortingane ? Jau, det har seg nemleg slik at i Canada produserer ein olje. Dei er faktisk den 9. største produsenten i verda. Dermed vert valutaen i Canada råvarebasert. Han styrkjer seg når oljeprisen går opp og vert naturlegvis svakare når oljeprisen fell. Japan derimot, importerer 99% av oljen sin og verdien til japanske Yen har ein tendens til å stige med fallande oljepris og omvendt. Denne samanhengen har naturlegvis spekulantane oppdaga og dei kan tene gode pengar på varierande oljepris ved å kjøpe og selje CAD og JPY til rett tidspunkt.

Eg for min del er ikkje så sikker på om eg synest så mykje om denne gesjeften og meiner det burde være litt samsvar mellom t.d ansvar, nytteverdi, innsats og etikk på den eine sida og belønning på den andre. Ein skal ikkje sjå bort frå at dette skuldast mangel på kunnskap og/eller misunning frå mi side, men å hevde at dei gjer nokon stor innsats for å svekke fordommane mine, det ville vere å overdrive. Ikkje trur eg dei bryr seg det minste heller, for den del.

onsdag, mai 24, 2006

Analyse this...........



Eg skumma gjennom nettutgåva til Dagens Næringsliv i kveld, og av ein eller annan grunn beit eg meg merke i ein artikkel der konsernsjef Inge K. Hansen i Aker Kværner uttrykkjer otte for at regjeringa satsar for lite på oljeforskning. Sannsynlegvis har mannen rett i det han seier, men for meg vart ikkje dette hovudbodskapen i artikkelen. Eg fall av då eg las dette avsnittet:

– Myndighetene bør prioritere forskning på olje- og gass-sektoren. Dette bør tas ut av de årlige budsjettdiskusjonene, ellers taper vi for barnehageplasser, sa konsernsjefen.

Eg er langt frå ekspert på litterær analyse. I mi tid på vidaregåande skule valde eg bort analyseoppgåvene i norsk så sant eg kunne. Likevel sat eg med ei kjensle av at her var det noko mellom linjene. Så eg surra litt rundt på nettet for å finna noko som kunne bekrefte mistanken min. Eg fann dette:

- KONTRASTER blir ofte brukt som motsetninger for å tydeliggjøre, understreke eller forsterke noe. Eksempler på kontraster kan være rike mot fattige, gode mot onde, helter mot skurker. Andre eksempler kan være motsetning mellom by og land, kulturmotsetninger og generasjonsmotsetninger.

Nyttar konsersjefen her eit litterært verkemiddel for å tydeleggjere skilnaden mellom det viktige og det uviktige ? Eller meiner han at barnehageplassar er så viktige at han vil unngå å setje hjartesakene sine opp mot dei ? Det var dette eg vart sitjande å fundere på.

Med andre ord: Det verkemidlet som fekk meg til å legge merke til artikkelen i utgangspunktet gav meg samstundes heilt feil fokus og eg fekk ikkje med meg hovudbodskapen. Kva seier dei på journalistskulen om slikt ?

mandag, mai 22, 2006

Sauer,bjøller, kattar og rottefangarar


For ei søye er det å være bjøllesau å vere på toppen av karrierestigen. Verane har sin eigen stige. Toppen av denne er å få bilete av seg i seminverkatalogen, ha ein avlsindeks på over 130 og få genene sine spreidde ut over heile kongeriket.

Det er strenge kriterier ein må fylle for å verte bjøllesau. Søya må være på toppen av det strenge hierarkiet i flokken. Men like viktig er det at flokken som heilskap og ikkje minst bonden har fordelar av at resten av søyene fylgjer bjøllesauen. Vegen frå fjellbeite til fårikålgryta er kort dersom ho ikkje stettar krava.

Googlar du "bjellesau" no for tida, får du mest ingen treff som handlar om firbeinte. Dei aller fleste treffa har med børsen å gjere. Ein bjellesau på børsen er ein som har så mykje pengar at dersom han bestemmer seg for å nytte ein slump av desse til å kjøpe seg opp i eit selskap, vil folk tru at her er det noko stort på gang og kursen vil automatisk stige. Når kursen er på topp, kan så han med bjølla selge unna og tene gode pengar, medan dei som har fylgt etter og er for seine i snuen, taper tilsvarande. Dette er heilt lovleg verksemd, men eg våger å påstå at det å kalle traderen ein bjøllesau, er å misbruke ein heiderstittel.

I børssamanheng ville det vere meir i samsvar med tradisjonane å bytte ut sauen med ein katt. Omgrepet "å henge bjella på katten" er henta frå ein av Æsop sine fablar. Er du i tvil om tydinga, kan du lese fabelen her.

Skal ein halde seg til temaet fablar og eventyr, tilstår eg gjerne at assosiasjonane mine går meir i retning av det skumlaste og dystraste eventyret av alle, det om rottefangaren frå Hameln, når eg les om Vollvik & co sine raid på børsen.

torsdag, mai 18, 2006

Vidundermedisin


Dei ytterst få, kan sikkert telje dykk på ei hand, som har lese noko av det eg har lirt av meg her på bloggen min, har kanskje lagt merke til at eg er svært glad i ordet berekraft. Eg meiner bestemt at det vi føretek oss her på jorda burde tåle dagslys om både 50 og 100, ja 1000 år for den del.

Det er lett å vere kynisk på nettet. Eg ser det tydeleg i det eg skriv sjølv og endå tydelegare i det eg stundom har lyst til å skrive. Men kynisme er ikkje berekraftig. Har du ein bodskap du gjerne vil formidle og kynismen tek overhand, vert det som å tenne ein lampe utan olje.Det brenn kanskje ei lita stund, men det er berre veiken som brenn.

Men no har eg funne ein vidundermedisin mot kynisme. Eg kjøpte nemleg siste plata til Bruce Springsteen her om dagen, "We shall overcome.The Seeger sessions", den første plata av the Boss eg har kjøpt sidan "Born in theUSA" kom ut og eg var på konsert saman med 30000 andre på Valle Hovin.

Plata skal nytast i store dosar og på høgt volum. Etterpå kan du lese gjennom teksten til "How can I keep from singing", eit bonusspor du finn på DVD´en. Så kan du setje deg ned og eventuellt skrive ferdig det du heldt på med. Eg tillet meg å gjengi 2. verset her.

What through the tempest loudly roars,
I hear the truth, it liveth
What through the darkness round me close,
Songs in the night it giveth
No storm can shake my inmost calm
While to that rock I'm clinging
Since love is lord of Heaven and earth
How can I keep from singing?

mandag, mai 15, 2006

Kråke eller panda ?


Det vert sagt at 99,5% av alle artene som har eksistert på jorda er utrydda. Mennesket har av naturlege årsaker alibi for mesteparten av dette, det er trass alt ikkje lenge sidan den første homo sapiens dukka opp. Likevel, ikkje sidan dinosaurane og halvparten av artene på jorda døydde ut for 65 millionar år sidan har avgangen vore større enn no. Ein reknar med at kanskje så mykje som 100 arter forsvinn for godt kvar dag og at halvparten av alle arter på jorda er utrydda om 50-100 år. Mykje av dette skuldast utan tvil menneskeleg aktivitet.

Så kan ein stille seg spørsmålet. Kven er det som forsvinn og kven er det som overlever ? Grovt sett kan ein seie at generalistane, dei mangfaldige og tilpasningsdyktige overlever, medan spesialistane døyr ut. Kråka er ein typisk generalist med suksess. Pandaen derimot er ein spesialist som lever på ein knivsegg, totalt avhengig som han er av tilgang på friske bambusskot og ingenting anna. Eit tiltalande ytre tel ingenting i denne samanhengen.

På same måte vert eit samfunn, der utelukkande økonomiske kriterier vert nytta når ein skal vurdere kva som er framtidsretta og ikkje, meir og meir likt pandaen. Vi vert meir og meir sårbare. T.d. kunne ein i Brennpunkt på TV2 i går høyre at vi aldri, trass i all vår materielle velstand, har vore meir utsette for verknadene av ein pandemi enn vi er i dag.

Kan hende er det greitt å være panda i dag, men i lengda har eg mest tru på kråka.

mandag, mai 08, 2006

Og dermed kan "peakoilerane" gå heim og legge seg

I dagen nettutgåve av DN kjem fylgjande gladmelding:

Dermed burde "peakoilerane", plagsame dommedagsprofetar og miljømoralistar gå skamfulle heim og legge seg. Skulle ein tru. Dersom ein kun les overskrifta. Les ein derimot gjennom stykket, finn ein ingenting som burde få nokon av dei nemnde til å gå i skammekroken. Essensen er vel heller:
  • Sannsynlegvis er mesteparten av den lett utvinnbare oljen i Nordsjøen allereie oppdaga, men ein kan framleis gjere det ein kallar betydelege funn.
Problemet er ikkje at jordskorpa ikkje inneheld hydrokarbonar. Sjøbotnen under Norskehavet inneheld t.d. uhorvelege mengder kol. Sannsynlegvis nok til å dekke verda sitt energibehov i fleire hundre år. Men å gjere denne energien tilgjengeleg, det vert ei heilt anna sak. I Canada og Venezuela finst tjøresand som i utgangspunktet også skulle kunne redde oss gjennom dei næraste hundre åra, men her støyter ein på noko av det same problemet i tillegg til dei alvorlege miljøkonsekvensane vi veit at utvinninga av denne ressursen har.
Ein føresetnad for at vi skal kome oss ut av uføret er at vi først som sist innser at "The Big Fix" sannsynlegvis ikkje vil dukke opp og å forsone oss med ei framtid der energi vert ei mangelvare.
Hittil har dette for det meste handla om å utvikle ny teknologi, men like viktig vert det å "ominreie" hovuda våre slik at det går an å vere menneske sjølv utan t.d. to sydenturar i året og "gratis" mat frå andre sida av kloden. Med andre ord: Skape ei kollektiv bevisstheit om kva veg det ber og vilje til å ta ansvar.
På bakgrunn av dette er det ikkje sikkert at overskrifta i DN er så positiv likevel.