mandag, februar 26, 2007

Emergianalyse på vedaskogen



Hogg veden sjølv, så varmar han deg to gonger, heiter det i eit gammalt ordtak. Når du tenkjer på alle arbeidsoperasjonane som skal til, kan ein trygt seie at dei ikkje overdreiv, dei gamle. Først skal treet samle solenergi i fleire år og gjere denne om til tre. Så skal treet fellast (den mest morosame delen), kvistast, kappast i passande strangar, dragast i hop, kappast i kubbar, kløyvast, transporterast i hus og ”lødast i lad”. Målet er at så mykje som mogleg at den lagra solenergien kan omformast til varme i stova heime.

Det skulle ikkje vere så vanskeleg å innsjå at alle mellomledda ”stel” av lasset. I gamle dagar, då arbeidet vart utført med muskelkraft, kom energien til dette arbeidet frå sild, poteter, vassgraut og eventuellt litt høy og havre til hesten. Fornybar energi med andre ord. I vår tid er det bensin til motorsaga og diesel til traktoren som er innsatsfaktorane det vil seie ”ikkje fornybare energikjelder”. Veden min vil dermed kome dårlegare ut i ein emergianalyse (det er det det heiter) enn veden oldefar min fyrte med.

Alt dette skulle vere temmeleg enkelt å skjøne. Det eg derimot ikkje skjønar i det heile, er at det er stovereint å sjå fullstendig bort frå desse enkle sanningane når ein vel å satse store summar på å finne framtida sine energiberarar.

Sola er med få unntak; tidevatn og havstraumar, den einaste kjelda til fornybar energi, direkte og indirekte. (Kanskje er dette også litt upresist i og med at sola er ein diger fusjonsreaktor som forsyner oss med energi ved å slanke seg) Men når det gjeld presisjonivå er eg langt frå åleine med forbetringspotensiale i denne saka.

Vedhogst kan nyttast til å belyse fleire sider ved dette emnet. Kan hende vil eg kome attende til dette i eit seinare innlegg. Men først må eg få i hus veden min. Han taper seg nemleg litt for kvar regnbyge slik han ligg no.

Vil du lære meir om emergianalyse finn du meir om det her: Trykk her.

onsdag, februar 21, 2007

Om gjerdesitting og sorbus aucuparia


rogn, Sorbus aucuparia, tre av rosefamilien med glatt og blank bark, finnete blad og hvite blomster i store halvskjermer. Fruktene er røde bær med skarp smak, rike på C-vitamin.

Dette er dei leksikale opplysningane du får i Caplex og dermed skulle vel det viktigaste vere sagt om rognen.

Dei nemner ikkje at rognen har ein stygg tendens til å rotne på rot, innanfrå og at sjangsane dine for å vinne hovudgevinsten i lotto er større enn for å finne eit "perfekt" eksemplar. Dessutan
er han ein insektmagnet og er særleg om sommaren eit eldorado for "utøy"av alle slag.

Såleis deler rognen fleire av lyta sine med dei fleste av oss tobeinte.

Likevel har rognen etterkvart blitt favoritt-treet mitt. Han har eigenskapar som vi alle kunne ynskje oss meir av. Du kan knekke greiner, bøye han ned, ja velte heile treet. Likevel, neste vår kjem nye skot som strekkjer seg mot lyset. Sjølv om ting aldri blir perfekte, at resultatet sjeldan står i stil med forventningane, gjer han det beste ut frå føresetnadene og når hausten kjem, står han der, bugnande med raude rognebær. Jobben er gjordt.

Rognen er også ofte siste treet du ser på tur oppover når du skal på fjellet. Etter at tregrensa er passert og snaufjellet ligg framfor (eller ovanfor) deg, skjer det rett som det er at du kan kome framom ei rognebuske som har funne seg litt livd og klorar seg fast som best ho kan.

Gjerdesitting er ein fin hobby. Du har god oversikt frå gjerdet og der kan du sitje å fylgje med på livet. Du har høve til i ro og mak å vurdere kva som er verdt å satse på og let du vere å satse, kan du vere så kritisk og etterpåklok du vil utan at det kostar deg noko. I den augneblinken du hoppar ned frå gjerdet, utset du deg sjølv for fare for å mislukkast og å hamne i gapestokken. Det er prisen du betaler for å vere med på leiken.

Som samfunn står vi framfor tallause utfordringar. (Ikkje akkurat ei original utsegn). Vi kan alle lære noko av rognen. Men vi treng også gjerdesittarane. Vi treng nokon som kan alarmere når vi er i ferd med å satse alt på den haltaste hesten.

søndag, februar 18, 2007

I fonnskogen (og elles)



The survival of the fittest is the ageless law of nature,
but the fittest are rarely the strong. The fittest are those
endowed with the qualifications for adaptation, the ability
to accept the inevitable and conform to the unavoidable,
to harmonize with existing or changing conditions.

Dave. E Smalley

fredag, februar 16, 2007

Raske klimaendringar




25 grader og 5 dagar.

fredag, februar 09, 2007

Eit haldepunkt for eigne meiningar


I Sverige kranglar dei for tida så busta fyk om bioetanol. Som kjent har broderfolket ein ambisjon om å gjere seg uavhengige av oljen, og det å erstatte bensin med etanol som drivstoff til bilparken er ei viktig brikke i satsinga. Det verka ei stund som om allt var fryd og gaman, men det var nok berre på overflata. No har skeptikarane våga seg ut på banen og eg let Torbjørn Rydberg, som eg presenterte i eit tidlegare innlegg her på bloggen, vere talsmann for dei:

-Att ersätta bensin med etanol är rena lurendrejeriet. Det går åt mer energi att framställa den än vad man får ut när man gör en bredare analys av allt bakomliggande arbete, menar lantbruksforskaren Torbjörn Rydberg.
- Den enda långsiktigt hållbara vägen blir att ställa om och i högre grad utnyttja sol, vind och vatten och utveckla samspelet med naturen. Inte som i dag genom att öka vår välfärd genom effektiviserade tömningsprocesser av naturen.
Heile artikkelen finn du her: Trykk

Det er klart at slikt ikkje vert ståande uimotsagt all den tid bioetanolen er omfatta av så mykje prestisje og økonomiske interesser. Og kritikarane får passet sitt påskrive så det held:

-Okunnighet är förståelig, allmänt och grötmyndigt tyckande är påfrestande, men påståenden och "tyckande" i den allmänna debatten om dessa komplexa och allvarliga systemfrågor med argument som gränsar till medveten desinformation är oförsvarligt i dessa viktiga sammanhang.
Heile artikkelen finn du her: Trykk

Så kven skal ein tru på ? Det er i alle fall ikkje studiepoenga som manglar på nokon av sidene i debatten. Tørre tal overtyder visst ingen. Kan hende må kjenslene mobiliserast og då kan det hende at ei lita forteljing kan vere til hjelp.


I Mexico bur der mykje folk, omlag 105 millionar. Desse er spreidde rundt i eit land som er seks gonger større enn Noreg. Til dagleg et ein gjennomsnitts mexicanar uhorvelege mengder tortillas, maislomper, gjerne 8-10 stykk. På 80-talet var landet sjølvforsynt med mais, men tidleg på 9o-talet underteikna Mexico NAFTA-avtalen, ein amerikansk frihandelsavtale. Allereie første året vart maisimporten frå USA tidobla samstundes som at 700000 mexicanarar reiste til USA på jakt etter arbeid og konkursraset blandt småbøndene starta. I løpet av dei første 10 åra med NAFTA gjekk 1,3 millionar av dei konkurs og du finn dei no i slummen i storbyane eller i lavstatusjobbar i USA. No 13 år etter NAFTA, har USA ei arbeidsinnvandring på 1 million i året frå Mexico og Mellom-Amerika.



I fjor gjekk det frå vondt til verre og no rår det opprørsliknande tilstandar i maisen sitt heimland. Tortillaen har vorte opp til 4 gonger dyrare på kort tid. Årsaka til elendet er at USA, som også skal verte meir uavhengig av olje har satsa stort på maisbasert bioetanol. Dette har ført til at maisprisane har stige dramatisk og ettersom bioetanolproduksjon er sterkt subsidiert, "tåler" denne industrien høge prisar. Eksporten er også redusert til eit lavmål grunna auka innanlandsk forbruk. No kan ein sjølvsagt spørje seg: Kvifor kan ikkje berre mexicanarane dyrke sin eigen mais no då ? Dette kan delvis forklarast med at eigarstrukturen i mexicansk landbruk har endra seg dramatisk siste åra og storbønder og multinasjonal agribusiness disponerer no ein stor del av jorda i landet. Det er ikkje sjølvsagt at dei vil dyrke kvit mais (folkemat) til sjølvberging når dei tener betre på å dyrke gul mais (eigna til kraftfor og etanolproduksjon).

For meir stoff om denne saka, kan dette vere ein fin stad å starte : Trykk

Eg vil påstå at vi kan lære eitt og anna av denne soga:

Dei som hevdar at storstilt satsing på biodrivstoff ikkje vil påverke matvaresituasjonen i verda, tek feil. For det har allereie skjedd. Matvarelagera i verda er allereie på eit lavmål og er framleis minkande.

Det er dei fattige som først vert råka av dette.

Frihandel, agribusiness og biodrivstoff har vist seg å vere ein kombinasjon som kan ha uheldige fylgjer. (Utilsikta vonar eg)

Matproduksjon er ikkje noko ein berre kan slå av og på over natta.

Så no kan du sjekke deg sjølv. Kven har du lyst til å tru på ? Eller, kven trur du du burde tru på? Det er her litt heimesnikra empiri kan vere til hjelp. Eg har i grunnen stor tru på han.


empiri (av gr.), det som bygger på erfaring; erfaringslære. — empiriker, forsker, vitenskapsmann som bygger på erfaringen. — empirisk, erfaringsmessig. — empiriske vitenskaper, vitenskaper som bygger på eksperiment og erfaring.

Elles vil eg anbefale at de les dagens innlegg på "Kveldssongen". Der i garden fokuserer dei på ei anna side av same sak. Ta sats og hopp. Trykk



tirsdag, februar 06, 2007

Og stjernene vil lyse

Vi har fått litt å fundere over i veka som har gått. Rapporten frå FN sitt klimapanel, med vassmengdene i Djakarta som ei understreking av alvoret, ar alment kjent. At Matt Simmons, ein av nestorane på området, har gått ut og proklamert at Peak Oil er nådd og at oljeutvinninga no startar "sitt lagnadsbundne fall, og vil halde fram med det i all framtid", som det heiter på bloggen Kveldssong for hydrokarbonar ,er mindre kjent.Når ein kombinerer dessse to nyhenda, skal det lite til før tankane fer sine eigne vegar. Eg må vedgå at hunden, trafikken og omgjevnadene elles ikkje fekk all verda med merksemd på turen no i kveld. Men så fekk eg sjå Saudehornet bada i måneskin og det første som slo meg var merkeleg nok eit dikt av Herman Wildenvey. Kvar det har halde seg alle desse åra anar eg ikkje, det poppa berre opp. Analogiane er nok av det tvilsame slaget, men eit eller anna er der nok.

I Tanker

I haven vandrer en prestemann.
Han tenker alvorlig på Gud.
Da lister lett over gangens sand
en søt liten sommerens brud.

Og presten slår øynene opp og ser
at piken er såre skjønn.
"Barn,"sier presten,"se,presten ber,
og du forstyrrer hans bønn,"

"Jeg var på vei til min elskede, jeg,"
sier piken med senkte blikke.
"Jeg tenkte op ham, og jeg så deg ikke.
Og da er det underlig rart av deg,
som tenkte op Gud, - at du så meg.

lørdag, februar 03, 2007

Gulrot eller pisk ?





Så har endeleg FN sitt klimapanel lagt fram rapporten sin. Den største sensasjonen var vel at dei i det heile, etter dagevis med taktikkeri, språkleg flisespikkeri og diplomatisk tautrekking, kunne semjast om ein ordlyd. Når det gjeld den faglege essensen , burde ikkje han kome som noko sjokk for nokon som har hatt eit minstemål av interesse for å fylgje med i timen siste åra. Ein kan ha grunn til å føle seg undervurdert når fylgjande kan presenterast som nyhende:

-Dramatisk klimavarsel
Verdens klimaforskere blir stadig sikrere i sin sak

-Mer intense stormer og orkaner
FNs klimapanel varsler raskere global oppvarming, og fastslår at den er menneskeskapt

Eg kan ikkje skjøne anna enn at majoriteten av klimaforskarane i verda hadde funne innsatsen sin temmeleg meiningslaus dersom rapporten hadde vorte mindre ”sjokkerande”.

Men no er det altså fastslege, tida for handling er komen og jakta på milliardane skal starte. Det er skilnad på å vere smart og å vere klok og det å handle rett har sjeldan vore det mest lønsame på kort sikt. Det er i slike tider kloke styresmakter verkeleg må styre og bruke både pisk og gulrot. No har det seg diverre slik at der det er gulrøter, er der også snyltarar og det å skilje flotte presentasjonar og innpakning frå reelt innhald vert ei kjempeutfordring. Ein kan verte skremd når ein registrerer kva som kan presenterast som grønt og framtidsretta og kor ukritisk deler av pressa let seg bruke. At bakenden til Jon Arne Riise kan resultere i store oppslag i dei største avisene i landet, dei som likar å kalle seg den 4. statsmakta, skulle seie sitt om dei faglege prioriteringane.