lørdag, februar 03, 2007

Gulrot eller pisk ?





Så har endeleg FN sitt klimapanel lagt fram rapporten sin. Den største sensasjonen var vel at dei i det heile, etter dagevis med taktikkeri, språkleg flisespikkeri og diplomatisk tautrekking, kunne semjast om ein ordlyd. Når det gjeld den faglege essensen , burde ikkje han kome som noko sjokk for nokon som har hatt eit minstemål av interesse for å fylgje med i timen siste åra. Ein kan ha grunn til å føle seg undervurdert når fylgjande kan presenterast som nyhende:

-Dramatisk klimavarsel
Verdens klimaforskere blir stadig sikrere i sin sak

-Mer intense stormer og orkaner
FNs klimapanel varsler raskere global oppvarming, og fastslår at den er menneskeskapt

Eg kan ikkje skjøne anna enn at majoriteten av klimaforskarane i verda hadde funne innsatsen sin temmeleg meiningslaus dersom rapporten hadde vorte mindre ”sjokkerande”.

Men no er det altså fastslege, tida for handling er komen og jakta på milliardane skal starte. Det er skilnad på å vere smart og å vere klok og det å handle rett har sjeldan vore det mest lønsame på kort sikt. Det er i slike tider kloke styresmakter verkeleg må styre og bruke både pisk og gulrot. No har det seg diverre slik at der det er gulrøter, er der også snyltarar og det å skilje flotte presentasjonar og innpakning frå reelt innhald vert ei kjempeutfordring. Ein kan verte skremd når ein registrerer kva som kan presenterast som grønt og framtidsretta og kor ukritisk deler av pressa let seg bruke. At bakenden til Jon Arne Riise kan resultere i store oppslag i dei største avisene i landet, dei som likar å kalle seg den 4. statsmakta, skulle seie sitt om dei faglege prioriteringane.

Ingen kommentarer: