Er naturen ein seriøs leverandør ?
Ein kan saktens undre seg over kvifor det er slik, at hjorten er programmert slik at bukkane nærmast gjer seg til vrak rett før dei går inn i vintertida, medan mange andre dyr får nytte tida til å førebu seg på dei harde tidene. Svaret er sjølvsagt at neste generasjon skal få ein optimal start. Kalvinga skjer i månadskiftet mai-juni. Då har kolla allereie fått i seg dei første næringsrike spirane og kalven vert fødd i det naturen eksploderer. Om bukken overlever vinteren er mest utan betydning, han har fått overført genane sine. Så viseleg og så brutalt har naturen ordna det.
Landbruksnæringa i Noreg får kritikk for at ein ikkje kan levere ferske råvarer året rundt. Skal ein vere ein seriøs, framtidsretta aktør, er det eit minstekrav. Og dei prøver så godt dei kan. Eit av tiltaka er å satse på Dorset-sauen, ein rase med ein genfeil som gjer at han kan kome i brunst året rundt og og kan få lammekull med 8 månaders intervall. Ein vil då sjølvsagt kunne produsere slaktemogne lam året rundt med inneforing og kraftfor. Men ein har fjerna seg ganske mykje frå den naturlege syklusen til sauen, som liknar mykje på hjorten sin.Det er for meg eit paradoks dersom lønsemda i ei næring som profilerer seg med lam på grøne fjellbeite skal verte avhengig av driftsformer som utviklar seg i ei heilt anna retning.
For kva vil det seie å vere ein seriøs leverandør ? Det er ikkje godt å finne nokon ferdiglaga, generell definisjon på det, men eg prøver meg med ein heimespøta.
-Ein seriøs leverandør skal levere rett vare, i rett mengd, i rett kvalitet, til avtalt tid og til avtalt pris.