søndag, oktober 19, 2008

Lenge sidan sist rev.2

Ja, no er det lenge sidan sist post her på klinkekula. Det er nok finanskrisa som har slege inn med full styrke. Det har blitt så vanskeleg i vite kva ein skal meine. Unntakstilstanden som har oppstått har laga støy i verdsbilete og endra forteikn på nyhendebiletet. Ting som verka rimelege for kort tid sidan er brått heilt absurde......... og omvendt. Overskrifta på denne bloggen har blitt aktualisert i skræmande grad.

Lat meg nytte eit døme:

ESA, EFTA sitt overvåkingsorgan, har som som nokre av oppgåvene sine å sikre fri konkurranse og fri flyt av arbeidskraft, varer,tenester og kapital og har siste åra blitt involvert i mykje som vanlege folk stort sett ser på som indre norske saker. Differensiert arbeidsgivaravgift, klimakvotelov, barnehagestøtte, momsfritak for aviser og kommunalt sal av billeg konsesjonskraft til lokal industri er alle sakar som ESA har arbeidd med.

Akkurat no er det tenestedirektivet som skaper hovudbry for regjeringa og har potensiale til mykje arbeid for ESA.

Men så kom finanskrisa, eit resultat av dei siste åra sine økonomiske oppgangstider, finansiert av"auka gjeld og stigande bustadprisar", for å sitere ein økonom eg høyrde uttalte seg til NRK radio. Regjeringar rundt om i heile verda spyttar titusenvis av milliardar inn i finanssystemet for å hindre total kollaps.

Er det nokon som bryr seg det minste om kva ESA evt. måtte meine om konkurransevridning og hindring av fri flyt av kapital ? Nei, dei må nok fint finne seg i å ordne moms-fritak for Se og Hør og andre viktige ting.

Men dersom det no også syner seg at medisinen mot finanskrisa er dårleg nytt for miljø og naturgrunnlag (mykje tyder på det i med at resepten inneheld stimulans til auka materiellt forbruk), burde ikkje einkvan ta til vit og for alvor byrje å diskutere det systemet som t.d. ESA er eit verkty for ?

Eg ser at Erik Solheim hevdar at finanskrisa kan redde miljøet. Eg er ikkje så overtydd om det. Ei skute uten styrefart er umogleg å styre.