lørdag, september 30, 2006

Om livet på ein knivsegg

Du les no ein redigert versjon av dette innlegget. Eg oppdaga at det i originalen hadde snike seg inn ein grov faktafeil og det enklaste hadde då vore å slette heile driten. Men så kom eg på at det kan hende er like lurt å late det stå som ei påminning om at det ikkje løner seg å være kjepphøg på sviktande grunnlag.

I går var dei sak på Dagsnytt att. Dei heng visst saman som erterris,Gilde og E. coli. Men no tykkjer eg at NRK og media elles er i ferd med å koke suppe på ein spikar. Saka var at det vart oppdaga E.coli-infisert innmat ved Gilde sitt slakteri på Sortland og at Mattilsynet la ned omsetningsforbod. Ein kunne få inntrykk av at Gilde hadde tenkt å sende styggedomen ut på marknaden men at Mattilsynet kom som ein reddande engel i siste sekund og fekk hindra ein ny skandale. Sanninga er at Mattilsynet sin kontroll på slakteria er ein del av Gilde sine standard kontrollrutinar, og saka vert vel såleis ei "ikkjesak".

Dementiet:

Det var her det svikta. Diverre for meg og Gilde, var det ikkje Gilde sin kvalitetskontroll som oppdaga miseren, det er derimot Tind Spekemat på Stranda som får ros av Mattilsynet.

No kjem resten av originalen


Problemet er vel heller det ein kan kalle arven etter Sponheim. Han prøvde å framstille det som om det var mogleg å produsere 100% steril mat og at dette skulle være ein føresetnad for norsk matpolitikk. Han, av alle, burde skjøne at dette er ein illusjon.

Er løysinga å verte vegetarianar ? Det finst mange gode argument for å verte det, men eg tvilar på at det vil løyse dette problemet. Ein kan t.d prøve å setje litt av botnrusket i potetposen til dyrking, så tenkjer eg resultatet vert temmeleg skræmande etter ei tid.

Så vi lyt berre leve med det. Ein kan gjere mykje for å redusere risikoen ved å handle fornuftig, men fjerne han ? Aldri så lenge mat er eit naturprodukt og det er vel det vi ynskjer ....

mandag, september 25, 2006

Sauene i Saudehornet

Åtvaring: Dette innlegget er fritt for politiske og samfunnskritiske ytringar. Det er berre kos.

Det vert sagt at " allt fe er sin herre likt". Det er langt frå kvar dag eg set like stor pris på denne samanlikninga. Ikkje slik i går. At dei siste 8 etternølarane mine heller ville ta seg ein tur på Saudehornet enn å subbe rundt husnovene heime ein slik dag, er lett å forstå. Likevel trudde eg mest ikkje mine eigne auger då eg stod på Skålaskaret og kika opp mot Vesthornet. Rett under toppen låg dei og orta i ettermiddagssola som om det var det mest naturlege i verda.




Som de ser, vil ein tur ned i Trollkoppen vere raskt unnagjort, om ein tek snarvegen.

Men no er det takk for i år, folkens, det er inga bønn. Det er berre å ta til på den lange vegen heim att.


Etter litt om og men kom vi oss ut or Vikeskåla og på råsa heimover under hamrane i Nivane.



No er det berre rake råsa heimatt. Langt der nede kan ein sjå alle dei autoritetstru som vart med heimatt på sankardag og dermed miste ein fantastisk dag i fjellet. 25 av dei har jamvel lagt ut på siste reis til Førde i mellomtida. Det finst mange gode grunnar til å halde seg i fjellet.

Dagens digresjon


Så flatt kan ein få det til å sjå ut. Det er ikkje juks, berre eit spørsmål om perspektiv. Så kan ein spørje deltakarane på "Saudehornet rett opp" om det er eit sant bilete.

søndag, september 24, 2006

Produsentar, konsumentar og Den vesle raude høna


Ei lita raud høne fann ein dag eit lite kveitekorn.
- ”Kven vil hjelpe meg å så kornet?” spurde ho.-
- ”Voff, voff! Ikkje eg” sa hunden.
- ”Mjau, mjau! Ikkje eg” sa katten.
- ”Nøff, nøff! Ikkje eg” sa grisen.
- ”Kvakk, kvakk! Ikkje eg” sa anda.
- ”Så får eg gjere det sjølv, då” sa den vesle raude høna. –Klukk, klukk. Så sådde ho kornet.

Resten av eventyret kjenner de sikkert. Den som meiner at høna er urimeleg når ho til slutt set til livs heile kaka, får heller skrive ein kommentar til dette innlegget.

Bokhandlerforeningen gjev kvar haust ut katalogen Årets bøker. Denne finst også i ei nettutgåve. Eg kom ved eit tilfelle over 2005-utgåva her om dagen. Eg såg då at katalogen inneheldt 68 nye titlar som handla om mat og drikke, altså kokebøker, vinguidar og slikt. Ikkje ein einaste tittel handla om alt som skjer med maten før han kjem til butikken.

Det var då eg kom på eventyret om den vesle raude høna.

tirsdag, september 19, 2006

Tomatar, gulrøter og harde fakta


Dersom du har lese litt av det eg har skrive på denne bloggen tidlegare, har du sikkert funne ut at eg har meir eller mindre vitskapleg underbygde meiningar om emne som ligg langt utanfor kompetanseområdet mitt. Dette gjeld t.d.:

Energiforsyning
Globalisering og konsekvensar av påtvungen frihandel.
Miljøvern, klimaendringar og CO2-utslepp.
Matvareforsyninga


Eg er viss på at ein kar som Trygve Hegnar hadde avslørt det eg kjem med som vikarierande argumentasjon for sugerøret eg har i statskassa i og med at eg for tida har 60-70 sauer brækande rundt novene. Det får no så vere, men eg må vedgå at eg stundom får ei kjensle av at eg manglar harde fakta som underbygger meiningane mine. Dette gjeld ikkje energiforsyning, der eg har tilgang på informajon så det held, berre sjå.(Trykk her)

I eit slikt argumentvakum, var det mest som ei lita openberring å lese ein artikkel på "forskning.no" her om dagen. Artikkelen verkar ved første augnekast lite sensasjonell, men dersom ein tek seg tid til å analysere innhaldet vil ein sjå korleis ting heng saman. Eg påstår ikkje at løysingane som vert presenterte er noko sesam-sesam, men eg er viss på at å ta konsekvensane av det som kjem fram er eit steg i rett retning. Det er ikkje lite berre det.

No kan du lese artikkelen sjølv og gjere deg opp di eiga meining. Han er ikkje lang. (Trykk her)

torsdag, september 14, 2006

Ikkje alle ansikt er like


Du har sikkert høyrt vitsen om han som hadde funne opp barberingsautomaten, men eg vonar du toler han ein gong til.

Oppfinnaren: Kom her skal du sjå den nye oppfinninga mi, ein barberingsautomat.

Skeptikaren: Korleis fungerer den då ?

Oppfinnaren: Du trykker berre på start og stikk så hovudet inn i dette holet.

Skeptikaren: Korleis kan det gå då, alle ansikt er då ikkje like ?

Oppfinnaren: Nei, men dei blir like.

Den teknologiske utviklinga har kome langt sidan denne vitsen såg daglys for fyrste gong. Med moderne sensor, styrings og reguleringsteknikk, kan det idag lagast ein slik automat som fungerer. Eg finn det ikkje eingong usannsynleg at det er mogleg å lage ein automat som utfører perfekt og skånsan barbering med gamaldagse barberknivar. (Av innlysande årsaker vert dette nok ingen kommersiell suksess).

Ein av føresetnadene for at dette er mogleg er den fantastiske utviklinga vi har hatt innanfor kunstig syn, "Artificial Vision", ein kombinasjon av kamerateknikk og avansert databasert biletbehandling. Maskinbyggaren får ved å nytte denne teknikken eit fantastisk realistisk 3-dimensjonalt bilete av den verkelege verda, i dette tifellet ansiktet til kunden. Dette står i grell kontrast til den grovkorna standardmodellen ein måtte greie seg med tidlegare og utgjer skilnaden mellom liv og død (utan standardansikt) for dei fleste stakkarane med hovudet i holet.

Eg er ingen ekspert på økonomi og ikkje er eg politikar heller, men eg har registrert mange døme på kor gale det kan gå når ein handlar i blinde etter ein modell og aldri tek seg tid til å sjå seg rundt for å korrigere kursen.

Kart, kompass og GPS er nyttige og stundom nødvendige hjelpemiddel å ha med seg på fjelltur, men eg let alltid terrenget bestemme kvar eg set foten. Det har fungert hittil.

mandag, september 11, 2006

Eg veit eg ikkje burde, men seier det likevel: Kva var det eg sa ?

To av dei faglege alibia for innføring av energilova i 1990 står no fram i Dagens Næringsliv og vedgår:

Det var ikke sånn det skulle bli!

Heile artikkelen finn du her
Det er visst marknaden som ikkje fungerer som føresett. Eg tykkjer det er vakse gjordt av Einar Hope og Erling Diesen å innrømme dette, men eg er ikkje overtydd om kor mykje dei har lært når eg les dette:

- Det er ikke energiloven i seg selv det er noe galt med. Problemet er at det ikke er bygget ut ny kraft etter hvert som forbruket har økt. Dét er den store katastrofen, sier Diesen.

lørdag, september 09, 2006

Det greider seg nok i sjøen, skal du sjå

Det greider seg nok i sjøen, sa han. Eg hugsar ikkje kven det var som sa det, ikkje situasjonen utsegna kom i heller. Det som derimot sit spikra, er andletsdraget hans i det orda fall. I ettertid har eg kome til at dette truleg var mitt førsta møte med ironien.

Det skulle vere ganske innlysande kva uttrykket spelar på, at det vert brukt som uttrykk for det sjølvbedraget som ligg i det å kaste ein ugreidd garnvase på sjøen i von om at kreftene i havdjupet skal ordne opp i flokane og falde garnet ut i heile si lengd.

Havstraumar og vind er udiskutable storleikar som ein må ta omsyn til og dei kan då vere til nytte. Det same kan vel seiast om marknadskreftene. Eg har lite tru på at utfordringane vi har når det gjeld t.d. miljø, energiforsyning, matforsyning og fattigdomen i verda let seg løyse ved ei blind tru på marknadskreftene. Vi lyt nok ta oss tid til å greie garna våre først, sjølv om dei er aldri så fulle av krabbeklør og brennmanetar.

søndag, september 03, 2006

Farao, Josef og straumkrisa


Hugsar du soga om Josef som draumetydar i Egypt? Dei fleste vil nok hevde at Det gamle testamentet er utgått på dato som rettesnor for noko som helst. Eg vedgår gjerne at eg er usamd i det.Eg vil difor gje deg eit kort og ufullstendig resyme av soga.Heile forteljinga finn du i 1. Mosebok kapittel 39 og utover.

Josef sit i fengsel som offer for eit justismord iscenesett av den forsmådde kona til Potifar. Farao har draumar som ingen av runemeistrane eller vismennene hans kan tyda, men skjenkemeisteren hans kjem i hug eks-cellekameraten sin, Josef, som var ein kløppar til å tyde draumar. Josef får "permisjon" frå fengselet og audiens hjå farao. Han tolkar farao sine draumar som eit varsel om at Egypt vil oppleve 7 år med "ovnøgd og rikdom" med 7 påfyljande uår og det endar med at Josef får ansvar for å førebu nasjonen på det komande elendet. Les ein vidare, vil ein finne ut at dette gjekk svært så bra.

Vi høyrer at det går mot straumkrise i Noreg. Ein treng korkje å tyde draumar eller syner for å innsjå dette. For Midtnorge sin del kjem kraftunderskotet som fylgje av medvitne val. Odd Roger og kompani står no fram og vedgår at dette ikkje var uventa, men at ein ikkje rår over verkemidla som skal til for å få oss ut av uføret.

Det er når ein høyrer slikt at ein tek til å lure på om verda verkeleg har gått så mykje framover som vi likar å tru.