torsdag, september 14, 2006

Ikkje alle ansikt er like


Du har sikkert høyrt vitsen om han som hadde funne opp barberingsautomaten, men eg vonar du toler han ein gong til.

Oppfinnaren: Kom her skal du sjå den nye oppfinninga mi, ein barberingsautomat.

Skeptikaren: Korleis fungerer den då ?

Oppfinnaren: Du trykker berre på start og stikk så hovudet inn i dette holet.

Skeptikaren: Korleis kan det gå då, alle ansikt er då ikkje like ?

Oppfinnaren: Nei, men dei blir like.

Den teknologiske utviklinga har kome langt sidan denne vitsen såg daglys for fyrste gong. Med moderne sensor, styrings og reguleringsteknikk, kan det idag lagast ein slik automat som fungerer. Eg finn det ikkje eingong usannsynleg at det er mogleg å lage ein automat som utfører perfekt og skånsan barbering med gamaldagse barberknivar. (Av innlysande årsaker vert dette nok ingen kommersiell suksess).

Ein av føresetnadene for at dette er mogleg er den fantastiske utviklinga vi har hatt innanfor kunstig syn, "Artificial Vision", ein kombinasjon av kamerateknikk og avansert databasert biletbehandling. Maskinbyggaren får ved å nytte denne teknikken eit fantastisk realistisk 3-dimensjonalt bilete av den verkelege verda, i dette tifellet ansiktet til kunden. Dette står i grell kontrast til den grovkorna standardmodellen ein måtte greie seg med tidlegare og utgjer skilnaden mellom liv og død (utan standardansikt) for dei fleste stakkarane med hovudet i holet.

Eg er ingen ekspert på økonomi og ikkje er eg politikar heller, men eg har registrert mange døme på kor gale det kan gå når ein handlar i blinde etter ein modell og aldri tek seg tid til å sjå seg rundt for å korrigere kursen.

Kart, kompass og GPS er nyttige og stundom nødvendige hjelpemiddel å ha med seg på fjelltur, men eg let alltid terrenget bestemme kvar eg set foten. Det har fungert hittil.

Ingen kommentarer: