lørdag, september 09, 2006

Det greider seg nok i sjøen, skal du sjå

Det greider seg nok i sjøen, sa han. Eg hugsar ikkje kven det var som sa det, ikkje situasjonen utsegna kom i heller. Det som derimot sit spikra, er andletsdraget hans i det orda fall. I ettertid har eg kome til at dette truleg var mitt førsta møte med ironien.

Det skulle vere ganske innlysande kva uttrykket spelar på, at det vert brukt som uttrykk for det sjølvbedraget som ligg i det å kaste ein ugreidd garnvase på sjøen i von om at kreftene i havdjupet skal ordne opp i flokane og falde garnet ut i heile si lengd.

Havstraumar og vind er udiskutable storleikar som ein må ta omsyn til og dei kan då vere til nytte. Det same kan vel seiast om marknadskreftene. Eg har lite tru på at utfordringane vi har når det gjeld t.d. miljø, energiforsyning, matforsyning og fattigdomen i verda let seg løyse ved ei blind tru på marknadskreftene. Vi lyt nok ta oss tid til å greie garna våre først, sjølv om dei er aldri så fulle av krabbeklør og brennmanetar.

Ingen kommentarer: