onsdag, august 13, 2008

Ventar på billegare mat

Bilete: George Osodi/Associated Press

I Vårt Land kunne eg i førre veke lese at verda sine fattigaste no ser fram til billegare mat på grunn av fallande oljeprisar.
Det hadde vore berre bra om dei som slit for å skaffe seg det daglege brødet skulle få meir for pengane sine. Det som uroar meg er den nære koplinga mellom oljepris og matprisar som denne situasjonen så tydeleg dokumenterer.
Med utsiktene til framtidig oljeproduksjon i bakhovudet, var illustrasjonsfotoet som VL nytta til artikkelen svært tankevekkande. Biletet syner barn som leikar på eit nedstengt og forlete oljeanlegg i Nigeria. Om det er billegare mat borna ventar på, er det gode grunnar til å tru at dei ventar fånyttes dersom vi ikkje lukkast i å kople matforsyninga frå tilgang på billeg olje. Vi har med andre ord ei kjempeutfordring her. Kven tek henne ? WTO ?

fredag, august 08, 2008

Kjære Erna..

..du vil truleg aldri lese dette her, men eg har lese debattinlegget du hadde i Dagbladet onsdag denne veka. Der skriv du at du er provosert av dei som kallar brotet i WTO-forhandlingane ein siger for verda sine fattige. Det har du sjølvsagt full rett til å vere. Og det er ikkje det eg reagerer på heller. Det som får meg til å reagere er alle sleivsparka. Du skriv mellom anna:

-Man må nesten spørre seg hva som er motivet for slike utspill, for et ønske om utvikling er det ikke.

-Det er en rasjonell grunn til å være glad for å slippe ny avtale, og den handler om ren redsel for forandring, ikke bekymring for fattige bønder.

Det er då eg vil spørje deg: Korleis i all verda kan du vite det ?

Eg kan ikkje vite om det var med vilje du ikkje nemne at den direkte årsaka til brotet var at India nekta å gje etter for press frå USA om å ofre dei særskilte tryggleiksmekanismane i landbrukssektoren. ( Desse har som oppgåve å verne bønder i fattige land mot lave prisar og import av matvarer.) Men det er klart at det hadde svekka argumentasjonen din om du hadde teke deg bryet med å nemne det.

Magnar Norderhaug, norsk biolog f.1939 d.2006 , avslutta si yrkeskarriere som instituttleiar ved Worldwatch Institute Norden og vart i 2004 utnevnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin innan natur- og miljøvern. I 1996 gav han ut ei lita, viktig bok; Verdens mat, som eg stadig kjem attende til. Der skriv han mellom anna:

Dersom verden går inn i en epoke med knapphet og prisvekst på mat, er det behov for en ny jordbrukspolitikk som forener

-økologiske hensyn
-økonomisk lønnsomhet
-nasjonale egeninteresser
-global solidaritet


Eg har gode grunnar til å tru at dette er like gyldig i dag som for 12 år sidan og meiner at ein avtaletekst som t.d USA pressa på for å få gjennom ville vere eit steg i feil retning i høve Norderhaug si liste.

Utvikling kan vere både positiv og negativ og når valet står mellom å stå stille og å gå feil veg, meiner eg at det må vere legitimt å meine at det er greiast å halde seg i ro.

Det var berre det eg ville seie

lørdag, august 02, 2008

Frihandel, mål eller middel


Førre helg braut WTO-forhandlingane saman att. Fiskarlaget fortvilar, Bondelaget jublar og Sponheimen uttaler fylgjande i ein kommentar til Dagens Næringsliv: " Bondenorge på sitt verste".

Sjølv er eg ikkje heilt sikker lenger. Eg skal ikkje stikke under ein stol at stemninga steig eit par hakk under fjøslua mi sist gong brotet kom. Denne gongen er det meir eit lett resignert "ja ja, det var vel det minst galne som kunne skje"

For det er vel ikkje så mange som verkeleg meiner at ein ikkje treng reglar for verdshandelen ?Spørsmålet er heller korleis desse reglane skal utformast.

WTO har, etter eiga utsegn, auka velferd for innbyggarane i medlemslanda som hovudmålsetjing. Med 153 medlemsland burde ikkje dette vere særleg kontroversielt og dersom ein ser bort frå sterke grupper sin kamp om å behalde eigne privilegier, er hovudstridsspørsmålet av det meir ideologiske slaget.: Er verkeleg uavgrensa frihandel det beste verkemiddelet for å oppnå dette målet ?

For meg har WTO blitt sjølve symbolet på det Kalle Moene så treffande kallar vekemiddelradikalarar. Verkemiddelradikalar vert ein i den augnblinken ein misser målet av syne og verkemiddelet i seg sjølv vert hovudmålet.

Sidan G6 forhanlingane i Geneve kollapsa for 2 år sidan og desillusjonerte utsegner som "det er grenser for kor lenge ein kan piske ein daud hest" vart siterte i avisene verda rundt, kunne ein kanskje forvente at ein denne gongen hadde teke inn over seg at mykje vatn har runne i havet sidan juli 2006. Men der vart eg skuffa.

Dersom ein neste gong (for eg reknar trass alt med at det vert ein neste gong) erkjenner og tek utgangspunkt i dei verkelege utfordringane vi som verdssamfunn står framfor, kan det tenkjast at eg vil fylgje forhandlingane frå heimelagsupporterane sin del av tribunen. Men akkurat det er kanskje ikkje så sannsynleg; WTO presenterer seg trass alt slik på heimesidene sine:

Its main function is to ensure that trade flows as smoothly, predictably and freely as possible.

OK for så vidt, men for meg er og blir frihandel eit tveegga sverd, eit verkemiddel og ikkje eit mål i seg sjølv