fredag, november 24, 2006

I´ve got mail











Skuddsalve til surkålen
Hva med en skuddsalve til surkålen? Nå kan du få en gratis filmfremvisning i julegave fra Telenor, og du velger selv om du vil kose deg med kruttrøyk, tårer eller latter.

Eg fekk E-post i dag. Frå Telenor. Emne var "Julegave til deg". Er det ein ting her i verda eg ikkje treng, så er det skotsalvar til julemiddagen.

Sjefen i Telenor heiter Jon Fredrik Baksaas. Han var i vinden for litt sidan i samband med at han hadde tent så usannsynleg mykje på å realisere nokre opsjonsavtalar han hadde inngått med arbeidsgjevvaren sin.

Det store ansvaret som ligg i det å vere toppsjef for eit slikt stort selskap vert nytta for å rettferdiggjere den enorme godtgjerdsla. Dessutan må ein ha ei gulrot for å gjere ein verkeleg god jobb, det ligg djupt i menneskenaturen. Nedanfor ser du kursutviklinga som ligg til grunn for utbyttefesten.

Men så er det eg tenkjer.:Er ikkje Telenor ei tenesteytande bedrift, som skal leve av å levere gode teletenester til privatfolk og bedrifter ? Og er ikkje Baksaas ansvarleg for desse også ? Han er vel ikkje sjef berre andsynes bedriftseigarane ?

I veka fekk eg høyre at eg er av dei som vert plassert bakerst i køen på Telenor sin kundeservice av di eg ringer for lite. Tenestene dei leverer kan eg skaffe meg rimelegare andre stader og så får eg ei slik julegåve. Nei, det er berre latskap som gjer at eg framleis er Telenorkunde. Burde ikkje kvaliteten på tenestene også vere retningsgivande for løna til Baksaas ?

Dessutan, eg et ikkje surkål til julemiddagen.

1 kommentar:

Per Kristian sa...

Det er litt festleg at Telenor ikkje har tenkt over at det faktisk er ein intim samanheng mellom surkål og skotsalvar - men kanskje er dei så vaksne at dei har gløymt alt som heiter barnehagehumor.