onsdag, februar 21, 2007

Om gjerdesitting og sorbus aucuparia


rogn, Sorbus aucuparia, tre av rosefamilien med glatt og blank bark, finnete blad og hvite blomster i store halvskjermer. Fruktene er røde bær med skarp smak, rike på C-vitamin.

Dette er dei leksikale opplysningane du får i Caplex og dermed skulle vel det viktigaste vere sagt om rognen.

Dei nemner ikkje at rognen har ein stygg tendens til å rotne på rot, innanfrå og at sjangsane dine for å vinne hovudgevinsten i lotto er større enn for å finne eit "perfekt" eksemplar. Dessutan
er han ein insektmagnet og er særleg om sommaren eit eldorado for "utøy"av alle slag.

Såleis deler rognen fleire av lyta sine med dei fleste av oss tobeinte.

Likevel har rognen etterkvart blitt favoritt-treet mitt. Han har eigenskapar som vi alle kunne ynskje oss meir av. Du kan knekke greiner, bøye han ned, ja velte heile treet. Likevel, neste vår kjem nye skot som strekkjer seg mot lyset. Sjølv om ting aldri blir perfekte, at resultatet sjeldan står i stil med forventningane, gjer han det beste ut frå føresetnadene og når hausten kjem, står han der, bugnande med raude rognebær. Jobben er gjordt.

Rognen er også ofte siste treet du ser på tur oppover når du skal på fjellet. Etter at tregrensa er passert og snaufjellet ligg framfor (eller ovanfor) deg, skjer det rett som det er at du kan kome framom ei rognebuske som har funne seg litt livd og klorar seg fast som best ho kan.

Gjerdesitting er ein fin hobby. Du har god oversikt frå gjerdet og der kan du sitje å fylgje med på livet. Du har høve til i ro og mak å vurdere kva som er verdt å satse på og let du vere å satse, kan du vere så kritisk og etterpåklok du vil utan at det kostar deg noko. I den augneblinken du hoppar ned frå gjerdet, utset du deg sjølv for fare for å mislukkast og å hamne i gapestokken. Det er prisen du betaler for å vere med på leiken.

Som samfunn står vi framfor tallause utfordringar. (Ikkje akkurat ei original utsegn). Vi kan alle lære noko av rognen. Men vi treng også gjerdesittarane. Vi treng nokon som kan alarmere når vi er i ferd med å satse alt på den haltaste hesten.

3 kommentarer:

Per Kristian sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Per Kristian sa...

Eg er nok generelt meir skeptisk til gjerdesitjarar enn deg. Dei som seier ifrå, hoppar vel faktisk ned frå gjerdet. Det er nemleg lov å ta setje seg og tenkje seg om ei stund. Dei som vert sitjande på permanent basis, har eg derimot ikkje mykje sansen for. Slik sett brukar du ein glimrande illustrasjon. Det anar meg at nett denne gjerdesitjaren ikkje vert sitjande noka lengd.

pegese3 sa...

Du har nok rett i det. Det er vel slik at det kun er dei som nøyer seg med å vere etterpåkloke som får sitje i fred. Du har rett i ein ting til.Ho vart ikkje sitjande lenge og det det er vel eit føredøme for oss alle. Sjølv om eg høyrer rykte om at dei gamle grekarane tykte at gjerdesitjing (eller kvar det no var dei sat)var det edlaste ein kunne ta seg føre.
-Si meg: Livet, var det alle disse dagene som kom og gikk ?