onsdag, mai 24, 2006

Analyse this...........



Eg skumma gjennom nettutgåva til Dagens Næringsliv i kveld, og av ein eller annan grunn beit eg meg merke i ein artikkel der konsernsjef Inge K. Hansen i Aker Kværner uttrykkjer otte for at regjeringa satsar for lite på oljeforskning. Sannsynlegvis har mannen rett i det han seier, men for meg vart ikkje dette hovudbodskapen i artikkelen. Eg fall av då eg las dette avsnittet:

– Myndighetene bør prioritere forskning på olje- og gass-sektoren. Dette bør tas ut av de årlige budsjettdiskusjonene, ellers taper vi for barnehageplasser, sa konsernsjefen.

Eg er langt frå ekspert på litterær analyse. I mi tid på vidaregåande skule valde eg bort analyseoppgåvene i norsk så sant eg kunne. Likevel sat eg med ei kjensle av at her var det noko mellom linjene. Så eg surra litt rundt på nettet for å finna noko som kunne bekrefte mistanken min. Eg fann dette:

- KONTRASTER blir ofte brukt som motsetninger for å tydeliggjøre, understreke eller forsterke noe. Eksempler på kontraster kan være rike mot fattige, gode mot onde, helter mot skurker. Andre eksempler kan være motsetning mellom by og land, kulturmotsetninger og generasjonsmotsetninger.

Nyttar konsersjefen her eit litterært verkemiddel for å tydeleggjere skilnaden mellom det viktige og det uviktige ? Eller meiner han at barnehageplassar er så viktige at han vil unngå å setje hjartesakene sine opp mot dei ? Det var dette eg vart sitjande å fundere på.

Med andre ord: Det verkemidlet som fekk meg til å legge merke til artikkelen i utgangspunktet gav meg samstundes heilt feil fokus og eg fekk ikkje med meg hovudbodskapen. Kva seier dei på journalistskulen om slikt ?

1 kommentar:

Anonym sa...

Etter mitt ringe vit er analysen din heilt korrekt. Konsernsjefen synest tydelegvis at det er ein pest og ei plage at politikarane er nøydde til å ha litt større perspektiv enn det han har. Det verkar som om han synest det er toskete at ein av og til må prioritere barnehageplassar framfor hans eige felt.

På den andre sida, til konsernsjefen sitt forsvar og såleis litt i strid med den generelle tendensen i denne bloggen, er det jo ei kjennsgjerning at det er lettare å vinne eit val ved å love barnehageplassar enn ved å love pengar til forskinga, sjølv om forsking er naudsynt for å finansiere barnehageplassane til barneborna våre. Slik peikar vår ven konsernsjefen på eit alvorleg demokratisk problem: Langsiktig og framsynt politikk er ikkje alle tider det som sankar flest stemmer, berre sjå på programma til dei tre største partia på tinget. Men det er kanskje ikkje oljeforskinga til konsernsjefen som er det mest framsynte å bruke pengane på?