tirsdag, mars 06, 2007

Framleis på same planet ?




Tenker eg denne gongen byrjar med eit lite sitat frå New York Times

WASHINGTON, 2.Mars 2007-I fylgje offisielle tenestemenn er president George W. Bush og Brasil i ferd med å sluttforhandle ein avtale som har som mål å fremje produksjon og bruk av etanol i Sør- og Mellom-Amerika.

Det er venta at avtalen vil føre til stor vekst i etanolindustrien i Brasil sidan dei der har utvikla teknologi og utstyr som kan eksporterast til andre land i regionen.

Avtalen er allereie utsett for skarp kritikk frå politikarar frå mais-produserande statar. Dei fryktar at auka import av billeg utanlandsk etanol vil slå beina under eigne produsentar.

~
Vel vitande om proteststormen som ville ha kome, er det ikkje venta at Bush-administrasjonen ein gong vil hinte om reduksjonar i tollen på importert etanol.

Sitat slutt. Les meir her: Trykk


Så reiser vi 12132 km, frå Washington til Nairobi i Kenya. Der har styret i FN sitt miljøprogram hatt møte. Eit lite sitat derifrå:


Den danske miljøvernministeren Connie Hedegaard er redd for at storskala-produksjon av biodrivstoff, som palmeolje-plantasjar i Papua New Guinea, vil skape alvolege miljøutfordringar for heile planeten. Desse viser seg først ved avskoging som fylgje av rydding av areal til plantasjar.

Eit auka fokus på produksjon av biodrivstoff i Asia og Latin Amerika har sett i gang ein "tropisk landbruksrevolusjon" med intens konkurranse om jord mellom dei som vil produsere mat og dei som vil produsere råvarer til biodrivstoff. Avskoginga har mellom anna ført til tap av biologisk mangfald og helseproblem grunna røyken frå alle skogbrannane.


Sitat slutt.Les meir her: Trykk

Når ein samstundes tek omsyn til at produksjon av etanol frå åkervekster er mellom dei minst effektive måtane å produsere biodrivstoff på og at "Riksrevisjonen" i USA, GAO, no erkjenner at toppen i verda sin oljeproduksjon truleg er nådd, får det heile eit uverkeleg preg.

Så har eg ei lita utfordring til deg. På nettet ligg det mange kart. Du kan finne kart som viser kvar verda sine fattige bur og du kan finne kart som viser kvar dei bur dei som svelt. Du kan t.d. prøve å Google "poverty map" og "hunger map". Om du har retteleg god tid, kan du prøve å finne kart som viser kvar på kloden klimaendringane vil gjere det vanskelegast å dyrke mat.

I denne situasjonen vert det hevda at marknadskreftene og total frihandel er mest eigna til å fjerne fattigdomen og svolten i verda. Eg for min del skjønar rett og slett ikkje at retten til å produsere mat til eiga befolkning er eit urimeleg ynskje. Eg kan nemleg ikkje sjå ein einaste grunn til at t.d. Cargill og dei tre andre store skulle velje å produsere mat til fattigfolk når dei heller kan produsere drivstoff til oss kjøpesterke.






Ingen kommentarer: