torsdag, januar 03, 2008

Ribbe eller pinnekjøt, ei relevant problemstilling ?

Kva åt du du julaftan, var det ribbe eller var det pinnekjøt ? Kanskje var det ingen av delene, men uansett, i vår tid har det vore tradisjonar, smak og behag som har avgjort dette spørsmålet. Verken lommebok eller tilgang har vore avgjerande faktorar i menyvalet.

Språkforskarar vil kanskje ein gong i framtida hugse 2007, året då ingenting skjedde, som året då ”CO2 –ekvivalent ” vart ein del av ordforrådet til Ola Nordmann. CO2-rekneskap vart gjennomført over ein lav sko over alt frå storfekjøt til påhengsmotorar. Pinnekjøtet kjem dårleg ut i desse reknestykka. Storfekjøt er rettnok verstingen med tal som 22,6 kg CO2 –utslepp pr. kg kjøt, men sauen kjem på ein god andreplass. Grisen kjem mykje betre ut. Ikkje berre utnyttar grisen foret betre, men grisen er som kjent ikkje drøvtyggar og dermed vert metanutsleppet naturlegvis mykje lavare. Med andre ord: 1-0 til ribba.

I enkelte land er det blitt stovereint å uroe seg for framtidig matforsyning. Tidlegare vart slikt stort sett avvist som vikarierande argumentasjon for ein hårreisande landbrukspolitikk, men stigande matprisar og frykt for verknader av klimaendringar har ført til ei endring.

E24 melde i går om fest på råvarebørsane rundt om i verda. Oljen har brote 100$-grensa, gullprisen når nye høgder og prisen på kveite og soyabønner stig med 3% på berre ein dag. Kvifor dette skjer, forklarer E24 på denne måten:

Økt velstand over hele verden fører til bedre kosthold og gjør at etterspørselen etter korn øker samtidig som rekordhøye enegripriser øker salget for biodiesel.
Samtidig har klimaendringer og svikt i avlinger bidratt til prisoppgangen.
Dette førte til at prisene på hvete og soyabønner steg med nesten 80 prosent i fjor. Kornprisene steg forrige måned til det høyeste nivået på 11 år.


Med andre ord, inga djuptloddande analyse, men det er eit godt døme på at problemstillinga er i ferd med å verte alment akseptert.

Om vegvalet ut av dette uføret er det stor usemje. James Lovelock hevdar at den einaste løysinga er å overlate dyrkajorda til agrobusiness og industrielt jordbruk, la villmarka styre seg sjølv og stue folk flest saman på restarealet. Det verkar som UMB-professoren Hildegunn Opsahl Sorteberg tenkjer i same baner. Richard Heinberg står for den motsette løysinga, nemleg relokalisering, overgang til organisk, tilnærma vegetarisk kosthald og drastisk auke i talet på bønder.

Men uansett kva veg ein vel, bør ein ha Magnar Norderhaug sine ord i bakhovudet:

Dersom vi i dag ser hva naturvernet har oppnådd de siste 100 årene, kan det være grunn til å spørre: Er de naturvernområdene som vi har opprettet tilstrekkelig store?Dette spørsmålet ble reist i magasinet Times i 1997: ”Kan vi redde regnskogen, pandaen, elefanten og det biologiske mangfoldet ved å verne noen få områder som vi kaller nasjonalparker og reservater?Sannheten er at det kan vi ikke. Det er ikke tilstrekkelig. Til det er naturen for komplisert…”Når vi stykker opp naturen i små biter, har det hele en tendens til å vakle.I denne forbindelse understreket utredningen om ”Naturvern i Norge” i 1980 at naturvernede områder neppe ville utgjøre mer enn ca. 10 % av landets areal. Derfor er det en viktig oppgave å forvalte de resterende 90 % på en økologisk forsvarlig måte, slik at vi kan beholde den biologiske produktiviteten og artsmangfoldet i naturen.Dette stiller krav til dagens samfunnsplanlegging. Blant annet innebærer det at vi stiller helt nye krav til langsiktig tenkning og allsidig naturdisponering. Vi kan rett og slett ikke fortsette med å forvalte vårt livsmiljø utfra dagens snevre egeninteresse. Det er rett og slett ikke nok.I dag betyr naturvern en klok, langsiktig forvaltning om vårt livsmiljø.

Les meir


Då er det kanskje ikkje sikkert at pinnekjøtet kjem så dårleg ut likevel.

2 kommentarer:

Anonym sa...

har du fått med deg at beiting aukar innhaldet av karbon? har du noko peiling på kor mange månader i året dyra må beite, kor intensivt osv dei må halde på, før det er å rekne som karbonnøytral aktivitet å fise metan? eg ser at dette karbonbyggingsargumentet vert nytta for å argumentere for, eh, pinnekjøt, men er usikker på kva beiteregime det faktisk gjeld. spørsmålet er vel også knytta til kor mange mordyr kvar lam har (metanutslepp utanfor beitesesong), jo færre lam, jo meir metan per mordyr... vel, eg seier "leve reddiken"

Anonym sa...

Nei, dette er ikkje enkelt og for min del vert det kanskje vel mykje synsing. Det har ikkje lukkast meg å skaffe fram tal på dette.

Eit høgt lammetal vil kreve meir kraftfor i inneforingsperioden. Eit av hovudargumenta for å satse på sauenæringa må framleis vere at produksjonen i hovudsak skjer på utmarksbeite og at sauen ikkje skal konkurrere for mykje med meir effektive kjøtprodusentar i matfatet.

Det er synd at denne diskusjonen kjem så fullstendig i skuggen av rovdyrdebatten. Mykje tyder på at vi her snakkar om langt meir enn CO2-ekvivalentar.