torsdag, februar 07, 2008

Her må det byggast, Åslaug

Energiminister Odd Roger Enoksen sette i si tid i gang ein prosess som kan få avgjerende betydning for norsk energiforskning i tiår framover. Prosessen heiter Energi21 og skal etablere ein brei og samlande FoU-strategi for energisektoren. Denne strategien vart overlevert til ministeren i går,5. februar, med mykje pomp og prakt.

Fem dansarar, ein for kvart av områda i Energi21-strategien, sende rapporten frå leiaren i strategiutvalget over til olje- og energiministeren.

– Det er den mest fantastiske overrekkelsen av en rapport jeg noen gang har fått, sa Åslaug Haga.

I samband med overrekkinga kom ministeren med fylgjande uttale:

– Vindmøller til havs har potensial til å bli den nye oljen. Vi har en stor sokkel, der det blåser mye og konstant. Men det fordrer at vi greier å utvikle teknologi vi ikke har i dag, at vi klarer å koble vindkraft og vannkraft slik at vi kan levere på sikker basis, og at vi løser miljøutfordringene.

I dag, 6 februar, la Oljedirektoratet fram produksjonstala for desember, og dei endelege tala for 2007 er dermed klare. Samla petroleumsproduksjon gjekk ned med 10,8 millionar standard kubikkneter. Dette er tal som seier dei fleste av oss lite, så eg tenkte eg kunne prøve å rekne dette om til digre vindmøller. Som tenkt, så gjort.

Ein har von om å utvikle flytande havvindmøller med ein effekt på 5 millionar Watt. Dersom denne mølla yter merkeeffekt kvart einaste sekund gjennom eit heilt år, vil ho produsere 3780 milliardar kJ, om lag nok til å forsyne 2000 husstandar med straum.

1 Sm3 olje inneheld 360 millionar kJ. 10,8 millionar Sm3 skulle då innehalde utrulege 3880000000000000 kJ (3,88 EJ). Dette tilsvarar produksjonen frå over 1000 digre vindmøller. Og det er berre for å erstatte produksjonsnedgangen frå i fjor.

Det er mest så eg vonar at eg har rekna feil.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Fant referanse på oljekrisa.no.

Kjempeflott blogg. Enig med det meste her.

pegese3 sa...

Fint å høyre.

Anonym sa...

3000 vindturbinar, ikkje 1000
Gjennomsnittseffekten for vindturbinar til lands er ca 20 % av installert kapasitet. Til sjøs er det håp om å nå 30 %, slik at ein 5 MW turbin vil gi 1.5 MW som årsgjennomsnitt. Kva blir energiprisen?

pegese3 sa...

Takk for innspel.

Energiprisen frå flytande havmøller er det vel heilt umogleg å kalkulere. Så langt eg veit finst der ikkje ein einaste turbin av det slaget i drift(gronnboks.no).