lørdag, september 06, 2008

18-3-15


Eg spreidde kustgjødsel her om dagen. Sauene kjem snart heim frå fjellbeite. Ja, ja, kjem og kjem.. det er i alle høve sankardag neste laurdag.

Men som sagt, sauene kjem snart til gards og då må dei ha mat. Difor spreier eg vanlegvis litt kunstgjødsel etter hoslåtten for å få opp litt beite og for at graset skal halde seg friskt ei stund utover hausten.På ein del av markane har eg spreidd pressaft og naturgjødsel, så der nyttar eg rein nitrogengjødsel, men elles spreier eg fullgjødsel. "18-3-15" står det på sekkene. Det tyder at dei små grå korna inneheld omlag 18%Nitrogen, 3% Fosfor og 18% Kalium.

Ein kan av og til få inntrykk av at kunstgjødsel er ei forferdeleg gift, men alt dette er stoff som plantene isolert sett treng for for å vekse, halde seg friske og verte næringsrike. Når det likevel vert sett spørsmålsteikn ved bruken av kunstgjødsel, har dette, om ein ser bort frå det ideologiske, hatt meir med dosering, opptak, avrenning og forureining å gjere. Men at overdriven bruk fører til forringing og utarming av matjorda er det få som nektar på.

Grunnlaget for all berekraft er krinslaup.Vi har vel alle høyrt om karbonkrinslaupet (fotosyntesen osb.). Litt mindre kjent er vel kanskje nitrogenkrinslaupet. Og har nokon nokongong høyrt om fosfor eller kaliumkrinslaupet? Slik eg ser det, er det her hovudproblemet meg kunstgjødselen ligg. Han er rett og slett ikkje berekraftig i seg sjølv. Det har vore litt fokus på fosfor siste tida. Kvar einaste ein av oss treng om lag 1g pr. dag av dette stoffet gjennom maten vi et. Fosfor er eit stoff ein utvinn i gruver, mesteparten vert nytta i kunstgjødsel, plantene tek det opp, dyr og menneske et plantene, og vi et plantene og dyra. Fosforet endar dermed i havet, og gruvene, dei tømest. Raskt.

Så når Erik Solheim og Kofi Annan snakkar om behovet for ein grøn revolusjon i Afrika og samstundes talar om betre infrastruktur "for å transportere inn kunstgjødsel". Når det vert tala om at auka handel med matvarer (og dermed meir transport av m.a.fosfor og kalium over lange avstandar)skal få dei fattigaste ut av fattigdomen. Det er då eg stiller spørsmålet: Korleis kan det ha seg at vi så lett gløymer at krinslaup er grunnaget for all berekraft ?

Likevel, i dag skal eg vaske og smørje opp kunsgjødselspreiaren min. Seinare i haust skal eg ta nye jordprøver som skal vere grunnlaget for ein ny gjødselplan. Så får vi vone at dei har kunstgjødsel på budene neste år også. Men om 50 år, kva då ?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette var rettleg godt skrive, du har fått med nyansane utan å stresse den belærande tonen.

Eg vil i det same høvet informere deg om eit seminar me skal ha her i Trondheim om matvarekrisa. Le meir her:

http://www.bygdeforskning.no/m/nyh/index.php?val=helesaken&nyhet=1221162757&mid=m443&vn=736&id=8

Bjørn Egil Flø

Anonym sa...

Takk for gode ord.

Seminaret dykkar omm matvarekrisa ser retteleg interessant ut. Matvareforsyning, energi, klima, rettferd og kampen mot fattigdom må i mykje grad enn det som har vore vanleg til no, sjåast isamanheng.

p.g.sætre