lørdag, juni 10, 2006

Effektivitet og brøkregning


Kva vil det eigentleg seie å være effektiv ? Det burde vi helst ha klart for oss alle saman, sidan vi lever i ei tid der det å være effektiv nærmast er synonymt med det å ha livets rett.

Det er i grunnen utruleg enkelt å lage seg eit tal for effektivitet berre vi er fortrulege med heilt elementær brøkregning. Vi set berre opp ein brøk der det vi ynskjer (eller har) vert teljar og innsatsen vi må gjere for å få det slik, vert nemnaren.

Eit lite døme:

Har du ein elektrisk motor som yter 600 Watt men dreg 1000 Watt gjennom straummålaren din, får du brøken 600 Watt/1000 Watt. Dette gjev verknadsgraden 0,6, noko som er heller dårleg og i lengda vil det truleg løne seg å skifte ut motoren.

Dette ser veldig tilforlateleg ut og det er det som er det grunnleggande problemet. Det er så lett å få fram eit truverdig, matematisk korrekt og tilsynelatande uangripeleg tal for effektivitet, samstundes som det altfor sjeldan vert stilt spørsmål til korleis reknestykket er oppbygd.





Tenk deg eit avisbod som kvar dag deler ut 100 aviser i løpet av 1 time. Eg har aldri vore avisbod og veit ikkje om dette er eit realistisk eksempel eller ikkje, men kan likevel enkelt hoste opp eit tal for effektiviteten. Om dette er sommarstid eller i snøkave på ubrøytte vintervegar, om han har redda ein katt ned frå eit tre eller hjelpt ein uheldig sjåfør med å skubbe bilen or ei snøfonn i løpet av denne timen, har sjølvsagt ingenting i dette reknestykket å gjere. Eller er det så sikkert?

For det er berre det, at motoren frå eksempelet mitt står i eit rom som skal oppvarmast likevel og 350 av dei fordufta og dyrebare Watta vert omforma til varme som strøymer ut i romet. Då vert brått verknadsgraden 0,95 og det vil være heller råflott å investere i ein ny dersom motoren elles held mål.

Eg trur eg satsar på ein renessanse for brøkrekninga og det å ha fleire tankar i hovudet på ein gong.

Ingen kommentarer: