torsdag, juni 29, 2006

Om det å bruke linjal.....

Det er strålande ver i dag. Sola steig opp over Kyrkjetinden klokka halv sju med utsikter til ei uhindra reise over himmelen mot Blåfjellet i nordvest. I føredags var veret nokonlunde, i går var det betre og i dag, fantastisk. Burde eg då, som ein konsekvens, ha sendt regnkleda mine med bosbilen som var her og tømde dunken for nokre minutt sidan ? Skulle eg handle i samsvar med den linjalbaserte verprognosen nedanfor, har eg forsømt meg. Eg burde ha samla alle varme, vind- og regntette kleda mine og køyrt ein tur bort på VØR. Eg trur eg har nokre kilo att av den avgiftsfrie kvoten min.


Men einkvar som har opplevd sunnmørssommaren veit av erfaring at eg kan halde meg fullstendig i ro og at denne forma for vermelding er fullstendig ubrukeleg.

Kvifor godtek vi då glatt at like greinalause metoder vert nytta i andre samanhengar ? Svært ofte vert all skepsis mot "same procedure as every year, James" møtt med at det å ikkje fylgje med på utviklinga vil være å "gå baklengs inn i framtida".

Veit du kva det vil seie å "gå Brandalskokk" ? Truleg ikkje. Eg har det frå bestefar min. Han var i si tid på ishavet og på ein av turane hadde dei med ein kokk frå Brandal. På veg ned frå utsiktstønna i masta, nekta han å gå baklengs. Har du nokon gong klatra i stige, skjønar du kva eg meiner. Av og til vert det heilt feil å gå rettvendt.

No har det forsyne meg samla seg ei sky over Storetinden. Ikkje i samsvar med prognosen. Vi får vone sola går klar.

Ingen kommentarer: