søndag, oktober 15, 2006

Vakkert kanskje, men varslar ikkje godver



Biletet ovanfor var teke samstundes med at barometeret var på topp for så å snu nedover. Det endar nok med at vi får smake litt av vinteren før det tek til vetet, tenkjer eg.

Er kiloprisen på poteter interessant for deg ? Truleg ikkje, eg har nemleg lese at moderne menneske ikkje et poteter. Dessutan er det usunt. Det har Fedon Lindberg og Dr. Robert C. Atkins, og fleire med dei, fortalt oss no i fleire år. For meg derimot, ein inngrodd potetgubbe som meiner at middag utan poteter heiter lunsj, stiller det seg litt annleis. Ikkje det at det er så nøye om kiloprisen er 3, 4 eller 8 kroner, men variasjonane i prisen kan fortelje oss ein heil del.

I Noreg har vi eit (etter mange si meining håplaust) system med noko ein kallar målpris. Denne vert framforhandla i dei årlege jordbruksforhandlingane. Dersom prisen på norske varer overstig denne, har vi i prinsippet fri import frå utlandet. Så lenge prisen er under, har vi vernetoll på importen. Differansen mellom internasjonal marknadpris og målpris vert rekna som subsidiar og representerer ein stor del av alle milliardane i overføringar til jordbruket.

I normalår får ein inntrykk av at kypriotar, danskar og mellomeuropearar står på trappa vår, klar til å rykke inn så snart den norske potetbonden tek seg så godt betalt at importen vert frislept. Ikkje slik i år. I år har tørken i Mellom- og Søreuropa redusert potetavlingane så mykje at der mest ikkje finst poteter å få tak i.

Når eg no likevel kan gå i butikken og kjøpe norske poteter til middagen, er det fordi vi har hatt eit system som har sikra at det har vore mogleg med lønsam produksjon av poteter på dei mest eigna stadene her i landet. Det er dette ein kallar mattryggleik.

I eit system med full frihandel på jordbruksvarer, vil ein ikkje ha høve til å ta slike omsyn. Så kan ein sjølvsagt innvende at "er det så nøye med desse potetene då ?" Nei, det er det eigentleg ikkje, men i år er det potetene, kven veit kva det vert neste år ? Og når eg nyttar poteter som døme, så er det avdi det vert rekna som noko av det sikraste og mest årvisse ein kan dyrke.

Kan hende er det ikkje berre barometeret som bør ta til vetet før vinteren?

PS I dag tidleg var det rim på alle markar og barometert har ikkje snudd.

4 kommentarer:

Rune Likvern sa...

Igjen en jordnær og innsiktsfull tankevekker i rekken på flere.

Det kan være at poteten får sin renessanse i nær fremtid (på tross av Fedon og Atkins), og jeg er overrasket over hvor lite bevisst folk flest er omkring den norske graden av selvforsyning av mat. Det er vel sånn med dette, som mye annet nå til dags, at dette har måtte vike for kjekkere ting som konkurrerer om oppmerksomheten til folk flest.

Illusjonen om at markedsmekanismene kontinuerlig skal få virke for å skaffe billigere produkter har åpenbart fått godt rotfeste.

Jeg tilhører også en av disse ”potetgubbene”, og nå som det stunder mot jul ser jeg fram til måltider med akevitt.

Akevitten er som kjent et godt bevis på at de dårligste potetene til slutt blir best.

Anonym sa...

Nei, poteten skal ein ikkje undervurdere, ho har endra verdshistoria tidlegare.

For å misbruke litt statistikk mot Fedon og Atkins:

I år 1845 var innbyggartalet i Irland 8 millionar. Nokre få år etter, var talet redusert til 5 millionar. Ikkje på grunn av for mykje poteteting, men avdi potetavlingane svikta.
Det skal seiast at den største delen av reduksjonen skuldast utvandring til Amerika, men ein reknar med at opp til 1 million menneske rett og slett svalt i hel.

Tomtønna sa...

Poteta har vore god å ha, og vil sikkert bli det i framtida også.

Om det ikkje akkurat ligg an til "potatoe famine", er ikkje vårt matvaresystem så robust som dei fleste likar å tru:

http://www.adressa.no/nyheter/nordtrondelag/article747536.ece

pegese3 sa...

Men for at det skulle verte stoff i dagbladet, måtte det ei Chips.krise til.

http://www.dagbladet.no/nyheter/2006/11/02/481612.html