torsdag, mars 15, 2007

"The beauty of math" og dei fire rekneartene


Ein kan få til mykje med matematikk, men "å låne med nullen", som bestefar min kalla det, har ingen greidd enno. Dette skuldast ikkje at ingen har prøvd.

Neste kandidat ut som risikerer å gå i fella er Krf som har lagt fram "Klimapolitisk handlingsplan". Etter mi meining skal dei ha ros for ambisjonsnivået, men ein skal ha tunga beint i munnen for å kome heilskinna gjennom denne paddemarka*. Eg tillet meg å plukke ut nokre enkeltpunkt frå planen:

Krf vil
at CO2-nøytral oppvarming av bygninger skal brukes og at oljebasert oppvarming utfases innen 2015.

ha økt satsing på biobrensel til oppvarming.

at satsingen på biodrivstoff må trappes opp og det må innføres krav om tilgang
på biodrivstoff på bensinstasjoner.

stimulere anskaffelse og bruk av miljøvennlige biler gjennom avgiftssystemet.

gå inn for arealplanlegging som sikrer matjord for å legge til rette for ”kort-reist” mat og framtidig matvaresikkerhet.

Heile planen får du om du trykker Her
Kvar for seg kan nok desse forslaga ha mykje for seg, men når ein summerer alle punkta, vil ein sjå at ein kjem ut med raude tal. Årsaka til at dette ikkje går heilt i hop, er rett og slett at dei, til liks med dei fleste av oss, har overdrivne forventningar både til naturen si evne til å produsere biomasse og til vår evne til å utnytte biomassen. Vi innbiller oss at berre vi set forstavinga "bio" framfor eit eller anna, vil det automatisk løyse ut botnlause energikjelder.

Eit lite døme:

Ein reknar det som realistisk at ein kan ta ut så mykje som 40 TWh frå biomasse i Noreg. Dette representerer det totale energiinnhaldet i det fossile brennstoffet som i dag vert nytta til opp-varmingsformål. Men denne biomassen kan ikkje nyttast to gongar og dermed vert det ingenting att til å lage biodrivstoff av. Likevel, eg meiner at Krf bergar seg i land med denne setninga:

-En fremtidsrettet politikk forutsetter holdnings- og livsstilsendringer i vår del av verden.

De er berre så synd at dei gjennomgripande haldnings- og livsstilsendringane som må til er så fryktelig dårleg butikk på kort sikt.

I dag kunne ein lese fylgjande i avisene:

-NHO-direktør Finn Bergesen ble møtt med krav om økt kjøpekraft for alle fra LO-leder Roar Flåthen, da de møttes til det første forhandlingsmøtet torsdag formiddag.
Vi har med andre ord ein lang veg å gå.
*Ureint farvatn
Andre kjelder:

2 kommentarer:

Rune Likvern sa...

Igjen pegese3 (eller er det elgisolnedgang?) så har jeg sansen for bloggen din, besøker den jevnlig for å få påfyll av din livsvisdom og dine betraktninger.

Du skrev;

”Kvar for seg kan nok desse forslaga ha mykje for seg, men når ein summerer alle punkta, vil ein sjå at ein kjem ut med raude tal.”

La meg kort presisere at jeg IKKE er ute etter å kommentere regneferdighetene dine, men det er noe i utsagnet som fanget min interesse relatert til ”Peak Oil”.

Det er nettopp det ”Peak Oil” også handler om, nemlig å stadig måtte venne seg til å se at regnestykkene kommer ut med…….røde tall.

Anonym sa...

Takk for tilbakemelding. Kjekt med ei og anna stadfesting av at eg ikkje berre skriv ut i lause lufta. At nokon i tilleg kan ha glede av det eg skriv, ser eg på som ein stor bonus.

Når det gjeld Peak Oil og raude tal, må eg berre seie at eg er svært forundra over at det er mogleg å halde eit så sterkt fokus på klimaendringar og CO2-utslepp utan i nemnande grad å kople dette til Peak Oil (eller framtidig enegiforsyning generelt, for den del).