tirsdag, mai 08, 2007

Journalistar på Facebook, Fredric Hauge og Røkke


Generalsekretæren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold åtvarer journalistar mot å involvere seg i nettsamfunnet Facebook.

Facebook har 160000 norske brukarar og fylkesordføraren i Sør-Trøndelag er ein av dei. No har han lagt 10 journalistar til vennelista si. Dette er noko av bakgrunnen for at Kokkvold reagerer. Han seier m.a.:

– Disse journalistene bør ikke lage saker om fylkesordføreren. Vi driver ikke journalistikk på våre venner. Dette handler om pressens troverdighet. Vi kan ikke oppføre oss slik at vår troverdighet svekkes. Om vi får tilgang til en ny teknikk betyr ikke det at vi får en ny etikk.



Det er ei stund sidan vi såg Fredric Hauge i islendar og gummibukse no. Kvit skjorte og slips er arbeidsantrekket no for tida. Nybarbert er han også, rett som det er. I seg sjølv burde ikkje dette vere noko problem, han er langt over vanleg pensjonsalder for barrikadestormarar.
Den gode Hauge er leiar for miljøorganisasjonen Bellona, ein organisasjon dei fleste assosierer med miljøaktivisme. Samstundes framstår Hauge i dag som CO2-handteringsgeneralen her i landet og samarbeider tett med Aker. Bellona mottek samstundes store summar årleg i støtte frå det Røkke-eigde selskapet.. Kva er så problemet ? Kanskje kan eg svare med eit nytt spørsmål. Kor sannsynleg er det at Bellona vil grave opp eventuelle gifttønner i hagen til Røkke ?

Eg trur at Bellona faktisk har fått meir til felles med journalistane på Facebook enn dei bør vere konfortable med.

Eg vil ikkje stikke under ein stol at bakgrunnen for dette innlegget er at eg er provosert av Hauge. I samband med at FN sitt klimapanel nyleg la fram 3aren, uttaler han til VG under overskrifta - Bellona fikk rett:

-Rapporten dokumenterer det Bellona har stått alene om i 15 år. Vårt svar på klimaproblemene har i lang tid vært å satse på fornybar energi, energieffektivisering og CO2-håndtering.


Les meir

Smålåten har Fredric Hauge aldri vore, men det får no vere måte på. Ein kunne få inntrykk av at Bellona har site på fasiten heile denne tida. I så fall er det feil i fasiten. Eit eksempel ? Ein kan byrje med å undersøke kva syn Bellona har hatt på hydrogen som energi”kjelde”.

Ingen kommentarer: