onsdag, april 05, 2006

Nitrogen, mat og oljepris


I naturfagtimane på skulen lærte vi om fotosyntesen. Den verka grei. Den andre "store" syklusen vi skulle lære oss, handla om nitrogen og var litt verre å få tak på. Likevel har det etterkvart gått opp for meg kor viktig han er for alle levande vesen på kloden.

Nitrogen er grunnstoffet det er mest av i atmosfæren, ca 79% av volumet. Alle levande skapningar er avhengige av nitrogen som er ein viktig byggestein i protein. Planter kan ikkje nytte seg av dette nitrogenet direkte. Det må omformast til t.d. ammoniakk først. Dette krev energi og i naturen er det bakteriar som tek seg av mesteparten av denne jobben.

Etterkvart som vi vart mange på jorda, synte det seg at tilgangen på fiksert nitrogen vart ein begrensande faktor for matproduksjonen. Dette problemet løyste dei to tyske vitskapsmennene Fritz Haber og Carl Bosch då dei fann opp det som i ettertid har vorte kalla Haber-Bosch metoden. Den går grovt sett ut på å produsere ammoniakk (NH3) av "luft" (nitrogenet) med hydrokarbonar som drivstoff.

Denne prosessen har hatt enorm effekt på nitrogenkrinslaupet. Medan ein meiner at innhaldet av CO2 i atmosfæren har auka med 30% sidan byrjinga av den industrielle revulusjonen, har mengda med fiksert nitrogen i biosfæren auka med 100% sidan 1. verdskrigen.

Ein kan i grunnen meine kva ein vil om bruken av kunstgjødsel, men slik vi har innretta jordbruket vårt her på jorda, er det heilt utenkjeleg å produsere nok mat til ei aukande befolkning utan.

Kunstgjødselen er ein av dei viktigaste innsatsfaktorane i jordbruket og utgjer ein stor del av utgiftene. I og med at hydrokarboner er ein vesentleg ingrediens, vil prisane variere med oljeprisen. Oljeprisen kjenner ingen nasjonale grenser, så det er klart at konsekvensane av stigande oljepris vert større i eit lavkostland enn i eit høgkostland. Det er verda sine millionar fattige, dei vi alle har slik omsorg for som taper mest. No igjen.

Prisen på olje er lik, same kva han vert nytta til. (Rett skal vere rett, luringen Chavez i Venezuele skaffar seg poeng ved å levere rimeleg fyringsolje til dei fattige i USA) Når ein tek omsyn til at den eine prosenten av forbruket som vert nytta i Haber-Bosch metoden er så viktig for matforsyninga på jorda, burde ein kanskje verte litt meir kritisk til kva ein nyttar resten av oljen til. Eg tykkjer uansett det verkar litt skummelt at matforsyninga skal vere avhengig av om kong Fahd Ibn Abdel-Aziz al Saud av Saudi Arabia har ein god dag eller ikkje.

Ingen kommentarer: