søndag, september 24, 2006

Produsentar, konsumentar og Den vesle raude høna


Ei lita raud høne fann ein dag eit lite kveitekorn.
- ”Kven vil hjelpe meg å så kornet?” spurde ho.-
- ”Voff, voff! Ikkje eg” sa hunden.
- ”Mjau, mjau! Ikkje eg” sa katten.
- ”Nøff, nøff! Ikkje eg” sa grisen.
- ”Kvakk, kvakk! Ikkje eg” sa anda.
- ”Så får eg gjere det sjølv, då” sa den vesle raude høna. –Klukk, klukk. Så sådde ho kornet.

Resten av eventyret kjenner de sikkert. Den som meiner at høna er urimeleg når ho til slutt set til livs heile kaka, får heller skrive ein kommentar til dette innlegget.

Bokhandlerforeningen gjev kvar haust ut katalogen Årets bøker. Denne finst også i ei nettutgåve. Eg kom ved eit tilfelle over 2005-utgåva her om dagen. Eg såg då at katalogen inneheldt 68 nye titlar som handla om mat og drikke, altså kokebøker, vinguidar og slikt. Ikkje ein einaste tittel handla om alt som skjer med maten før han kjem til butikken.

Det var då eg kom på eventyret om den vesle raude høna.

1 kommentar:

Anonym sa...

Berre ein ting: Årets bøker vert ikkje utgjeven i år, eller nokon andre år framover for den del. I og med den nye bokhandlaravtalen er det nemleg ikkje vits å presentere breidda av bokmarknaden. Det er nemleg berre Anne Holt og Dan Brown ein tener særleg pengar på, så det er ikkje noko poeng i at det breie publikum veit om nokon andre. Dette kallar ein framsteg.