tirsdag, januar 02, 2007

Bekk på videvanke og det multifunksjonelle landbruket




Han ser ikkje det minste skummel ut, med litt godvilje kan vi endåtil kalle han småsjarmerande. Men han renn ikkje der hen skal og kva hadde du sagt om han kom inn kjellardøra di ?


I tidlegare tider gjekk gamlekarane haustatida i utmarka med hakkegrev og rydda veiter og bekkefar for greiner, torver og lauv for å sikre at vatnet heldt seg der det skulle. Dei visste vel kva skade vatn på avvegar kunne utrette og dei var ikkje ukjende med skikkelege vassfløder den tida heller. Det galdt å vere føre var. I dag er det få som driv med slikt. Døgnet har ikkje meir enn 24 timar for ein bonde heller.


Framstegspartiet, som har ambisjonar om å overta kommunenorge frå hausten av, ser på bonden kun som "selvstendig næringsdrivende innenfor næringsmiddelbransjen" (sitat C.I. Hagen) og har som mål å oppheve konsesjons-, bo- og driveplikta. I Noreg har vi spreidd busetnad og mange vil merke konskvensane dersom denne utviklinga får halde fram. At NVE, stat og kommune skal overta desse usynlege oppgåvene held eg som lite sannsynleg. Men kven veit, her i heimkommunen har ein framstegspartipolitikar fremja forslag om å kjøpe inn kommunale geiter for å halde attgroinga i sjakk. I det gamle Sovjet vart slikt kalla "kolchos". Ein kan vel kalle det å vere løysingsorientert........

Ingen kommentarer: