onsdag, januar 17, 2007

Frå hjulet til iPhone


Temamessig er nok dette litt på sida av det du vanlegvis finn på denne bloggen, men eg har planar om å ro meg i land til slutt. Bakgrunnen for digresjonen er ei oppleving eg hadde rett før jul.

Dotter mi ynskte seg ny MP3-spelar i julegåve. Helst skulle det vere ein iPod med 8 Gb minne og spelaren skulle vere raud (kjøper du ein raud iPod, gir du samstundes nokre kroner til HIV-forskinga). Denne spelaren var ventande på marknaden med det første, så eg bestemte meg for å vente. Jula nærma seg med stormkast, (sitat: Arild Oppheim i Norgesglasset) men då eg var i ferd med å gi opp, var han der ein dag i rette fargen og eg slo til.

Før pakken var pakka opp på julaftan var iPoden død. Ikkje det at han ikkje fungerte (det hadde ikkje vore uvanleg det heller, etter det eg høyrer), men rykta ville ha det til at iPhone var rett rundt hjørnet og det vart annonsert at iPoden dermed var avlegs. Det var då det slo meg at her må det vere eit eller anna ramlande gale.

God musikk er tidlaus, musikken som vert nedlaste er ofte innspelt med 30-50 år gamle instrument, studioteknikarar leitar med lys og lykter etter eldgammalt innspelingsutstyr som dei betaler astronomiske summar for. Og så prøver dei å innbille oss at avspelingsutstyret er ubrukeleg etter ei veke...

Har du nokon gong fundert over kva det er som driv den teknologiske utviklinga ? Enkelte har hevda at latskap, eit ynskje om å gjere livet meir behageleg, er den grunnleggande drivkrafta. Dette har nok mykje føre seg, men er nok ikkje heilt dekkande.

Hjulet er truleg den viktigaste oppfinninga nokon gong. Det eldste hjulet ein kjenner til, er ca. 5500 år gamalt og vart laga av ein sumer der det no heiter Irak. Dette hjulet er eit resultat av utviklingsarbeid over fleire tusen år. Det heile byrja med at ein eller annan fann på at det var lettare å flytte tunge ting dersom ein rulla det på tømmerstokkar. Sidan balla det på seg, bokstavleg tala. Eg tek nok ikkje mykje feil når eg påstår at drivkrafta bak utviklinga av hjulet var eit ynskje om å redusere blodslitet. At stormenn utnytta ”teknologien” til å få bygd seg palass, forsvarsverk, tempel og store minnesmerke over seg sjølve, er ei anna side ved saka. Eg vil ikkje uttale meg for skråsikkert om kva som er årsak og verknad her.

Sidan den gong har utviklinga berre gått raskare og raskare og motiva bak kvar enkelt nyvinning har variert. Stundom har det vore rein galskap, av og til eit ynskje om verdsherredøme og ikkje reint sjeldan, ein kombinasjon av desse.


Her ei lita solskinshistore :
Hans Wildorf hadde for hundre år sidan ein draum om å lage eit kronometer som var så kompakt at det kunne nyttast som armbandsur. Ei umogleg kombinasjon den tida. Resultatet vart Rolexen, for mange det ultimate statussymbolet. Eig du ein Rolex Oyster til 100000 kroner, då er du ingen kvensomhelst. Men grunnlaget for statusen er og blir ein visjon, ein personleg ambisjon, fantastisk presisjon og kvalitet. Dette er eigenskapar som gjorde at Rolex overlevde den digitale revolusjonen. (Ein skal ikkje sjå heilt bort frå at eigarstrukturen hade sitt å seie. Rolex er ikkje eit AS og har ingen krav på seg til å vere bidragsytarar til utbyttefesten)

I store trekk var nok kapprustning og romkappløp lokomotiva for utviklinga i førre århundre, men mot slutten av hundreåret skjedde det eit eller anna. Så no sit eg her med min eigen konspirasjonsteori.

Vil du vite kvifor batteriet på den gamle MP3-spelaren din tilfeldigvis vart så dårleg då den nye modellen endeleg vart lansert? Her får du forklaringa.


Det store bondefangeriet




Vi omdefinerer "god kvalitet"og innfører omgrepet "rett kvalitet". Dette er ei omskriving for "det dårlegaste som er bra nok". Så seier vi at god kvalitet = rett kvalitet = ................ . På den måten kan vi produsere "skit" utan å kome i konflikt med kvalitetssikringsrutiner,ISO-sertifiseringar og CE-merking.

Vi sørger for å synkronisere marknadsføring, teknologisk utvikling og levetid på produkta. På den måten kan vi "avlive" eit produkt i god tid før reklamasjonane vert for plagsomme. Har marknadsføringsfolka gjordt jobben sin, vil forbrukaren oppfatte eit havari kun som eit godt påskot til å kjøpe seg det siste nye. Motivasjonen til å nytte seg av forbrukarrettane vert heller små.

Så kjem dei store spørsmåla. Kor lenge kan dette vare ? Er det mogleg å kombinere ein økonomi som baserer seg på ein slik tenkemåte med truverd i miljø- og energipolitikken ?

Kan det tenkast at vi må vi finne opp hjulet på nytt? Eller vil det hjelpe om vi som forbrukarar vert flinkare til å stå på krava? Ein mobiltelefon skal vare i 5 år. Ein MP3-spelar kjøpt på Europris for 29 kr skal vare i allefall 2 år.


Ingen kommentarer: