fredag, januar 26, 2007

Til å få hovudverk av


Eg trur at eg minst ein stad her på bloggen har skrive at ein bør kunne ha to tankar i hovudet på ein gong. No har eg endå ein gong erfart at dette ikkje er uproblematisk. Det finst tankar som rett og slett ikkje let seg kombinere og oppfører seg som hund og katt oppe hjernekassen.

Eg las eit par ting i går som er bakgrunnen for ufreden:

På oljekrisa.no fann eg ei lenke til ein artikkel skrive av Torbjørn Rydberg, forskingsleiar ved CUL (senter for berekraftig jordbruk) i Uppsala. Overskrifta var :

-Vi tar mer och mer från naturen och blir vi dermed rikare ?

Eg kjempa meg gjennom dei 6 sidene på vanskeleg svensk og skriftsorleik 8, ja.. 10 då for kjentfolk. Det var absolutt verd innsatsen.

Eg har plukka ut eit par brotstykke og etter fattig evne omsett det til enkel norsk:

Det vert meir og meir openberrt at allt heng i hop her på jorda. Kunnskap om og innsikt i dette vil i lengda vere avgjerande for velstanden og i siste instans, overlevinga vår.

Vi veit i dag at produksjonen er avgrensa både av ressurstilgang og naturen sin kapasitet til å handtere restprodukta. I og med at ein kvar framstillingsprosess krev ressursar, vil han også få konsekvensar på begge desse områda.. Opptørkande oljekjelder, minkande regnskogar, klimaendringar, forureina vatn, fertilitetsforstyrringar, algeoppblomstringar og liknande, er berre ulike symptom på same problematikk.

Du finn heile artikkelen her: Trykk (Last ned og lagre i tilfelle lenka skulle vert broten. Dette er berre for bra til at det skal forsvinne i det blå)

Eg angrar på det no, men eg var også innom aftenposten.no og der kunne eg lese:

- Estetikk er den nye moralen

Estetikk er blitt den nye moralen - vi dømmes ut fra vår dårlige smak, sier seniorkonsulent Marius Jensen i Opinion. Nå er det helt greit å gå på trygd - men det er ikke helt greit å se dårlig ut eller å ha det stygt hjemme.
Han viser til at både interiør og klær er blitt så billig at man ikke lenger har noen unnskyldning for å ha et utdatert hjem eller en haugete garderobe - stort sett alle kan bruke et par hundrelapper på IKEA eller HM og se helt bra ut og få det fint hjemme.
- Så kan du kanskje dømmes for å ha et IKEA-hjem - men ikke for at du har det stygt - for det ser jo bra ut, sier han.
Når alle kan og skal ha det fint hjemme, er det nå detaljene som avgjør - og som avslører deg.
- The Devil - eller din indentitet - is in the details.

Du finn heile artikkelen her:Trykk

Eg kjem ikkje til å legge mykje energi i å mekle mellom urokråkene i hausen. Dersom dei ikkje roar seg snart, vil eg sleppe ut den eine. Det vert ikkje noko vanskeleg val.


Ingen kommentarer: