søndag, mars 05, 2006

Er ei god nyheit alltid godt nytt ?


Det går så det grin i det lokale næringslivet for tida. Bustadbygginga i Møre og Romsdal var rekordstor i fjor, og bransjen har fulle ordrebøker. I Kristiansund åleine er det planlagd 450 nye bustader. Ein skulle tru at dette var godt nytt og isolert sett er det vel det også.

Men så var det dette med å ha to tankar i hovudet på ein gong. Ei av dei sakene som er mest framme i lokale media for tida er den komande kraftkrisa i Midt-Norge. Vi har allereie underdekning av elektrisk kraft og når Ormen Lange vert sett i drift, vil underskotet verte så stort at vi kan risikere straumutfall og rasjonering. At straumprisen vil auke mykje, har vi allereie sett dei første teikna til.

Eit straumforbruk på 20000 kWh i året er ikkje uvanleg i ein einebustad. Kvar nybygd einebustad i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka vil altså bidra til å auke kraftunderskotet med 20000 kWh i året. Samanlikna med auken i kraftbehovet til industrien er kanskje ikkje dette noko å skrike opp om, men likevel........Dei 450 planlagde bustadene i Kristiansund representerer eit forbruk som tilsvarer det ei stor vindmølle produserer. (Ulempen med vindmøller på våre kantar er at dei produserer minst når behovet er størst. Kuldeperiodar og vindstille er trufaste fylgjesveinar hos oss. )

Ingen kommentarer: