torsdag, januar 04, 2007

Pascal Lamy på turné




NHO har også i år samla det som står og går av norske næringslivstoppar og politikarar til sin årvisse konferanse. I år hadde dei m.a. invitert generalsekretær i WTO, Pascal Lamy. I førehandsomtalen i Dagens Næringliv kan vi lese:

-Generalsekretær i WTO, Pascal Lamy, kommer til å omtale Norge som en av verstingene blant proteksjonistene som hindrer den frie verdenshandelen. Mange i salen vil føle seg truffet.

Og dei fekk som bestilt. Pascal leverte varene. I referatet frå same avis kan vi m.a. lese:

-Landbruket vil lide. Norge er positive til 80% av endringene som foreslåes av WTO, anslo Lamy, men svært negative til alt som omhandler landbrukstoll og subsidier.
- Norge tilhører de ti landene som har høyere tollsatser og subsidier enn EU, og det er et rimelig høyt sammenligningsgrunnlag, sa Lamy og mottok nervøs latter fra salen.
- Norge må gi litt. WTO-runden som nå pågår vil helt sikkert føre til lavere tollsatser på landbruksvarer og lavere subsidier, og det vil påvirke dere, sier han.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at norsk landbruk eksisterer i si noverande form avdi det er politisk vilja. Landbrukspolitikken er så komplisert at det har vore hevda at kun bondelagsleiaren og Vårherre har hatt oversikt, men at Vårherre gav seg ein gong tidleg på 70-talet. På den andre side ser eg ein tendens til at skråsikkerheita er proporsjonal med kunnskapsløysa og mangelen på evne eller vilje til å sjå på emnet i større samanheng.

Ein kan meine kva ein vil om tollsatsar og offentlege subsidiar, men det er trass alt eit system som er ope for innsyn. Alle opplysningar er tilgjengelege og einkvar kan gjere seg opp si eiga meining. Vi lever i eit demokrati og har såleis den landbrukspolitikken politikarane på stortinget vedtek.

USA er eit av landa som pressar mest på for å få Noreg til å redusere overføringane til landbruket. Der i garden er ikkje alt like gjennomsiktig som her. Eit døme:
Kina er i ferd med å stå fram som den verkelege økonomiske stormakta i verda og for å omskrive ein gamal "good saying", så vil verda gå den vegen Kina sparkar. Det gjeld altså å få Kina til å sparke rette vegen. For ein nasjon som produserer matvarer som skal omsetjast på verdsmarknaden, vil ein høg pris vere positivt. Korleis kan ein då påverke verdmarknadsprisen på ein måte som ikkje vert oppfatta som ulovleg konkurransevridning. Ja, då kan ein til dømes gjere slik som U.S. Grains Council. Dei arrangerer seminar i Kina som har som målsetjing å auke mjølkeproduksjonen der. På den måten vil kraftforbehovet auke og Kina sin eksport av t.d. mais vert redusert, noko som fører til ein høgre marknadspris. Det går an om du er stor og sterk nok. Les meir her



No er situasjonen i Noreg slik at vi kan legge ned heile landbruket og setje alle bønder på trygd utan at arbeidsløysa bli høgre enn ho var midt på 80-talet. Handterbart med andre ord. At ein vil skape tusenvis av gjeldsslavar og personlege tragediar er ei heilt anna sak. Men eg har til gode å verte overtydd om at dette vil hjelpe dei verkeleg fattige i verda. Dei som er avhengige av å kjøpe mat vil i alle høve ikkje ha fordel av høgre prisar.
Marknadsfundamentalistane hevdar at styresmaktene sin næringspolitikk skal avgrense seg til å skape det ein på engelsk kallar "even playing field". Men det hjelp ikkje med fin bane når ein ikkje får vere med å spele eller ikkje har råd til fotballsko.
PS I og med at mais er hovudråvare til bioetanol i USA, vil lagnaden til denne planten vere verd å fylgje med på. Du finn enormt mykje på nettet om dette. Les t.d. meir her

1 kommentar:

pegese3 sa...

Som sagt, det skjer mykje på mais-marknaden. No har altså enkelteksportørar i Kina slutta å eksportere mais då det innanlandske forbruket er i ferd med å verte større enn produksjonen. Les meir her: http://www.soyatech.com/bluebook/news/viewarticle.ldml?a=20070105-7