fredag, februar 09, 2007

Eit haldepunkt for eigne meiningar


I Sverige kranglar dei for tida så busta fyk om bioetanol. Som kjent har broderfolket ein ambisjon om å gjere seg uavhengige av oljen, og det å erstatte bensin med etanol som drivstoff til bilparken er ei viktig brikke i satsinga. Det verka ei stund som om allt var fryd og gaman, men det var nok berre på overflata. No har skeptikarane våga seg ut på banen og eg let Torbjørn Rydberg, som eg presenterte i eit tidlegare innlegg her på bloggen, vere talsmann for dei:

-Att ersätta bensin med etanol är rena lurendrejeriet. Det går åt mer energi att framställa den än vad man får ut när man gör en bredare analys av allt bakomliggande arbete, menar lantbruksforskaren Torbjörn Rydberg.
- Den enda långsiktigt hållbara vägen blir att ställa om och i högre grad utnyttja sol, vind och vatten och utveckla samspelet med naturen. Inte som i dag genom att öka vår välfärd genom effektiviserade tömningsprocesser av naturen.
Heile artikkelen finn du her: Trykk

Det er klart at slikt ikkje vert ståande uimotsagt all den tid bioetanolen er omfatta av så mykje prestisje og økonomiske interesser. Og kritikarane får passet sitt påskrive så det held:

-Okunnighet är förståelig, allmänt och grötmyndigt tyckande är påfrestande, men påståenden och "tyckande" i den allmänna debatten om dessa komplexa och allvarliga systemfrågor med argument som gränsar till medveten desinformation är oförsvarligt i dessa viktiga sammanhang.
Heile artikkelen finn du her: Trykk

Så kven skal ein tru på ? Det er i alle fall ikkje studiepoenga som manglar på nokon av sidene i debatten. Tørre tal overtyder visst ingen. Kan hende må kjenslene mobiliserast og då kan det hende at ei lita forteljing kan vere til hjelp.


I Mexico bur der mykje folk, omlag 105 millionar. Desse er spreidde rundt i eit land som er seks gonger større enn Noreg. Til dagleg et ein gjennomsnitts mexicanar uhorvelege mengder tortillas, maislomper, gjerne 8-10 stykk. På 80-talet var landet sjølvforsynt med mais, men tidleg på 9o-talet underteikna Mexico NAFTA-avtalen, ein amerikansk frihandelsavtale. Allereie første året vart maisimporten frå USA tidobla samstundes som at 700000 mexicanarar reiste til USA på jakt etter arbeid og konkursraset blandt småbøndene starta. I løpet av dei første 10 åra med NAFTA gjekk 1,3 millionar av dei konkurs og du finn dei no i slummen i storbyane eller i lavstatusjobbar i USA. No 13 år etter NAFTA, har USA ei arbeidsinnvandring på 1 million i året frå Mexico og Mellom-Amerika.



I fjor gjekk det frå vondt til verre og no rår det opprørsliknande tilstandar i maisen sitt heimland. Tortillaen har vorte opp til 4 gonger dyrare på kort tid. Årsaka til elendet er at USA, som også skal verte meir uavhengig av olje har satsa stort på maisbasert bioetanol. Dette har ført til at maisprisane har stige dramatisk og ettersom bioetanolproduksjon er sterkt subsidiert, "tåler" denne industrien høge prisar. Eksporten er også redusert til eit lavmål grunna auka innanlandsk forbruk. No kan ein sjølvsagt spørje seg: Kvifor kan ikkje berre mexicanarane dyrke sin eigen mais no då ? Dette kan delvis forklarast med at eigarstrukturen i mexicansk landbruk har endra seg dramatisk siste åra og storbønder og multinasjonal agribusiness disponerer no ein stor del av jorda i landet. Det er ikkje sjølvsagt at dei vil dyrke kvit mais (folkemat) til sjølvberging når dei tener betre på å dyrke gul mais (eigna til kraftfor og etanolproduksjon).

For meir stoff om denne saka, kan dette vere ein fin stad å starte : Trykk

Eg vil påstå at vi kan lære eitt og anna av denne soga:

Dei som hevdar at storstilt satsing på biodrivstoff ikkje vil påverke matvaresituasjonen i verda, tek feil. For det har allereie skjedd. Matvarelagera i verda er allereie på eit lavmål og er framleis minkande.

Det er dei fattige som først vert råka av dette.

Frihandel, agribusiness og biodrivstoff har vist seg å vere ein kombinasjon som kan ha uheldige fylgjer. (Utilsikta vonar eg)

Matproduksjon er ikkje noko ein berre kan slå av og på over natta.

Så no kan du sjekke deg sjølv. Kven har du lyst til å tru på ? Eller, kven trur du du burde tru på? Det er her litt heimesnikra empiri kan vere til hjelp. Eg har i grunnen stor tru på han.


empiri (av gr.), det som bygger på erfaring; erfaringslære. — empiriker, forsker, vitenskapsmann som bygger på erfaringen. — empirisk, erfaringsmessig. — empiriske vitenskaper, vitenskaper som bygger på eksperiment og erfaring.

Elles vil eg anbefale at de les dagens innlegg på "Kveldssongen". Der i garden fokuserer dei på ei anna side av same sak. Ta sats og hopp. Trykk



11 kommentarer:

Tomtønna sa...

Den svenske debatten er interessant! Eg meiner at etanolproduksjon frå matvarer (- til drivstoffformål) er ein blindveg. Etanol frå cellulose kan vere noko anna, dersom ein får til ei enzymatisk nedbryting. Dette ligg førebels inn i framtida. Så langt er det vel gassifisering og bruk av syntesegass og Fischer-Tropsch som gjeld. Er det nokon som veit kva det er svenskane driv med? Linkar?

pegese3 sa...

Legg ved eit par lenker til Sverige

Svenske landbruksuniversitet SLU
www.slu.se

Agroetanol
www.agroetanol.se

Kan opplyse at Sverige no sannsynlegvis vil fjerne tollen på utanlandsk bioetanol. Dette vil gjere innanlandsk produksjon ulønsam og svenske bilar vil dermed verte drivne av brasiliansk sukkerrørsetanol. Denne produksjonen er ikkje akkurat kjend for å vere særleg helsesam eller lønsam for arbeidarane.

Anonym sa...

Kära broderfolk!
Svenska massmedia är tyvärr, om möjligt, ännu sämre än den norska ;)
och det är huvudsakligen i media som etanol är så himla hypat.

Huvudspåret avseende biobränslen i Sverige är inte etanol, utan snarare DME - DiMetylEter. Givetvis kommer detta inte ensamt ersätta all olja i drivmedelssektorn, men det kommer ge ett stort och hållbart tillskott.

Några använbara länkar:

Oljekommissionens rapport (se sidan 33)
http://www.regeringen.se/content/1/c6/07/57/91/b9f3b671.pdf

Om DME och produktion
http://ekohus.be/sol/dme.html

Presentation om DME som motorbränsle
http://www.gasforeningen.se/upload/files/seminarier/gasdagarna2006/foredrag/9_lars%20j%20pettersson.pdf

Volvo satsar på DME
http://www.greencarcongress.com/2007/01/volvo_invests_i.html#more

Japan satsar på DME
http://www.greencarcongress.com/2007/02/japanese_compan.html#more

DN har fattat att DME är bra
http://www.dn.se/DNet/jsp/polopoly.jsp?d=1064&a=615850

Vovlo Truck om DME
http://www.volvo.com/NR/rdonlyres/A9A59F6A-AA6F-4F8E-A048-BF9D6DE505DB/0/future_fuels_large.pdf

Det enda försvaret som finns för användning av vete för tillverkning av biodrivmedelsetanol är följande:
"På grund av EUs perversa jorbrukssubventioner har vi ett överskott av Vete i Sverige, det är bättre att göra etanol av detta än att bara bränna det."

/ Sven Svensson Svensk

pegese3 sa...

Tusen takk for alle lenkene. Ser at du har skaffa meg tilgang til mykje interessant lesestoff. Berre eit lite spørsmål. Går ut frå at DME blir produsert ved å nytte Fischer-Tropsch, eller er finst det alternative framstillingsmåtar?

Anonym sa...

Hallå pegese3!
Nej, man använder inte Fischer-Tropsch, det är en ganska inneffektiv process. Det sätt DME framförallt ska produceras på är via förgasning av "svartlut" (restprodukt från pappersmassatillverkning). Syntesgasen man får från detta oxideras sedan till Metanol som sedan dehydreras till DME. Detta ger klart större energiutbyte än att använda F-T på syntesgasen. Dessutom har DME inga kol-kol bindningar vilket innebär att det inte bildas något sot (partiklar) vid förbränning.

Kolla sidan 35 på denna presentation.
http://www.gasification.org/Docs/2006_Papers/27LAND.pdf
Syntetisk Diesel (F-T diesel) är givetvis bättre än etanol, men DME från svartlut är det smartaste well to wheel

pegese3 sa...

Takk for respons

Berre eit lite spørsmål:

På heimesidene til "gasification" går det fram at prosessen har vore kjend og i kommerielt bruk i 50 år.
Er det då nokon grunn til at Sør-Afrika under boikotten framleis nytt FT-prosessen for å framstille flytande drivstoff av kol? Er det bensin/diesel-relatert?

Anonym sa...

Gasification är inget nytt. Att uphetta kol eller kolväten med begränsad syretillförsel ger en bränbar gas. Den kallas syntetgas eller "syngas". Stadsgasen i Stockholm gjordes genom gasification av kol under många decenier. Under WWII körde vi många bilar på "gengas". Gengas och syngas är samma sak.Gasen består av CO, H och lite annat smått och gott.

När man nu har fått sin syngas, då är frågan vad man gör med den. Fischer och Tropsch var två tyska kemister på 30-talet som tog fram en process för att göra flytande bränslen av syntesgas. Detta fungerar utmärkt och Sydafrika använde denna process under Apartheid. F-T processen ger dock ganska stora processförluster och om man istället gör DME av syntesgasen så blir förlusterna mindre.

Målet är ju att få så många kilometer bilfärd per kilo biomassa som bara är möjligt. Dels eftersom ekonomin blir bättre då och dels eftersom resursen biomassa är tämligen begränsad.
Det senare verkar ju inte Etanol-lobbyn begripa vilket så förtjänstfullt tas upp på denna sida

/ Sven Svensson Svensk

pegese3 sa...

Takk endå ein gong

Skal merke av veke 7 år 2007 som ei av vekene då eg verkeleg lærte noko.

Det merkelege er at på heimesidene til Zero Norge, som liksom skal vere ekspertane her i landet, kan ein få intrykk av at FT er framtida.

berre sjå her:
http://www.zero.no/transport/bio/hva-er-syntetisk-biodiesel

Anonym sa...

Den stora fördelen med FT är att man kan tillverka bränslen som passar dagens vagnpark och distributionssytem. Jag tror och hoppas dock att man låter energieffektivitet vara det viktigaste och då är DME att föredra.

Här nämns DME i förbifarten i varje fall
http://www.zero.no/transport/bio/biomass-and-biofuels

Rune Likvern sa...

Flott innlegg og oppklarende diskusjon.

FT (Fischer-Tropsch og ikke Financial Times) brukes også for å konvertere naturgass til flytende drivstoff og voks. I dag er verdens kapasitet med naturgass som føde begrenset, så vidt jeg husker er det et anlegg i Bintulu (Indonesia?) operert av SHELL med kapasitet 10 – 15 kb/d, og et nytt større er under bygging i Qatar (Ras Laffan) som kan oppgraderes til en kapasitet på 120 – 140 kb/d fra 2009/2010 (også SHELL).

Sasol i Sør Afrika bruker kull som føde og husker jeg riktig har dette anlegget en kapasitet på 30 kb/d.

Ulempen ved GTL (FT prosessen) er at den er svært energiintensiv, da kun 60 – 70 % av energien som fødes inn som naturgass kommer ut i den andre enden som flytende drivstoff/voks. Sluttproduktet fra GTL er svært rent og gir reduserte utslipp relativt søsterprodukter fra råolje.

pegese3 sa...

Ser av heimesidene til landbruksdepartementet at landbruksministeren vår, Terje Riis-Johannesen denne helga er på turné i Sverige for å lære meir om bioenergi. Han skal m.a. besøke Chrisgas, http://www.chrisgas.com/

Det verkar som om norsk satsing på biodrivstoff er prega av tilpasning til eksisterande motorteknologi. Mange har interesse av det. Men på eit tidspunkt må vel også vi satse på dei mest energi-effektive løysingane som t.d. DME.